…And Then There Were Three…

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå And Then There Were Three)
Hopp til navigering Hopp til søk
…And Then There Were Three…
Studioalbum av Genesis
Utgjeve 7. april 1978 (UK)
23. mars 1978 (US)
Innspelt September–oktober 1977 i Relight Studios/Hilvarenbeek i Nederland
Sjanger Progressiv rock, softrock
Lengd 53:27
Selskap Charisma, Virgin, Atlantic
Produsent David Hentschel og Genesis
Kritikk
Genesis-kronologi
Seconds Out
(1977)
…And Then There Were Three… Duke
(1980)


…And Then There Were Three… er det niande studioalbumet til det britiske bandet Genesis og kom ut i 1978. Det vart det første albumet bandet gav ut som ein trio.

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Tittelen …And Then There Were Three… («og då var det tre») syner til at Steve Hackett nettopp hadde slutta, slik at det berre var tre medlemmar att i Genesis. Denne besetninga vart den lengstvarande i historia til bandet og varte heilt til 1996.

Songen «Scenes From a Night's Dream» er basert på eventyra til teikneseriehelten Little Nemo, og var den første Genesis-songen der Phil Collins hadde skrive heile teksten aleine. «Say It's Alright Joe» er ein sentimental kjærleikssong om ein fyllik som drikk seg medvitslaus.

Albumet nådde tredjeplassen på albumlista i Storbritannia og låg inne på lista i 32 veker[6] etter suksessenmed singelen «Follow You Follow Me», som nådde Topp 10 i Storbritannia og vart den første hitten til Genesis i USA. …And Then There Were Three… nådde 14. plassen i USA og vart den første gullplata til bandet i det landet. Det oppnådde etter kvart òg platinaplate.

Sjølv om mange songane framleis hadde ei progressiv form, gjekk arrangementa av songane frå det meir klassiske, sats-aktige oppbygginga til eit meir standard vers/refreng/mellomspel-format. Dette var det siste Genesis-albumet der det vart nytta Mellotron.

Ein SACD / dobbel DVD (med nye 5.1- og stereomiksar) kom ut 2. april 2007.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget vart teikna av Hipgnosis, designstudioet skipa av Storm Thorgerson (mest kjend for arbeidet med Pink Floyd). I eit intervju meinte Thorgerson at omslaget var mislukka.


Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Down and Out»  Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford 5:26
2. «Undertow»  Banks 4:46
3. «Ballad of Big»  Banks, Collins, Rutherford 4:50
4. «Snowbound»  Rutherford 4:31
5. «Burning Rope»  Banks 7:10
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «Deep in the Motherlode»  Rutherford 5:15
7. «Many Too Many»  Banks 3:31
8. «Scenes from a Night's Dream»  Banks, Collins 3:30
9. «Say It's Alright Joe»  Rutherford 4:21
10. «The Lady Lies»  Banks 6:08
11. «Follow You Follow Me»  Banks, Collins, Rutherford 4:02

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon
  • Produsert av Genesis & David Hentschel
  • Lydteknikar og miks av David Hentschel & Steve Short

Footnotes[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas (2011 [last update]). «And Then There Were Three – Genesis | AllMusic». allmusic.com. Henta 24. september 2012. 
  2. Christgau, Robert. «Robert Christgau: Album: Genesis: . . . And Then There Were Three . . .». robertchristgau.com. Arkivert frå originalen den 6 June 2011. Henta 24. september 2012. 
  3. Bloom, Michael (10. august 1978). «Genesis: And Then There Were Three : Music Reviews : Rolling Stone». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. mai 2008. Henta 17. oktober 2012. 
  4. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The new Rolling Stone album guide. New York: Simon & Schuster. s. 327–328. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  5. Andy Fyfe Q,. mai 2007, Issue 250.
  6. Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 17. oktober 2012.