I Wanna av Marie N

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«I Wanna»
Song av Marie N

Land Latvia
Språk Engelsk
Utgjeve 2002
Sjanger Pop, salsa, latinomusikk
Lengd 03:00
Selskap Baltic Records Group[1]
Komponist Marija Naumova
Tekstforfattar Marija Naumova
Låtskrivar(ar) Marija Naumova og Marats Samauskis

«I Wanna» (‘eg vil’), opphavleg kalt «I Wonna», er ein latvisk latino-inspirert popsong som vann Eurovision Song Contest 2002 for Latvia. Songen blei framført av Marija Naumova under artistnamnet Marie N. Ho hadde laga låten saman med Marats Samauskis. Dette var den fyrste sigeren til Latvia i Eurovision Song Contest, men songen floppa kommersielt etter sigeren.[2] Songen tok seg ikkje inn på nokon av hitlistene i Vest-Europa og er ein av dei minst suksessfulle vinnarlåtane gjennom Eurovision-historia.[3][4]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«I Wanna» deltok i den latviske finalen i Ventspils 2. mars 2002, då med tittelen «I Wonna». I telefonavrøystinga vann songen ein klår siger med 26 561 røyster og blei det latviske bidraget til Eurovision Song Contest i Tallinn laurdag 25. mai same år.[5]

I den internasjonale finalen hadde songen skifta tittel til «I Wanna», og Marija Naumova kalla seg no «Marie N». Songen var det 23. og nest siste bidraget ut på scena i Tallinn, og songen skilde seg ut på grunn av framføringa. Marie N starta songen iført ein kvit dress og ein hatt som ein av dansarane fjerna. Undervegs i songen kledde dansarane av ho plagg og for plagg, og under hadde ho ein kort, raud kjole. På slutten av songen drog dansarane i kjolen slik at kjolen gjekk heile vegen ned til føtene.[6]

Det friske dansenummeret gjorde truleg at sjåarane hugsa songen, og i avrøystinga kjempa Latvia ein tett kamp om sigeren med Malta. Ikkje før Litauen røysta som siste land, blei det klårt at «I Wanna» vann tevlinga med 176 poeng – 12 poeng føre Malta. Latvia fekk 12 poeng frå fem land, men forholdsvis låge poeng frå Norden: Sverige gav 5 poeng, Finland 6 poeng og Danmark 7 poeng.[7] Noreg deltok ikkje i Eurovision Song Contest dette året på grunn av sisteplassen året før.

Dette var fyrste gongen Latvia vann Eurovision Song Contest.

Etter Eurovision[endre | endre wikiteksten]

I likskap med «Everybody», som vann Eurovision Song Contest året før, var «I Wanna» ein uventa vinnar som blei fort gløymd etter tevlinga. Faktisk dukka han ikkje opp på nokre av singellistene i Vest-Europa. Berre i belgiske Flandern dukka han opp på singellisten – men utanfor den offisielle Ultratop 50. I staden dukka han opp som nummer 15 på utfordrarlista Ultratip, altså songar som ligg rett under den offisielle topp 50-lista.[8]

Men Marie N fekk ein relativt suksessrik karriere i Latvia, og året etter var ho programleiar for Eurovision Song Contest i Riga, saman med Renārs Kaupers.[3]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2002) Høgaste
plassering
Veker
på lista
Debutdato
 Belgia Flandern (Ultratip)[8] 65* 2 20. juli 2002

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Marie N* ‎– I Wanna». Discogs.com. Henta 26. februar 2017. 
  2. «Eurovision Song Contest 2002». eurovision.tv. Henta 26. februar 2017. 
  3. 3,0 3,1 Jon O'Brien (13. mai 2016). «21st Century Eurovision winners: Where are they now?». Metro.co.uk. Henta 26. februar 2017. «I Wanna, is reportedly the smallest Eurovision hit ever» 
  4. «Worst Eurovision Winners Ever». The Eurovision Times. Henta 26. februar 2017. 
  5. «Latvian National Final 2002». National Finals Pages. Henta 26. februar 2017. 
  6. «Opptak av 'I Wanna' fra Eurovision Song Contest 2002». ETV/EBU via YouTube. 15. mai 2007. Henta 26. februar 2017. 
  7. «Eurovision Song Contest 2002 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 26. februar 2017. 
  8. 8,0 8,1 Hung, Steffen. «Marie N – I Wanna». ultratop.be. Henta 26. februar 2017.