Vit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vit
Vit nær Toros under ein flaum i 2005
Vit nær Toros under ein flaum i 2005
Utspring Ved Vezjen i Balkanfjella
- Høgd 2 030 m
Munning Donau
Land i nedslagsfelt Bulgaria
Lengd 189 km
Nedslagsfelt 3 220 km²

Vit eller Vid (bulgarsk: Вит) er ei elv sentralt i nordlege delar av Bulgaria med ei lengd på 189 km. Ho har sitt utspring i Balkanfjella ved foten av Vezjen i ei høgd på 2 030 meter, og munnar ut i Donau nær Somovit. Elva har eit nedslagsfelt på 3 220 km², og dei største sideelvane hennar er Kamenska reka, Kalnik og Tuchenitsa.

Av landsbyar langs elva finn ein Teteven, Pleven, Dolni Dabnik, Dolna Mitropolija og Guljantsi.