Stjernespel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Die heiligen drei Könige mit ihrem Stern (1883). Gravering av Meisenbach etter eit måleri av Alois Gabl.

Stjernespel eller stjernesong er ei folkeleg juledramatisering av underet kring fødselen til Jesus og forteljinga om heilage tre kongar eller vise menn som følgde Betlehemsstjerna fram til stallen der Jesusbarnet blei født. Slike førestillingar finn blir i dag gjerne utført i romjula fram til heilagetrekongarsdag (6. januar) av barn eller vaksne som går i opptog eller frå dør til dør og framfører spelet. Til gjengjeld kan dei få mat og drikke eller pengar. Det finst mange ulike stjernespeltradisjonar som har utvikla seg gjennom tidene på ulike stader.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Heilage tre kongar, slik dei etterkvart framstod i folketrua, på eit tysk frimerke.

Stjernespel oppstod i oldkyrkja. Frå 900-talet byrja ein for alvor å feira dei tre vise menn, kongar, stjernetydarar eller magerar (magi). Det at Betlehemsstjerna synte seg og dei følgde henne til Jesusbarnet i stallen i Betlehem verka som sanningskriterium for det underbare ved Jesus sin fødsel. Denne bodskapen var viktig å få fram for prestane, som kledde seg ut som kongane i fargerike klede og framførte hendingane som del av gudstenester. Med deltaking frå kyrkjelyden blei stjernespel etterkvart så omfattande at dei måtte flyttast frå kyrkja ut til kyrkjegardane.[1] Seinare blei dei også framført ute på torg og gater. På 1300- og 1400-talet byrja folk å laga eigne opptog som gjekk frå hus til hus med julespelet.

Med innføringa av protestantismen i fleire nordeuropeiske land mista katedralskular inntektskjeldene sine til kongemakta og statsapparatet. For katedralskuleelevane blei dermed stjernespelet ein nyttig kjelde til turvande ekstrainntekter. Lenge hadde desse elevane einerett på å stjernespela, men seinare blei det utvikla ulike lokale stjernelaug.

Stjernespelskikken var vanleg i heile Europa, men har i stor grad har forsvunne frå Norden og Storbritannia. Skikken døydde ut fleire stader i løpet av 1800-talet. Ofte blei han sett på som uorden og uønska tigging, og forboden. Nokre stader i Noreg blei han halden i hevd gjennom 1900-talet, som i Grimstad og på sunnmørsøyane Vigra, Giske og Valderøy. I 1920-åra blei stjernespel gjeninnførte i Oslo og Bergen. I Sverige har stjernegutar blitt del av andre tradisjonar, som luciafeiring og Staffan stalledräng.

I Sentral-Europa har derimot tradisjonen med stjernespel og stjernesongarar halde seg ved like. Fleire stader held «stjernesongarar» ei organisert innsamling av pengar til veldedige føremål. Det er ofte ungar som er stjernesongarar, men nokre stader tek også vaksne oppgåva. I spansktalanade land er skikken med stjernespel blitt til eit heilagetrekongaropptog, Cabalgata de Reyes Magos, der dei utkledde kongane kjem med gåver.

Deltakarar og utstyr[endre | endre wikiteksten]

Ei gruppe austerrikske Sternsinger (stjernesongarar) tilknytt katolske Pfarrkirche i Inzerdorf.
Tyske stjernesongarar i Bonn med stjerner og utkledd kamel.

Dei tre vise menn er hovudpersonar i dei fleste stjernespel, og desse kler seg gjerne ut som framandlandske kongar eller mystikarar. Elles bruker ein ha ei stor stjerne dei kan følgja, andre personar frå juleforteljinga og Nytestamentet elles, og eventuelle andre personar som ein har teke i bruk lokalt.

Stjerna som har gjeve namn til skikken mange stader er ein modell av betlehemsstjerna, ofte av papir med eit lys inni. Ho hadde eit rammeverk av tre og sat på eit skaft. Stjerna kunne ha haldarar for eitt til tre talglys, og eit gjennomsiktig papirlag ytsts, til dømes oljepapir eller såkalla karduspapir. Ofte er det slik at stjerna alltid skal vera i rørsle, noko som hindra papiret i å bli så varmt at det tok fyr. I dag bruker ein gjerne ei stjerne utan brannfarlege levande lys.

Dei tre kongane kan ha kappar, store skjorter eller draperte laken på seg, og høge eller spisse hattar eller turbanaktige plagg. Den einaste staden i Bibelen som omtalar vise menn er i evangeliet etter Matteus (Matt. 2,1–18), som verken nemner tal eller namn på dei. Tidlege kristne hadde derfor ulike oppfatnigar av kven og kor mange dei var. Origenes (ca. 185-ca. 254) meinte dei måtte ha vore tre ettersom Jesusbarnet fekk tre gåver. Først i legendaria dukka namna Kaspar, Melkior og Baltasar opp. I framstillingane fekk dei ulike eigenskapar. Kunstnarar framstilte Kaspar som ung, Melkior som middelaldrande og Baltasar som gammal. Seinare blei dei nokre stader framstilte som av ulike nasjonalitetar, som persar, babylonar og arabar eller mørkhuda afrikanar. Mange stader vil ein av kongane ha teke sot eller liknande i fjeset for å sjå mørkhuda ut.

I tillegg til dei tre kongane har ein hatt ulike deltakarar i stjernespelet. Dei mest sentrale figurane er Josef med tømmermannsbila, jomfru Maria med ei dokke og Judas med pungen. Judas er sjølvsagt ein anakronisme, men hadde ein viktig rolle i spelet fordi det var hans oppgåve å samla inn pengar og gåver etter førestillingane. Herodes var nødvendig dersom ein ville visa forfølgings- og kampsenar. Gjetarar og englar kunne også vera med. I tillegg har ulike område hatt ekstrafigurar, som Knecht Ruprecht i tysk tradisjon, stjernegutar og musikantar som bidreg til å lydmåla hendinga.

Stjernespel i ulike land[endre | endre wikiteksten]

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Den eldte omtalen av skikken frå Noreg er av bergensbiskopen Absalon Pederssøn Beyer. Eit dagboksnotat for 6. januar 1563 fortel at han har vore til gjestebod hjå presten Mats Skytte. Beyer fortel om at: «Der hadde han diskantene og Davidsdegnene, og ga nok vin og øl, og hadde spillemannen Karl harpere, hvilken òg lekte på sin skalmeie. Der kom og julevakten inn, og finge nok.»[2] Beyer fortel ikkje meir om diskantane og davidsdegnane, men dette var sjølvsagt disiplane ved Bergen katedralskole, som skaffa seg pengar til mag otg klede gjennom opptredenen heilagtrekongarsdagen.

I Norden og mange andre stader i Nord-Europa, oppnådde katedralskuleelevane eit slags privilegium på å halda stjernespel. I 1609 braut det ut strid då dei bergenske skreddersvennane våga å kle seg ut som stjernegutar og fremføra stjernespei. For dette fekk dei ein stor bot.

Katedralskuleelevane slutta etterkvart å gå med stjerna som følgje av dekret og krav om å utvisa julefred, aukande pietistisk motstand mot julestover og stjernespel, og kongeleg lovforbod i Danmark-Noreg i 1735 mot alle slag folkelege forlystingar i julehøgtida. I staden tok andre grupper i bruk tradisjonen til å skaffa seg inntekter i løpet av «tiggedagene». Stadig fleire fattige ungar byrja gå frå hus til hus med stjernespel i håp om å samla inn kontantar, kaker og mat, anten på eige initiativ eller med hjelp fra vaksne.

Ved overgangen frå juliansk til gregoriansk kalender,[3] fekk heilagetrekongarsdagen auka tydinga si, ettersom tolvte dag jul med trettandeaften blei liggjande på det som hadde vore julaftan og første juledag. For mange var dermed dagen den «eigentlege» juledagen. Den folkelege tidstenkinga (taksonomi) førte til at ein feira dobbelt opp, både etter gammal og ny tidsrekning, for å vera på den sikre sida.

Medan stjernegutane i fleire hundreår berre var knytt til katedralskulane i Oslo (Kristiania), Stavanger, Bergen og Trondheim spreidde skikken seg, truleg så seint som på 1800-talet, til andre byar og småsteder langs kysten; fra Halden til Vadsø. Stjernespel frå denne tida er skildra i Halden, Fredrikstad, Sarpsborg, Moss, Oslo, Drammen, Tønsberg, Sandefjord, Larvik, Risør, Grimstad, Mandal, Farsund, Flekkefjord, Stavanger, Bergen, Ålesund, Kristiansund, Trondheim, Tromsø, Hammerfest, Vardø og Vadsø, men stjernespel har også funne stad i andre kystnære strok og på enkelte øysamfunn, som Vigra, Giske, Valderøy og Ekkerøy. Dei eneste stadene ein kan snakka om ein ubroten tradisjon som har vart ved opp til 2000-talet er i Grimstad og på Vigra, Giske og ValderøySunnmøre.[4] Sjølv om tradisjonen hovudakleg fanst ved kysten, finst det også spreidde belegg for han i enkelte innlandsbygder i Noreg. Stjernespel er også omtalt iRømskog, Eidskog, vestfoldbygdene Sem, Hof og Lardal, Porsgrunn, Egersund, Sogndal og Lyngen.

Utover på 1800-talet byrja politiet i langt større grad å følgja opp forbodet mot stjernespel. Stjernegutopptoget viste seg for siste gang i Oslo i 1869, og i Bergen i 1898. Begge stader gjorde ein på 1920-talet forsøk på å vekka til live att tradisjonen. I 1924 prøvde barneavdelinga ved Bergen Offentlige Bibliotek å revitalisera spelet ved å få en gammal stjernegutt til å laga ei ny stjerne.[5] I Oslo ser det ut til at skikken gjenoppstod spontant, utan teikn til nokon spesiell arrangør. Gjeninnføringa blei likevel ikkje berre teken imot med glede. Sist i 1920-åra kom det nemleg fleire lesarinnlegg i avisene til protest mot at ungane i hovudstanden hadde tekke opp igjen tiggeriet med å vandre gatelangs med stjerna.[6] Folkedansinstruktøren Klara Semb meinte derimot at at «Hadde ik[k]je polit[i]et kome med forbod mot ”aa gaa med stjerna” – av di dei meinte det var ei form for tigging – so hadde visselig stjerna vandra fraa hus til hus den dag i dag i myrkje julenetter – straala og bore bod.»[7]

Seint på 1900-talet har skikken blitt innført som songspel i barnehagar, skular og kyrkjer, for det meste som underhaldning for foreldra i samband med juleavslutting og utan at ein ber om pengar. I Grimstad går stjerneguttane stadig frå dør til dør og samlar inn pengar til veldedige føremål.

Stjärngossar og Staffan stalledräng i Sverige[endre | endre wikiteksten]

Svenske stjernegutar har kome på sidelinja i høve til Sankta Lucia.

I Sverige har stjerneguttradisjonen tradisjonelt stått sterk, men skikken med stjernespel har til ei stor grad forsvunne. I staden opptrer stjärngossar i samanheng med andre juleskikkar og opptog. Dei er ofte kjenneteikna av høge kjegleforma hattar med stjerner på.

Også i Sverige var stjernespelet opphavleg knytt til heilagetrekongarsdagen eller trettandedagen, men feiringa av denne dagen tapte etterkvart grunn for andre markeringar. Allereie tidleg på 1800-talet var element frå stjernespelet blitt del av Staffansritten andre juledag, 26. desember. Omvendt finn ein også i i eldre kjelder at dei svenske stjerneguttane brukte framføra mellomalderballaden «Staffansvisan» (TSB B 8) i løpet av stjernespelet. Legendevisa følgjer soga slik Johannes av Hildesheim fortalde ho i 1370 om ein viss Stefanus som var stallgut hjå kong Herodes.[8] Trådane blei knytt til stjernespelet ved at det er Stefanus som først får auge på betlehemsstjerna, og er den som røpar for Herodes at det må vera fødd ein ny konge.

Stjernespelet tapte etterkvart terreng for andre julemarkeringar. I 1998 fann likevel ei stor mønstring av stjernegutar i Göteborgtrettondagens afton. Dei rundt 150 deltakarane var alle medlemmer av Göteborg Domkyrkas Gosskör, og heldt gjennom dette ein friluftskonsert i januar dette året. Songarane og familiane deira gjekk i opptog med kjegleforma hattar med påklistra stjerner og fleire stjerne dei bar med seg. Dette var likevel berre ei eingongshending.

I nyare svensk tradisjon inngår stjernegutane som baktropp til det populære luciaopptoget ved feiringa 13. desember. Dette gav også gutar ei rolle i den jentedominerte luciafeiringa. I nyare tid, med ei kjønnsnøytralisering i samfunnet, finst det døme på at både gutar og jenter kan vere Lucia, terner og stjernegutar.

Tiernapojat i Finland[endre | endre wikiteksten]

Finske stjernegutar i 1946.

I Finland har ein bevart eit innhaldsrikt stjernespel der kong Herodes speler ei viktigare rolle enn andre stader. Førestillinga startar med å banka på døra. Når ho blir opna spør Kaspar (Knihdin), med sylindrisk hatt, om stjerna får lov til å koma inn. Så stemmer stjernegutane opp med ein julesong i det dei kjem inn stua. Den svarte kongen, Melkior (Murjaanien), og Kaspar ber begge sverd, medan Baltasar (Mänkillä), med konisk hatt, ber stjerna. Det er Baltasar som slår fast at Jesus må vera kongen dei søker, før dei gjev frå seg gåvene. Samtidig er også kong Herodes, med krone på hovudet, på veg til Betlehem for å drepa Jesus, som han frykter er den nye kongen. Herodes og dei våpenberande kongane kjempar så ein duell.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sternsinger

Litteratur

  • Manfred Becker-Huberti: Die Heiligen Drei Könige. Geschichten, Legenden und Bräuche. Greven Verlag, Köln. ISBN 3774303568.
  • Carsten Bregenhøj: (1974) Helligtrekongersløb på Agersø: Socialt, statistik og strukturelt. (Dansk Folkemindesamling, Skrifter 3). København 1974.
  • Hilding Celander: Stjärngossarna. Deres visor och julspel. (Nordiska museets Handlingar:38). Stockholm 1950.
  • Erik Henning Edvardsen 1993, se Hans Wiers-Jenssen
  • Terry Gunnell: The Origins of Drama in Scandinavia. D.S. Brewer, Woodbridge 1994 (1995).
  • B. Hayward. Galoshins: The Scottish Folk Play. Edinburgh University Press, 1992. ISBN 07486-0338-7
  • Reidar Kjellberg: «Helligtrekonger» (s. 205-210). At gavne og fornøie. Et utvalg av hans arbeider ved Gordon Hølmebakk. Gyldendal, 1984.
  • Frederick J. Marker & Lise-Lone Marker: A history of Scandinavian theatre. Cambridge University Press. 1996.
  • Vera Molland: Stjernesangen. Jule- og helligtrekongersspill. Oslo 1962.
  • Bernt Möller: Stjärngossar och trettondagsspel. Några halländska julseder. (Folkminnen och folktankars skriftserie nr. 4). Malmö 1917.
  • John Paulsen: «En gammeldags julaften». Juleaften. Biglers Forlag. Kristiania [1897].
  • Iørn Piø: Bogen om julen. Historien om julen og dens traditioner. Sesam. København 1998. ISBN 978-87-7258-570-3
  • Klara Semb: «Julestjerna». For Bygd og By nr. 25-26. Julenummer 1925.
  • Kathleen Stokker: Keeping Christmas. Yuletide Traditions in Norway and the New Land. Minnesota Historical Society Press. MS 2000. ISBN 0-87351-390-8.
  • Hans Wiers-Jenssen og Haakon Hougen: Stjernespill og stjernesang i Norge. ”Norvegia Sacra” 1921 og 1937. [Faksimile av to eldre tidsskriftartikler og en oppdatert gjennomgang av senere muntlige og skriftlige kilder til stjerneguttradisjonen i Norge og en kort beskrivelse av skikken andre steder i verden ved Erik Henning Edvardsen på s. V-VII og 109- 160.] (Norsk Folkeminnelags skrifter nr. 138). Aschehoug, 1993. ISBN 82-991811-2-7.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. & Wiers-Jenssen 1993, s. 14
  2. Bergens Kapitelbog, op. cit. Reidar Kjellberg 1984, s. 208.
  3. I Danmark-Norge skjedde overgangen ved at ein i år 1700 hoppa rett frå 18. februar til 1. mars, medan det i Sverige skjedde ved at dei i 1753 sløyfa dagane frå 17. februar til 1. mars.
  4. Edvardsen 1993, s. V. Også i Kathleen Stokker 2000, s. 109.
  5. Bergen Offentlige Bibliotek: Stjernespill og stjernesang.
  6. Morgenbladet 1926 og 1929.
  7. Klara Semb: «Julestjerna». For Bygd og By nr. 25-26. Julenummer 1925, s. 40.
  8. Den heilage Stefanus som er omtalt i Apostelgjerningane 5:6 var derimot blant dei såkalla «Syvmænd» då talet på disiplane auka.