Ugriske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ugriske språk er samnemnaren på ungarsk og på dei obugriske språka khantisk (tidl. kalla ostjakisk) og mansisk (tidl. vogulsk).

Ugrisk i den uralske språkfamilien[endre | endre wikiteksten]

Etter tradisjonell typologi har den uralske språkfamilien bestått av to greiner, samojedisk og finsk-ugrisk, som på si side har vore delt opp i ugrisk og finsk-permisk. No har forskarane meir eller mindre gått bort frå ein slik binær modell, og opererer med ein flat struktur der det er sju like språkgreiner i den uralske språkfamilien.

I dei siste tiåra har også eksistensen av ein ugrisk språkfamilie vore omstridd. Problemet er at det har vist seg vanskeleg å rekonstruere eit ugrisk urspråk, faktisk så vanskeleg at det er den einaste av dei sju greinene i den uralske språkfamilien det ikkje har vore mogleg å rekonstrukere eit urspråk for. Den tradisjonelle grunngjevinga for ein ugrisk språkfamilie er også relativt tynn, ho går attende på nemninga jugra for ungarsk i eldre russiske kjelder.

Særtrekk ved dei ugriske språka[endre | endre wikiteksten]

Ungarsk på den eine sida og obugrisk på dena andre dannar to svært ulike grupper. Ungarsk er sterkt påverka, både av tyrkiske språk frå tida før ungararane busette seg der dei bur i dag, og av slavisk og særleg tysk, mens dei obugriske språka er prega av eit vestsibirsk Sprachbund med dei samojediske språka, med tre numerus (eintal, total, fleirtal), med, eit relativt lite kasussystem (visse khantiske dialektar har så få som tre kasus, og med svært lik fonologisk struktur.

Det er likevel likskapar innanfor dei ugriske språka. Ein opplagt likskap er objektkonjugasjonen, som dei alle delar.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.