Slovakisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slovakisk geografi
Slovakia topo.jpg
Plassering
Land Slovakia
Koordinatar 48°40′N 19°30′EKoordinatar: 48°40′N 19°30′E
Totale landegrenser 1 474 km
Grenseland Austerrike 91 km, Tsjekkia 197 km, Ungarn 676 km, Polen 420 km, Ukraina 90 km
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

48 845 km²
48 800 km²
45 km²
Kystlinje 0 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Gerlachovský štít 2655 moh
Elva Bodrok 94 moh
Lengste elv Donau


Arealbruk
Dyrkbar mark 29,23 %
Permanente avlingar 2,67 %


Anna 68,1 %
Irrigert land 1830 km²
Naturressursar
brunkol og lignitt, små mengder jernmalm, kopar og manganmalm; salt; dyrkbar mark
Naturfarar
ingen
Miljøproblem
Luftforureining frå metallurgiske fabrikkar utgjer ein helsefare. Sur nedbør øydelegg skogane.
Slovakisk geografi - Kart over Slovakia
Kart over Slovakia

Slovakia er eit land i Sentral-Europa med fjellrike område i nord og flatt terreng i sør.

Slovakia ligg mellom 49°36'48" og 47°44'21" nord og 16°50'56" og 22°33'53" aust.

Det nordlegaste punktet er nær Beskydok, eit fjell på grensa til Polen, nær landsbyen Oravská Polhora i Beskidane. Det sørlegaste punktet ligg nær landsbyen Patince ved Donau på grensa til Ungarn. Det vestlegaste punktet er ved Morava, nær Záhorská Ves på grensa til Austerrike. Det austlegaste punktet er nær toppen på Kremenec, eit fjell nær landsbyen Nová Sedlica der grensene til Slovakia, Polen og Ukraina møter kvarandre.

Gerlachovský štít er det høgaste fjellet i Slovakia og heile Karpatane

Det høgaste punktet er fjellet Gerlachovský štít i Høge Tatra med ei høgd på 2655 meter over havet, medan det lågaste punktet er Bodrog på grensa til Ungarn, 94 meter over havet.

Landet har eit areal på 48 845 km². 31% av landet er dyrkbar mark, 17 % er beitemark, 41 % skogar og 3 % åkerland. Dei gjenverande 8 % er hovudsakleg dekte av menneskeskapte strukturar og infrastruktur, og elles ulendte fjell.[1]

Slovakia grensar til Polen i nord, Ukraina i aust, Ungarn i sør, Austerrike i sørvest og Tsjekkia i nordvest, og har ei total landegrense på 1474 km, den lengste mot Ungarn.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Slovakia er hovudsakleg delt i to topografiske område, fjellområda med Karpatane i nord og låglandet med Den pannoniske sletta i sør. Om lag to tredjedelar av landet ligg i Dei vestlege Karpatane, som startar med Dei vesle Karpatane i vest og held fram som Fatra-Tatra-området.

Slettelandskapet i sør er delt inn i tre. Låglandet rundt Morava er ein del av Wienbekkenet, låglandet rundt Donau i sør høyrer til Den vesle ungarske sletta, medan låglandet i aust er ein del av Den ungarske sletta.

Elvar og innsjøar[endre | endre wikiteksten]

Váh er den lengste elva innanfor grensene til Slovakia

Det meste av landet ligg i nedslagsfeltet til Donau. Berre områda rundt Poprad og Dunajec i nord vert drenert til Austersjøen via Wisła. Grensa mellom nedslagsfelta til Donau og Wisła er ein del av Det europeiske vasskiljet.

Donau er den største elva i landet og utgjer ein del av landegrensa mot Ungarn. Dei største sideelvane hennar er Váh, Hron og Ipeľ. Ei anna viktig elv er Tisza som utgjer 5 km av grensa mot Ungarn i sørvest.

Veľké Hincovo pleso i Tatrafjella.

Den største naturlege innsjøen er Veľké Hincovo pleso i Tatrafjella med eit areal på 0,2 km². Det er òg fleire kunstige innsjøar, den største av desse er Oravareservoaret på 35 km².

Menneskeleg geografi[endre | endre wikiteksten]

Økonomisk geografi[endre | endre wikiteksten]

Bruttonasjonalprodukt var 1,66 billiardar slovakisk koruna i 2006, som svarar til om lag 450 milliardar norske kroner,[2] eller rundt 78 000 kroner per innbyggjarar.

BNP per sektor:[3]

  • Jordbruk 3,6%
  • Industri (råmateriale, produksjon, energi, vatn) 31,6%
  • Tenestenæring 64,8%

Dei vestlege regionane er meir utvikla enn dei i aust. I 2004 hadde Bratislava region det høgaste BNP-et per innbyggjarar med 573 976 SK, som er meir enn det dobbelt av landsgjennomsnittet. BNP per innbyggjar var 152 786 SK i Prešov region i nordaust, 60% av landsgjennomsnittet.[4]

Jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Dyrkbar mark utgjer om lag 29% av Slovakia. Dei vanlegaste avlingane er kveite, bygg, mais, sukkerroer og poteter. Vindyrking er omfattande i sørlege område, hovudsakleg rundt Dei vesle Karpatane, Det donauske låglandet og Tokaj-området. Avl av buskap, som gris, kyr, sau er òg vanleg.[5]

Energi[endre | endre wikiteksten]

Mochovce atomkraftverk

Fossile brensel, særleg olje og gass, vert importert. I 2004 var den viktigaste energikjelda kraft frå atomkraftverk (55,7 %), som ein finn ved Jaslovské Bohunice og Mochovce. Ei anna energikjelde er vasskraftverk (13,9 %), og dei største av desse er Gabčíkovo-dammen i Donan og andre i Váh, Slaná, Orava og Hornád. Andre kjelder er kol (10,9 %), naturgass (7,9 %) og olje (2,4 %).[6] I 2005 konsumerte Slovakia 24,93 milliardar kWh elektristet.[3]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Slovakia er delt to i av same fjellrekkja som delar landet. Låglandet med Donaudalen i sørvest er det varmaste område av landet. Her kan òg fuktig luft strøyme nordover frå Middelhavet slik at fleire dagar i juli og august kan ha høg luftfukt. Resten av Slovakia har nesten like varme forhold om dagen, men nettene er som regel kjøligare, særleg i høgareliggande område. Sommaren er den våtaste tida på året, men i det store og heile er Slovakia eit tørt land til å vere i Europa. Torebyene vert færre i september og oktober. Seint på hausten kan derimot nedbøren ta seg opp igjen og gje nokså grått og trist vêr før vinteren kjem. Bratislava har ein normal årsnedbør på 649 mm, som er representativt for store delar av landet.[7]

Kalde luftmassar kan ofte legge seg til i dalane mellom fjella i Karpatane, og byar som Presov og Kosice kan få tåke fleire dagar på rad. I Bratislava har ein derimot meir vanlege vinterforhold med eit par særs kalde dagar, men òg nokre milde innimellom. Høgare terreng, som Tatrafjella, er generelt kaldare enn Donaudalen og kan få ein god del snø.[8] Dei høgsate toppane kan få snø alt frå september. Generelt er det derimot oftare mindre skyer i fjellområda enn låglandet i aust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. bedekr.cz: [1]
  2. Statistisk byrå i Slovakia: [2]
  3. 3,0 3,1 CIA World Factbook
  4. BNP per region
  5. Slovakia på MSN Encarta
  6. (tysk): [3]
  7. Votruba, Martin. «Slovakia's Weather». Slovak Studies Program. University of Pittsburgh. http://www.pitt.edu/~votruba/qsonhist/weatherslovakiapittsburgh.html. Henta 2010-06-11. 
  8. Votruba, Martin. «Upper Liptov Climate». Slovak Studies Program. University of Pittsburgh. http://www.pitt.edu/~votruba/qsonhist/climateliptov.html. Henta 2010-06-11.