Take Me to Your Heaven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Take Me to Your Heaven»
«Tusen och en natt»

Song av Charlotte Nilsson
Charlotte Perrelli 2012-06-05.tiff
Land Sverige
Språk Engelsk / svensk
Utgjeve 28. februar 1999
Sjanger Pop, slager
Lengd 03:11
Selskap Mariann[1]
Låtskrivar(ar) Lars Diedricson, Gert Lengstrand og Marcos Ubeda

«Take Me to Your Heaven» (norsk omsetjing: 'ta meg til din himmel'), også kjend som «Tusen och en natt», er ein svensk slagerlåt som vann Eurovision Song Contest 1999 for Sverige. Songen vart framført av artisten Charlotte Perrelli, då med etternamnet Nilsson. Songen er komponert av Lars Diedricson, mens Gert Lengstrand skreiv den svenske teksta og Marcos Ubeda skreiv den engelske. Songen fekk ingen stor kommersiell suksess etter sigeren, men tok seg inn på singellistene i fleire land. I Noreg nådde han ein tiandeplass på VG-lista.[2]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Take Me to Your Heaven» var eit av ti bidrag som deltok i svenske Melodifestivalen i Stockholm laurdag 27. februar 1999. Songen deltok då i svensk versjon med tittelen «Tusen och en natt». I avrøystinga kåra juryane og tv-sjåarane songen til ein klar vinnar med 217 poeng. Dimed ble «Tusen och en natt» det svenske bidraget til Eurovision Song Contest i Jerusalem laurdag 29. mai same år.[3]

I den internasjonale finalen kunne deltakerlanda for fyrste gang sidan 1976 syngje på valfritt språk. «Tusen och en natt» vart omsett til engelsk og fekk tittelen «Take Me to Your Heaven». I finalen var songen det 15 bidraget på scena av 23 bidrag. På førehand var Island og Kypros store favorittar, mens det svenske bidraget vart sett på som gamaldags og utan vinnarsjanser.[4]

Men TV-sjåarane ville det annleis, og avrøystinga vart ein tett kamp mellom Island og Sverige. Då Bosnia-Hercegovina, som nest siste land, skulle røyste, gav dei 12 poeng til Sverige og ingen til Island. Dimed vann «Take Me to Your Heaven» Eurovision Song Contest med 163 poeng. Sverige fekk 12 poeng frå fem land, blant anna frå Noreg.[5]

Etter sigeren[endre | endre wikiteksten]

«Take Me to Your Heaven» vart ingen stor kommersiell suksess, men tok seg likevel inn på singellistene i blant anna Belgia, Noreg, Sverige og Storbritannia. Songen toppa også Svensktoppen i heile åtte veker på rad.[6][7]

Charlotte Perrelli kom tilbake i Eurovision Song Contest i 2008 med låten «Hero», men ho vart berre nummer 18 i finalen.[8]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (1999) Høgaste
plassering
Veker
på lista
Debutdato
Flag of Belgium (civil).svg Belgia Flandern (Ultratop)[9] 5 10 12. juni 1999
Flag of the Netherlands.svg Nederland (Single Top 100)[10] 23 9 12. juni 1999
Flag of Norway.svg Noreg (VG-lista)[2] 10 3 Veke 24 1999
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia (UK Singles Chart)[11] 20 5 3. juli 1999
Flag of Sweden.svg Sverige (Sverigetopplistan)[12] 2 19 6. mai 1999

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Charlotte ‎– Take Me to Your Heaven». Discogs.com. Henta 26. februar 2017. 
  2. 2,0 2,1 «VG-lista for 'Take Me to Your Heaven'». VG Nett. Henta 26. februar 2017. 
  3. «Melodifestivalen 1999». svt.se. Henta 26. februar 2017. 
  4. «Eurovision Song Contest 1999». eurovision.tv. Henta 26. februar 2017. 
  5. «Eurovision Song Contest 1999 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 26. februar 2017. 
  6. «Svensktoppen 24. april 1999». Sveriges Radio. Henta 26. februar 2017. 
  7. «Svensktoppen 12. juni 1999». Sveriges Radio. Henta 26. februar 2017. 
  8. «Eurovision Song Contest 1999 Final». eurovision.tv. Henta 26. februar 2017. 
  9. «Take Me to Your Heaven – Ultratop». ultratop.be. Henta 26. februar 2017. 
  10. Hung, Steffen. «Charlotte Nilsson – Take Me to Your Heaven». dutchcharts.nl. Henta 26. februar 2017. 
  11. «Take Me to Your Heaven – Chart history». Official Charts Company. Henta 26. februar 2017. 
  12. «Charlotte Nilsson – Take Me to Your Heaven (Song)». hitparad.se. Henta 26. februar 2017.