Vepsisk
| Vepsisk (vepsä, vepsän kel', vepsän keli) |
||
| Klassifisering: | uralske språk austersjøfinske språk |
|
| Bruk | ||
| Tala i: | Russland | |
| Område: | Den karelske republikken, Leningrad oblast Vologda oblast | |
| Vepsisktalande i alt: | 3 610 (2010) | |
| Rangering: | Ikkje blant dei 100 største | |
| Skriftsystem: | Kyrillisk, latinsk | |
| Offisiell status | ||
| Offisielt språk i: | - | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-3: | vep | |
Vepsisk er eit språk som høyrer til den austersjøfinske språkgreina av den uralske språkfamilien. Ved folketeljinga i Russland i 2010 vart vepsisk snakka av ca. 3 610 menneske på sør- og austsida av Onega, av eit folketal på 5 940 vepsarar.
Innhaldsliste |
Dialektar [endre]
Vepsisk blir delt inn i tre dialektar, nord- midt- og vestvepsisk:
- nordvepsisk
- midtvepsisk
- austleg midtvepsisk
- Ojatti
- Šimjärvi-Päžare
- Suda-joki
- sørvestleg midtvepsisk
- sørvepsisk
Karakteristiske drag [endre]
Det er relativt små dialektskilnader, og talarar frå dei ulike dialektområda forstår kvarandre relativt godt. Den dialekten som skil seg mest ut er nordvepsisk. Lyden j i byrjinga av ord er endra til palatal d, t.d. ďäŕv «sjø» (fi. 'järvi') og ďoob «(han/ho) drikk» (fi. 'juo'). Likvidane l, n, r er palatalisert, t.d. poigaĺe «til guten» (fi. 'pojalle'). I nordvepsisk har dei lange vokalane uu og ii halde seg, t.d. puu «tre» og hiiŕ «mus», mens yy har blitt diftongisert til [yu], t.d. püu 'pyy'. I andre dialektar er alle dei høge lange vokalane diftongisert, så vi har puo og hieŕ.
Grammatikk [endre]
Vepsisk har 24 kasus, dvs. ca. 10 fleire enn i dei andre austersjøfinske språka. Dei fleste nye kasusa er oppstått etter grammatikalisering av tidlegare postposisjonar.
Språkhistorie [endre]
Indre språkhistorie [endre]
Samanlikna med dei andre austersjøfinske språka har vepsisk ein relativt konservativ lydhistorie.
Innanfor morfologien har det derimot skjedd ein del nylagingar.
Ytre språkhistorie [endre]
Språka til folkeslaga som vart vurdert som «upålitelege» etter andre verdskrigen mista alle rettane sine i Sovjetunionen. Eitt av desse språka var vepsisk (sannsynlegvis fordi vepsarane (i lag med kolasamane) vart vurdert som for gode vener av finnane). Det vepsiske kyrilliske skriftspråket vart dermed ikkje tatt i bruk att etter krigen.
Litteratur [endre]
Vepsiskspråkleg litteratur [endre]
- Arapovic, Borislav: Lapsiden biblii. Stokgol'm Helsinki: Biblijan kändmizen institut, 1996. ISBN 91-88794-11-3.
- Kottina, Anna: Meiden sana : lugendkirj augotizskolan täht. Karjala, Petroskoi: Periodika, 1998. ISBN 5-88170-016-3.
- Nieminen, Markku (toim.): Kodima, Vepsänma. Kuhmo: Juminkeko, 2003. ISBN 952-5385-16-7.
- Zaiceva, Nina: Abekirj. Karjala, Petroskoi, 1991. ISBN 5-7545-0460-8.
- Zaiceva, Nina: Icemoi lugemist : vepsiskn kelen lugendkirj 3.–4. klassale. Karjala, Petroskoi, 1994. ISBN 5-7545-0658-9.
Språkvitskapleg litteratur [endre]
- Kalima, Jalo: Vepsän sanastoa (Eripainos Virittäjästä n:o 1-3). Helsinki, 1927.
- Lönnrot, Elias: Om det nord-tschudiska språket (Elias Lönnrotin väitöskirja vepsiskn kielestä vuodelta 1853). Kuhmo, Juminkeko, 2002. ISBN 952-5385-10-8.
- Wiik, Kalevi: Vepsän vokaalisointu. Helsinki: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura, 1989. ISBN 951-717-564-7.
- Zaitseva, Maria: Vepsän kielen lauseoppia. Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura, 2001. ISBN 952-5150-61-5.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Vepsän Seura
- Vepsäläiset ja vepsän kieli - Nina Zaitseva
- Vepsisk-finsk ordbok
| Austersjøfinske språk |
| estisk | finsk | ingrisk | karelsk | kvensk | livisk | livvisk | meänkieli | vepsisk | votisk | sørestisk |