'n Beetje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
«'n Beetje»
Singel av Teddy Scholten
Land Nederland
Språk Nederlandsk
Utgjeve 1959
Låtskrivar(ar) Dick Schallies og Willy van Hemert
«Een beetje»
Eurovision Song Contest 1959
Land Nederland
Artist(ar) Dorothea Margaretha Scholten
Alias Teddy Scholten
Språk Nederlandsk
Komponist(ar) Dick Schallies
Låtskrivar(ar) Willy van Hemert
Resultat
Finalepoeng 21
Finaleplass 1
Nederland i Eurovision Song Contest
«Heel de wereld»
(1958)
«Een beetje» «Wat een geluk»
(1960)

«'n Beetje» (nederlandsk for Litt), kjend som «Een beetje» (nederlandsk for Litt) i samband med Eurovision Song Contest, var det nederlandske bidraget i Eurovision Song Contest 1959, framførd på nederlandsk av Teddy Scholten.

Nationaal Songfestival 1959[endre | endre wikiteksten]

17. februar 1959 deltok songen i Nationaal Songfestival 1959, den nederlandske uttakinga til Eurovision Song Contest 1959 i Cannes i Frankrike. «Een beetje» vart framførd to gonger av to ulike songarar; Teddy Scholten og John de Mol. Scholten vann tevlinga med 235 poeng, og slo «De regen» som ho òg framførde i tevlinga.

Eurovision Song Contest 1959[endre | endre wikiteksten]

I Eurovision Song Contest 1959 starta songen som nummer fem i finalen, etter Monaco med «Mon ami Pierrot» av Jacques Pills og før Vest-Tyskland med «Heute Abend wollen wir tanzen geh'n» av Alice og Ellen Kessler. Bidraget fekk sju poeng frå Italia, fire poeng frå Frankrike, tre poeng frå Austerrike og Belgia, to poeng frå Vest-Tyskland og eitt poeng frå Monaco og Storbritannia. Nederland fekk til saman 21 poeng og vann av totalt elleve bidrag. I tillegg til at Nederland fekk framføre vinnarbidraget att, fekk andre- og tredjeplassen, høvesvis Storbritannia og Frankrike, framføre sine bidrag på nytt. Det er den fyrste og førebels siste gongen det har vorte gjort.

Andre versjonar av Teddy Scholten[endre | endre wikiteksten]

Scholten har òg spelt inn songen på tysk, fransk, italiensk og svensk. Ho song òg ein engelsk versjon på britisk fjernsyn.

  • Tysk: Sei ehrlich
  • Fransk: Un p'tit peu
  • Italiensk: Un poco
  • Svensk: Om våren
  • Engelsk: The Moment

«Een Beetje» av John de Mol[endre | endre wikiteksten]

«Een beetje»
Singel av John de Mol
Land Nederland
Språk Nederlandsk
Utgjeve 1959
Låtskrivar(ar) Dick Schallies og Willy van Hemert

John de Mol framførde òg «Een beetje» i Nationaal Songfestival 1959, men tapte over Scholten som fekk framføre songen i Eurovision Song Contest 1959.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Nederland i Eurovision Song Contest 1959 Mal:Nederlandske songar i Eurovision Song Contest Mal:Songar i Eurovision Song Contest 1959