Ingrisk
| Ingrisk (karjala) |
||
| Klassifisering: | uralske språk austersjøfinske språk |
|
| Bruk | ||
| Tala i: | Russland, Estland | |
| Område: | ||
| Ingrisktalande i alt: | ca. 120 (2010) | |
| Rangering: | ikkje blant dei 100 største | |
| Skriftsystem: | (Kyrillisk), Latinsk | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-3: | izh | |
Ingrisk (òg kalla isjorisk) er eit finsk-ugrisk språk snakka av ingrarane i Ingermanlandsregionen i i St. Petersburg-området i Russland, særleg blant russisk-ortodokse kristne.
Ved folketeljinga i Russland i 2010 oppgav 123 personar at dei snakka ingrisk, medan 266 personar oppgav at dei var ingrarar. Ved folketeljinga i Sovjetunionen i 1989 var dei tilsvarande tala 302 ingrisktalande, av 820 ingrarar. Ifølgje Ethnologue var det 360 talarar av ingrisk i Russland i 2002.[1] og i følgje estisk folketeljing var det 19 talarar av ingrisk i Estland i år 2000[2].
Ingrisk var berre eit talespråk fram til 1930-talet, då det som andre minoritetsspråk i Sovjetunionen fekk skriftspråk som del av den sovjetiske språkpolitikken. Det vart omsett skjønnlitteratur og lærebøker.
Innhaldsliste |
Det ingriske alfabetet frå 1930-talet [endre]
| A a | Ä ä | B b | V v | G g | D d | E e | Ƶ ƶ |
| Z z | I i | J j | K k | L l | M m | N n | O o |
| Ö ö | P p | R r | S s | T t | U u | F f | H h |
| C c | Ç ç | Ş ş | Ь ь |
Litteratur [endre]
- Ariste, Paul 1981: Keelekontaktid, Tallinn:Valgus
- Laanest, Arvo 1986: Isuri keele ajalooline foneetika ja morfoloogia, Tallinn
Referansar [endre]
Kjelde [endre]
- Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta fredag 6. april 2012, klokka 12:04.