I Threw It All Away

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«I Threw It All Away»
Singel av Bob Dylan
frå albumet Nashville Skyline
B-side «Drifter's Escape»
Utgjeve 1969
Innspelt 1969
Sjanger Country, country rock
Lengd 2:23
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston
Bob Dylan-kronologi
«All Along the Watchtower»
(1968)
«I Threw It All Away» «Lay Lady Lay»
(1969)

«I Threw It All Away» er ein song av Bob Dylan på albumet Nashville Skyline frå 1969. Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet. Han nådde 85. plass i USA og 30. plass i Storbritannia. Songen vert rekna som ein av dei beste og mest populære frå albumet.[1]

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

«I Threw It All Away» var ein av dei første songane som vart skriven for Nashville Skyline og ein av berre to nye songar som heilt sikkert vart skriven før innspelinga starta (Lay Lady Lay var den andre).[2] Dylan spelte songen for George Harrison og kona hans Patty i november 1968 og Harrison vart visstnok så pass imponert at han lærte seg songen.[2][3] Det var den andre songen som vart spelt inn for Nashville Skyline, etter «To Be Alone With You», den 13. februar 1969.[2][3]

«I Threw It All Away» har ein fengande melodi og ein tekst som seier at kjærleik er alt me treng. Det får jorda til å gå rundt.[4] Songen omhandlar tapt kjærleik etter at ein har vore vond og sint. Det har vore spekulasjonar om kven Dylan syng om.

I motsetnad til mange av songane Dylan skriv om mislukka forhold, som «Don't Think Twice, It's All Right», «It Ain't Me, Babe» og «One of Us Must Know (Sooner or Later)», tar Dylan ansvar for brotet i denne songen.[5] Songen er òg tolka som eit portrett av musen til Dylan.[3]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nashville Skyline review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/nashville-skyline-r6423. Henta 7. mars 2010. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Heylin, C. (1995). Bob Dylan: The Recording Sessions. St. Martin's Griffin. ss. 74–76. ISBN 0-312-15067-9. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Heylin, C. (2009). Revolution in the Air. Chicago Review Press. ss. 388–389. ISBN 978-1-55652-843-9. 
  4. «Nashville Skyling: Bob Dylan Review». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/reviews/album/314248/review/6068245. Henta 7. mars 2010. 
  5. Trager, O. (2004). Keys to the Rain. Billboard Books. ss. 316–317. ISBN 0-8230-7974-0. 
  6. 6,0 6,1 «I Threw It All Away covers». allmusic. http://www.allmusic.com/cg/amg.dll?p=amg&sql=17:2120041. Henta 7. mars 2010.