Sommar-OL 1896

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei 1. olympiske sommarleikane

Framsida til rapporten frå leikane.
Vertsby Aten i Hellas
Nasjonar 14
Øvingar 43
Idrettsgreiner 9
Opna 25. marsjul./ 6. april 1896greg., av Georg I av Hellas
Avslutta 3. apriljul./ 15. april 1896greg.
Utøvarar
Menn 241
Kvinner 0
Totalt 241
Dei olympiske sommarleikane
Paris 1900

Sommar-OL 1896, offisielt Dei 1. olympiske sommarleikane, vart halde i Aten i Hellas. Dette var dei 1. olympiske leikane som vart haldne i moderne tid, etter at Den internasjonale olympiske komitéen (IOK) vart stifta i 1894. Grekarane hadde lita erfaring med å arrangera store idrettsstemne, og mangla òg pengar i byrjinga, men dei fekk til slutt alt klårt i tide for leikane.

Etter leikane vart føregangsmannen Pierre de Coubertin og IOK bedne av fleire, mellom anna kong Georg I av Hellas og fleire amerikanske utøvarar, om at OL alltid måtte haldast i Aten. Men sommar-OL i 1900 var allereie tildelt Paris, og det skulle gå 108 år før Aten att vart vertsby for leikane i 2004. Hellas arrangerte likevel leikane i 1906, men desse er ikkje offisielt anerkjend av IOK.

Arenaer[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Arenaer under sommar-OL 1896.

Opningsseremonien på Panathinaïkó Stádio.
Arenaer Idrettar Kapasitet
Ómilos Andisfírisis Athinón[1] Tennis Ukjend
Liménas Zéas[2] Symjing Ukjend
Kallithéa[3] Skyting Ukjend
Marathónas[4] Friidrett (maraton) og sykling (landevegssykling) Ukjend
Podilatodrómio Néou Falírou[4] sykling Ukjend
Panathinaïkó Stádio[4] Friidrett, gymnastikk, vektløfting og bryting 80 000
Záppeio Mégaro[5] Fekting Ukjend

Bukta Liménas Zéas vart nytta til symjing av di arrangørane nekta å byggje ein symjearena.[6]

Kalendar[endre | endre wikiteksten]

   ●    Opningsseremonien    ●    Øvingar    ●    Finalar    ●    Avslutningsseremonien
April 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15
Seremoniar
Friidrett
Sykling
Fekting
Gymnastikk
Skyting
Symjing
Tennis
Vektløfting
Bryting
April 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Opningsseremonien[endre | endre wikiteksten]

Opningsseremonien på Panathinaïkó Stádio.

25. marsjul./ 6. april 1896greg. vart dei 1. olympiske sommarleikane offisielt opna. Hellas nytta på den tida den julianske kalenderen og det var dimed påskedag for både vestlege og austlege kristne kyrkjar og årsdagen for sjølvstende til Hellas.[7] Panathinaïkó Stádio var fylt med om lag 80 000 tilskodarar, inkuldert kong Georg I av Hellas, dronning Olga av Hellas og sønene deira. Etter ein tale frå presidenten i organisasjonskomitéen, kronprins Konstantin av Hellas, vart leikane offisielt opna av kong Georg I av Hellas:[8]

«Eg erklærer opninga av dei 1. olympiske leikane i Aten. Lenge leve nasjonen. Lenge leve det greske folket.»

Etterpå framførte ni musikkgrupper og 150 korsongarar ein olympisk hymne, komponert av Spyrídon Samáras, og med tekst av diktaren Kostís Palamás. Hymnen har sidan 1958 vore den offisielle OL-hymnen.[8]

Avslutningsseremonien[endre | endre wikiteksten]

31. marsjul./ 12. april 1896greg. heldt kong Georg I av Hellas ein bankett for tenestemenn og idrettsutøvarar, sjølv om ikkje alle tevlingane vart halden. I sin tale gjorde han det klårt at Dei olympiske leikane alltid måtte haldast i Aten. Den offisielle avslutningsseremonien vart halden 3. apriljul./ 15. april 1896greg. etter å ha vorte utsett av di det regna for mykje dagen før. Den greske kongefamilien deltok på seremonien, som vart opna med den greske nasjonalsongen og ein ode komponert på gamalgresk av den britiske friidrettsutøvaren George S. Robertson.[9]

Etterpå fekk kongen dele ut medaljar til medaljevinnarane. Det var berre dei to beste plasseringane som fekk medalje, men IOK har seinare gjeve gull-, sølv- og bronsemedaljar til dei tre beste plasseringane i kvar tevling for at det skal samsvare med nyare tradisjonar. Nokre fekk òg ekstra premiar, som mellom anna Spyrídon Loúis, som fekk ein kopp av Michel Bréal, ein venn av Pierre de Coubertin, som hadde sett maratonet. Loúis leia dei andre medaljevinnarane på ein æresrunde på Panathinaïkó Stádio medan Den olympiske hymnen vart spelt på nytt. Kongen annonserte deretter formelt at dei 1. olympiske sommarleikane var slutt, og forlét stadionet, medan den greske nasjonalsongen vart spelt.[9]

Som den greske kongen støtta mange andre idéen om å halde dei neste leikane i Aten. Dei fleste av dei amerikanske utøvarane var samd i dette og signerte eit brev til den greske kronprinsen, Konstantin av Hellas, som var president i organisasjonskomitéen. Coubertin var imot idéen og såg føre seg internasjonal rotasjon som ein av hjørnesteinane i dei moderne olympiske leikane. Dei neste leikane vart halden fire år seinare i den franske hovudstaden Paris, sjølv om dei kom i skugga av Verdsutstillinga i Paris 1900.[10]

Nasjonar[endre | endre wikiteksten]

Nemninga «landslag» var ikkje ein stor del av den olympiske rørsla før ti år seinare. Ifylgje IOK var det 14 nasjonar og tre blanda lag. Nokre meiner det berre var tolv nasjonar, unteken Chile og Bulgaria, andre meiner det var 13, inkludert dei to, men unteken Italia. Egypt er òg nokre gonger inkludert på grunn av deltakinga til Dionýsios Kásdaglis. Belgia og Russland skulle ha delteke, men trekte seg.

Utøvarar.
Europa (248)
Amerika (14)
Oseania (1)

Dei greske resultata inkluderer òg resultata til idrettsutøvarane frå Kypros og Smýrna, sjølv om desse områda høyrte til under høvesvis Storbritannia og Det osmanske riket. Australia var ein del av Storbritannia, men resultata til Edwin Flack er oppgjevne som om han deltok for Australia. Austerrike og Ungarn deltok som to ulike land, sjølv om båe var ein del av Austerrike-Ungarn. Resultata til utøvarane frå Vojvodina er rekna til Ungarn, men Vojvodina er i dag ein del av Serbia, samt Slovakia. Den bulgarske olympiske komitéen hevdar at turnaren Charles Champaud deltok som bulgarar. Champaud var ein sveitsisk statsborgar busett i Bulgaria. Mallon og de ​​Wael lista båe Champaud som sveitsisk. Den chilenske olympiske komitéen hevdar å ha hatt ein idrettsutøvar, Luis Subercaseaux, som deltok på 100, 400 og 800 meter i friidrett. Ingen ytterlegare detaljar er gjevne, og det vert ikkje nemnt av Subercaseaux i de Wael eller den offisielle rapporten. Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland har historisk opprettheldt separate atletiske organisasjonar for kvar av sine konstituerande land. Det viktigaste untaket har vore OL, der landet vart rekna som ein eining. Landet har konvensjonelt nytta namnet «Great Britain» (Storbritannia) i OL i staden for den meir vanlege forkortinga «the United Kingdom» (Det sameinte kongeriket).

██ Vertsby. ██ Nasjonar som deltok. ██ Nasjonar som ikkje deltok.

Medaljefordeling[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Medaljefordeling under sommar-OL 1896.

Alle vinnarane i 1896 vart tildelt ein sølvmedalje.

Ti av dei 14 deltakande landa fekk medaljar, i tillegg var tre av medaljane tildelt blanda lag. USA vann flest gullmedaljar (11) medan vertslandet Hellas vann mest medaljar totalt (46). Hellas fekk òg flest sølvmedaljar (17) og bronsemedaljar (19), i tillegg til at dei fekk éin gullmedalje mindre enn USA.

I 1896 fekk vinnaren ein sølvmedalje, ein olivengrein og eit diplom. Andreplassen fekk ein kobbarmedalje, ein laubærgrein og eit diplom. IOK har seinare gjeve gull-, sølv- og bronsemedaljar til dei tre beste plasseringane i kvar tevling for at det skal samsvare med nyare tradisjonar.

Vinnaren fekk ein sølvmedalje med bilete av andletet til Zevs. I handen held han ein globus.
Andreplassen fekk ein koppermedalje med bilete av Akropolis og, på gresk, teksten: «Dei internasjonale olympiske leikane i Aten i 1896».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. OOA: History of the Athens Lawn Tennis Club, arkivert frå originalen 29. september 2010, henta 1. september 2012 
  2. Wallechinsky, David and Jaime Loucky (2008). "Swimming (Men): 100-Meter Freestyle". In The Complete Book of the Olympics: 2008 Edition. London: Aurum Press Limited. pp. 897-8.
  3. La84foundation: 1896 Summer Olympic official report
  4. 4,0 4,1 4,2 La84foundation: 1896 Summer Olympics official report
  5. Zappeion history. Arkivert 2008-09-21 ved Wayback Machine. - accessed 3 October 2010.
  6. Lennartz, Karl; Wassong, Stephen (2004). «Athens 1896». I John E. Findling, Kimberly D. Pelle. Encyclopedia of the Modern Olympic Movement. Greenwood Publishing Group. ISBN 0-313-32278-3. OCLC 52418065. . p. 23.
  7. Coubertin (1896), 42
    *Martin–Gynn (2000), 7–8
  8. 8,0 8,1 Athens 1896 – Games of the I Olympiad, International Olympic Committee
  9. 9,0 9,1 Coubertin (1896), 50
  10. Young (1996), 156