Vivo cantando

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Vivo cantando»
Song av Salomé
Land Spania
Språk Spansk
Utgjeve 1969
Sjanger Pop, slager
Lengd 02:10
Selskap Belter[1]
Låtskrivar(ar) María José de Cerato og Aniano Alcalde
Produsent Augusto Algueró

«Vivo cantando» ('eg lever syngande') er ein spansk popsong som vann Eurovision Song Contest 1969 for Spania. Songen vert framført av Salomé og var skriven av Maria José de Cerato og Aniano Alcalde. Dette var den andre sigeren til Spania i Eurovision Song Contest, men «Vivo cantando» delte sigeren med tre andre bidrag, sidan det ikkje var nokon reglar som hindra ei deling av sigeren.[2] Per 2021 er dette framleis den siste sigeren til Spania i Eurovision Song Contest.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Salomé var handplukka av den spanske kringkastaren til å representere Spania på heimebane i Eurovision Song Contest 1969. I den nasjonale finalen på Mallorca vann «Vivo cantando» ein overlegen siger og vart det spanske bidraget til Eurovision Song Contest. Songen er eit sprudlande uptempo-nummer, og Salomé framførte han saman med tre mannlege støttevokalistar.

I Eurovision Song Contest i Madrid 29. mars var «Vivo cantando» det tredje bidraget ut på scena av til saman 16 bidrag. I avrøystinga fekk songen 18 poeng – like mange som «Boom Bang-a-Bang» med Lulu frå Storbritannia, «De troubadour» med Lenny Kuhr frå Nederland og «Un jour, un enfant» med Frida Boccara frå Frankrike. Men det var ingen reglar som sa at det berre skulle vere éin vinnar. Dimed vart alle fire bidraga erklærte som vinnarar, for fyrste og einaste gong i historia. Året etter vart reglane endra, slik at det berre kan vere eitt bidrag som vinn Eurovision Song Contest. «Vivo cantando» fekk eitt av ti moglege poeng frå den norske juryen, noko som tyder at éin av dei ti norske dommarane hadde songen som sin favoritt.[3]

Sigeren var den andre for Spania, og den andre sigeren på rad. Dette er òg den førebels siste sigeren til Spania i Eurovision Song Contest.

Songen[endre | endre wikiteksten]

«Vivo cantando» er ein kvikk og lystig poplåt, der songaren fortel sin kjære om alle dei positive endringane han har ført inn i livet hennar. Blant anna lever ho no livet sitt syngande.[4]

I Eurovision Song Contest hadde Salomé med seg tre mannlege støttevokalistar, og ho stilte i ein ikonisk turkis buksedress, kreert av den spanske moteskaparen Manuel Pertegaz.[5] Antrekket var dekt av porselensliknande perler som rørte på seg når Salomé dansa.[6] Dansinga hennar vart òg lagd merke til, sidan dette braut med tradisjonane i Eurovision Song Contest om at artisten helst skulle stå stille og framføre melodien. Fleire andre artistar, blant anna britiske Lulu og irske Muriel Day, braut òg dansetradisjonen dette året, utan at det fekk nokre konsekvensar.

Andre innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Salomé spelte inn songen på seks språk: spansk, katalansk («Canto i vull viure»), baskisk («Kantari bizi naiz»), engelsk («The Feeling of Love»), fransk («Alors je chante») og italiensk («Vivo cantando»).

«Vivo cantando» vart etterfølgd av Julio Iglesias med «Gwendolyne» i Eurovision Song Contest 1970.

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969) Høgaste

plassering

Veker på lista Debutdato
 Spania (SER)[7] 1 11 26. mars 1969

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Salomé – Vivo Cantando (1969, Vinyl) - Discogs». discogs.com. Henta 9. februar 2017. 
  2. «Eurovision Song Contest 1969». eurovision.tv. Henta 9. februar 2017. 
  3. «Eurovision Song Contest 1969 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 9. februar 2017. 
  4. «Vivo cantando – lyrics». The Diggiloo Thrush. Henta 9. februar 2017. 
  5. «Las obras maestras de Manuel Pertegaz: desde el diseño de Salomé al vestido de novia de Doña Letizia». mujerhoy.com (på spansk). 30. august 2014. Arkivert frå originalen 11. februar 2017. Henta 30. desember 2021. 
  6. «Vivo cantando – opptak av framførelsen i Eurovision Song Contest 1969». TVE/EBU via YouTube. 29. mars 1969. Henta 9. februar 2017. 
  7. «Spansk singelliste for 1969». Henta 26. februar 2017.