Tysk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tyskland sin plassering i Europa

Tyskland er eit stort land i Sentral-Europa, som strekkjer seg frå Alpane i sør, over Det nordeuropeiske låglandet til Nordsjøen (Nordsee) og Austersjøen (Ostsee).

Terreng[endre | endre wikiteksten]

Tyskland sin topografi

Den nordlege tredjedelen av landet ligg i Det nordeuropeiske låglandet med flatt terreng kryssa av fleire store elvar som renn nordover (Elbe, Ems, Weser, Oder). Våtmarksområde og myraktige forhold finn ein langs grensa til Nederland og langs den frisiske kysten. Sandete Mecklenburg i nordaust har mange innsjøar som vart danna av isbrear under den siste istida.

Lenger sørover, i sentrale delar av Tyskland ligg eit meir kupert og åslendt landskap kalla Mittelgebirge, og enkelte av desse lågare fjella vart danna av vulkansk aktivitet. Rhindalen går tvers gjennom dei vestlege delane av dette området. Det sentrale høglandet strekkjer seg austover og nordover til Saale og glir over i Erzgebirge ved grensa til Tsjekkia. Høglandet inkluderer Eifel og Hunsrück vest for Rhinen, Taunus nord for Frankfurt, Vogelsberg, Rhön og Thüringer Wald. Sør for Berlin, aust i dei sentrale områda er landskapet meir som i dei lågareliggande områda i nord med sandaktig jordsmonn og våtmarksområde, som i Spreewald-regionen.

Sør-Tyskland har forskjellige linjeforma åsar og fjellkjeder. Alpane heilt i sør er dei største, men relativt lite av Alpane ligg innanfor Tyskland samanlikna med Sveits og Austerrike. Schwarzwald, ved sørvestgrensa til Frankrike, skil Rhinen frå kjeldene til Donau på austsida, og er ein del av det europeiske vasskiljet

Donau går gjennom dei sentrale områda av Bayern, i eit relativt flatt område, før ho snur seg søraustover rundt den sørlege delen av Bayerischer Wald, ei anna fjellkjede på grensa mellom Bayern og Tsjekkia.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Tyskland dekkjer eit forholdsvis stort geografisk område frå Nordsjøen i nord til Alpane i sør. Klimaet varierer likevel eigentleg ikkje så mykje frå nord til sør, og temperaturnormalskilnaden mellom dei tyske byane er aldri større enn 5 °C. Det regnar som regel mest på sommaren, men kvar månad har likevel om lag like mange nedbørsdagar.

Klimaskilnadane ein har mellom nord og sør er derimot ikkje heilt som ein kanskje kunne vente. Ein skulle kanskje tru at vintrane var kaldare og våtare i nord, nær Nordsjøen og Austersjøen, men slik er det ikkje. Dei kaldaste områda finn ein i dei tyske Alpane der kaldluft frå nordaust samlar seg. Dette fører til lange kuldeperiodar og skya vêr i Bayern, ofte i lag med lett snø eller underkjølt regn. I snitt er det tåke om lag ein av tre dagar i Sør-Tyskland om vinteren, men innimellom kan fønvind frå Alpane gje milde og solrike dagar, særleg i starten og slutten av vinteren. I Nord-Tyskland kjem mildlufta som oftast med dei fuktige vindane frå Atlanterhavet, og i samband med kraftige lågtrykk i Nordsjøen kan ein få vind opp i orkan styrke. Temperaturane om vinteren er i snitt berre eit par grader lågare enn i Frankrike, men kaldluft frå Sibir kan gje temperaturar godt under −20 °C dei fleste stader i landet.

Som i mykje av resten av Europa kan sommarvêret endre seg ein god del i løpet av forholdsvis kort tid frå strålande sommarvêr til regnbyger og lågare temperaturar. Medan store delar av Europa byrjar å få ein god sommarvarme i juni, kan ein framleis få kjøligare vêr i Tyskland når lufta strøymer inn frå Nordsjøen og Austersjøen i nord. I juli er det derimot meir jamn varme og temperaturar over 30 °C er ikkje uvanleg, og dei fleste lågareliggande områda har hatt temperaturar over 35 °C. Tyskland kan ha ein god del torevêr om sommaren, og i sørlege område er ikkje hagl uvanleg. München vart til dømes råka av ei kraftig haglbye 12. juli 1984 som førte til skadar for meir enn 6 milliardar kroner, og gjorde skadar på 70 000 hus og 200 000 bilar. Torevêr er derimot sjeldan frå oktober av og gjennom vinteren. Frå november av vert det meir skya i store delar av landet.

I hovudsak får nordlege og vestlege fjell- og åssider meir nedbør enn dei austlege. Schwarzwald er det våtaste området i Tyskland med ein normal på litt over 1 000 mm per år, medan Elbedalen i aust får mindre enn 500 mm.

Arealbruk[endre | endre wikiteksten]

Tyskland dekkjer eit areal på 357 021 km², der 4 750 km² er irrigert land og 7 798 km² er dekt av vatn. Den største innsjøen er Bodensjøen med eit areal på 536 km², der 62 % av kysten ligg i Tyskland. Dei internasjonale grensene i sjølve innsjøen er ikkje definert. Andre store innsjøar er Müritz (117 km²) og Chiemsee (80 km²). Største delen av Tyskland er anten dekt av dyrkbar mark (33 %) eller skogområde (31 %). Berre 15 % av landet er permanente enger.

Landegrenser[endre | endre wikiteksten]

Tyskland har totalt 2 389 km med kystlinje og landegrensene er totalt 3 621 km lange: Danmark 68 km, Polen 456 km, Tsjekkia 646 km, Austerrike 784 km, Sveits 334 km, Frankrike 451 km, Luxembourg 138 km, Belgia 167 km, Nederland 577 km). Den tysk-austerrikske grensa kryssar seg sjølv nær Jungholz. Grensa langs Belgia inkluderer fem tyske eksklavar fordi den belgiske jernbanen Vennbahn kryssar inn og ut av Tyskland.

Grotter[endre | endre wikiteksten]

Fjellområda i Tyskland inneheld fleire karstformasjonar der elvane har grave ut grotter, særleg i Hönnedalen. Dei største grottene i Europa som var busett av tidlege kulturar ligg i Balve.

Elvar[endre | endre wikiteksten]

Dei store elvane i Tyskland

Dei tre største elvane i Tyskland er Rhinen, Elbe og Donau. Av heile lengda til Rhinen (Rheintysk) er 865 km i Tyskland. Dei største sideelvane hennar er Neckar, Main og Mosel. Elbe sin tyske del er 727 km lang og munnar òg ut i Nordsjøen, medan den tyske delen av Donau er 687 km. Andre viktige elvar er Weser og Ems. Sjå òg elvar i Tyskland.

Maritime krav[endre | endre wikiteksten]

  • Kontinentalsokkel: Til djup på 200 m eller til djup som kan utnyttast.
  • Økonomisk sone: 200 nm. Den eksakte økonomiske sona er utarbeida i samband med avtalar mellom nabolanda.
  • Territorial farvatn: 12 nm

Naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Miljøproblem[endre | endre wikiteksten]

  • Utslepp frå kolkraftverk og industri som medverkar til luftforureining.
  • Sur nedbør som følgje av utslepp av svoveldioksid øydelegg skogar
  • Forureining av Austersjøen frå råkloakk og industrielle utslepp i elvane i Aust-Tyskland.
  • Miljøfarleg avfall
  • Regjeringa (under kanslar Schröder, SPD) annonserte at dei har som hensikt å avslutte bruken av atomkraft for å produsere elektrisitet.
  • Regjeringa arbeider for å møte løfte til EU om å frede naturområde i forhold til EU sine direktiv for dyreliv, planteliv og miljø. [1]
Internasjonale avtalar
  • Delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforureining, Miljøvernsprotokoll for Antarktis, Antarktis-traktaten, biologisk mangfald, klimaendringar, Kyotoavtalen, ørkenspreiing, utryddingstrua dyreartar, miljømodifisering, miljøfarleg avfall, havrett, marin dumping, forbod mot atomprøvesprengingar, vern av ozonlaget, skipsforureining, tropisk tømmer, våtmarksområde og kvalfangst.
  • Signert, men ikkje ratifisert: Luftforureining ved vedvarande organiske stoff
Naturfarar

Geografiske ytterpunkt[endre | endre wikiteksten]

Det nordlegaste punktet på det tyske fastlandet ligg nær Aventoft i Schleswig-Holstein

Dei geografiske ytterpunkta i Det tyske forbund (1815-1866) er nemnd i første vers av Das Lied der Deutschen, der tredje vers i dag er nasjonalsongen til Tyskland. Dette var ytterpunkta i landet då songen vart skrive i 1841, men gjeld ikkje lenger i dag. Grensene som er nemnd er følgjande elvar:

  • Maas som kryssar Frankrike, Belgia og Nederland og som danna grensa til Hertugdømet Limburg, då ein del av Det tyske forbund og i dag ein del av den nederlandske provinsen Limburg.
  • Lillebælt, som er ein del av Austersjøen mellom Tyskland og Danmark.
Høgaste og lågaste punkt

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tysk geografi