Hard Rock Hallelujah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Hard Rock Hallelujah»
Song av Lordi
Lordi performing at the ESC 2007.jpg
Land Finland
Språk Engelsk
Utgjeve 9. mai 2006 (Finland)
5. juni 2006 (Storbritannia)
Sjanger Hard rock, heavy metal
Lengd 03:01
Selskap Drakkar[1]
Låtskrivar(ar) Miss Awa, Mr. Amen, Mr. Kalma, Mr Kita og Mr. Lordi

«Hard Rock Hallelujah» er ein finsk hardmetall-song som vann Eurovision Song Contest 2006 for Finland. Songen vart skriven og framført av den teatralske hardrockgruppa Lordi. Dette var den fyrste sigeren til Finland i Eurovision Song Contest, og fyrste gong ein låt innan rocke-sjangeren gjekk til topps i Eurovision Song Contest. Songen sette ny poengrekord med 292 poeng, og denne vart ikke slått før Alexander Rybak vann tevlinga i 2009 med 387 poeng. Etter sigeren gjekk «Hard Rock Hallelujah» inn på singellistene i ei rekkje land. I Noreg nådde den ein niandeplass på VG-lista, og dette var fyrste gongen sidan «Fly on the Wings of Love» i 2000 at ein Eurovision-vinnar nådde VG-lista.[2]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha vunne den finske finalen vinteren 2006 vart Lordi og «Hard Rock Hallelujah» det finske bidraget til Eurovision Song Contest i Athen i mai same år. Der kvalifiserte «Hard Rock Hallelujah» seg til finalen etter å ha vunne semifinalen torsdag 18. mai.

I finalen laurdag 20. mai var Finland det 17. landet ut på scena av 24 deltakarar. Iført sine ikoniske monstermasker, øks og andre kostyme vekte bandet oppsikt i tevlinga. På førehand var Finland nemnt som ein mogleg vinnar, og under avrøystinga tok landet raskt leiinga. Finland fekk 12 poeng frå åtte land, blant anna frå Norge, og enda opp med rekordhøge 292 poeng. Det var ny poengrekord i Eurovision Song Contest. Dette var også den fyrste sigeren til Finland i tevlinga, heile 45 år etter debuten i 1961.[3][4]

Etter seieren[endre | endre wikiteksten]

«Hard Rock Hallelujah» nådde fyrsteplassen på den finske singellista og tok seg inn på hitlistene i ei rekkje land, blant anna Sverige, Storbritannia og Tyskland. Også i Noreg kom sangen inn på VG-lista, rett nok berre i to veker, og med ein niandeplass som høgaste plassering. Dette var likevel fyrste gongen på seks år at Eurovision-vinnaren kom inn på den norske singellista, forrige gong var i 2000 med Olsen Brothers og «Fly on the Wings of Love».[5]

26. mai 2006, seks dager etter sigeren, var «Hard Rock Hallelujah» også med på å setje ny Guinness-rekord i karaoke. Det skjedde då rundt 80 000 menneske samla seg i Helsingfors og song «Hard Rock Hallelujah» for å feire Eurovision-sigeren.[6]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2006) Høgaste
plassering
Veker
på lista
Debutdato
Flag of Austria.svg Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[7] 2 25 2. juni 2006
Flag of Belgium (civil).svg Belgia, Flandern (Ultratop)[8] 2 16 10. juni 2006
Flag of Belgium (civil).svg Belgia Vallonia (Ultratop)[9] 21 5 17. juni 2006
Flag of Finland.svg Finland (Suomen virallinen lista)[10] 1 12 Veke 9 2006
Flag of Greece.svg Hellas (IFPI) 6 2006
Flag of the Netherlands.svg Nederland (Single Top 100)[11] 27 10 10. juni 2006
Flag of Norway.svg Noreg (VG-lista)[2] 9 2 Veke 22 2006
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia (UK Singles Chart)[12] 25 7 10. juni 2006
Flag of Switzerland.svg Sveits (Schweizer Hitparade)[13] 5 23 4. juni 2006
Flag of Sweden.svg Sverige (Sverigetopplistan)[14] 8 21 1. juni 2006
Flag of Germany.svg Tyskland (GfK Entertainment Charts)[15] 5 20 2. juni 2006

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lordi ‎– Hard Rock Hallelujah». Discogs.com. Henta 27. februar 2017. 
  2. 2,0 2,1 «VG-lista for 'Hard Rock Hallelujah'». VG Nett. Henta 27. februar 2017. 
  3. «Eurovision Song Contest 2006 Final». eurovision.tv. Henta 27. februar 2017. 
  4. «Eurovision Song Contest 2006 Final – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 27. februar 2017. 
  5. «VG-lista (søkbar database)». VG Nett. 
  6. «NewsRoom Finland». Arkivert frå originalen 16. juli 2011. Henta 31. mai 2006. 
  7. Hung, Steffen. «Lordi – Hard Rock Hallelujah». austriancharts.at. Henta 27. februar 2017. 
  8. «Hard Rock Hallelujah – Ultratop». ultratop.be. Henta 27. februar 2017. 
  9. «Hard Rock Hallelujah – Ultratop». ultratop.be. Henta 27. februar 2017. 
  10. «'Hard Rock Hallelujah' på finsk singelliste». IFPI.fi. Henta 27. februar 2017. 
  11. Hung, Steffen. «Lordi – Hard Rock Hallelujah». dutchcharts.nl. Henta 27. februar 2017. 
  12. «Hard Rock Hallelujah – Chart history». Official Charts Company. Henta 27. februar 2017. 
  13. Hung, Steffen. «Lordi – Hard Rock Hallelujah – hitparade.ch». www.hitparade.ch. Henta 27. februar 2017. 
  14. «Lordi – Hard Rock Hallelujah (Song)». swedishcharts.com. Henta 27. februar 2017. 
  15. «Offisiell tysk singelliste (skriv 'Lordi' i søkefeltet)». Deutsche Offizielle Charts. Henta 27. februar 2017.