Hopp til innhald

Bosnia-Hercegovina i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bosnia-Hercegovina

(1998–i dag)

(1993–1997)
OffisieltBosnia and Herzegovina, Bosnia-Herzegovina, Bosnia Herzegovina, Bosnia and Herzegovina

Radiotelevizija Bosne i Hercegovine
Uttakingar
Deltaking
Debutår1993
Deltakingar18
Beste resultat
Semifinalen2 (2006)
Finalen3 (2006)
Verste resultat
Semifinalen11 (2016)
Finalen22 (1996)
Poeng
Semifinalane946
Finalane1 242
Totalt2 188

Bosnia-Hercegovina debuterte i Eurovision Song Contest i 1993 og har delteke til saman 19 gongar. Frå 1961 til 1991 deltok landet i Eurovision Song Contest som ein del av Jugoslavia, og i 1993 debuterte Bosnia-Hercegovina som sjølvstendig nasjon etter å ha komme på andreplass i kvalifiseringsrunda Kvalifikacija za Millstreet. Bosnia-Hercegovina har aldri vunne Eurovision Song Contest, men har ein tredjeplass fra 2006 som beste plassering. Sidan 2012 har Bosnia-Hercegovina berre delteke éin gong, i 2016. Fråværet skuldast hovudsakleg økonomiske problem i den bosniske allmennkringkastaren Radiotelevizija Bosne i Hercegovine (BHRT).

Fram til byrjinga av 1990-åra var Bosnia-Hercegovina eun del av Jugoslavia, som hadde delteke i Eurovision Song Contest sidan 1961. I 1991 og 1992 erklærte Slovenia, Kroatia, dåverande Republikken Makedonia og Bosnia-Hercegovina sjølvstende frå Jugoslavia.

Utdjupande artikkel for dette emnet er Jugoslavia i Eurovision Song Contest.

Dramatisk debut

[endre | endre wikiteksten]

I 1993 melde Bosnia-Hercegovina seg på Eurovision Song Contest saman med seks andre land frå den tidlegare Austblokka. For å halde deltakartalet nede, kravde Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) at dei sju nye landa måtte gjennom ein eigen førehandskvalifisering, kalla Kvalifikacija za Millstreet (Kvalifisering til Millstreet). Dei tre beste landa i kvalifiseringen ville få ein plass i Eurovision Song Contest. Bosnia-Hercegovina vart nummer to i kvalifiseringen og sikra seg ein plass i finalen i 1993.

Dei fyrste deltakingene til Bosnia-Hercegovina var prega av den blodige krigen som herja i landet i 1990-åra. Landets fyrste deltakar, Fazla, og resten av den bosniske delegasjonen måtte på dramatisk vis ta seg ut av Sarajevo for å kunne komme til Irland. Sarajevo var på denne tida under kringsetjing. Under avrøystinga i Eurovision Song Contest same år måtte arrangørane bruke satellittsamband for å få kontakt med den bosniske juryen, sidan telefonnettet var nede i store delar av landet. Då dei fekk kontakt med den bosniske juryen, vart den bosniske juryen møtt med varm applaus frå publikum.[1]

Under Eurovision Song Contest i Dublin i 1994 vart dei bosniske artistane Alma og Dejan møtt med overveldande jubel og applaus frå publikum. Applausen var så langvarig og kraftig at Denjan ikkje høyrde at orkesteret hadde byrja å spele.[2] Også då den bosniske juryen vart kalla opp under avrøystinga, var applausen så øyredøyvande at programleiaren måtte be poengopplesaren Diana Grković-Foretić lese opp røystene frå start igjen. Noko liknande skjedde også under tevlinga i 1995.[3]

Etter starten

[endre | endre wikiteksten]

Sidan debuten og fram til 2012 var Bosnia-Hercegovina ein trofast deltakar i Eurovision Song Contest, men landet måtte stå over i 1998 og 2000. Årsaka var dårlege plasseringar åra før.

I åra 20132015 deltok heller ikkje Bosnia-Hercegovina i tevlinga, på grunn av økonomiske problem hos allmennkringkastaren Radiotelevizija Bosne i Hercegovine. Landet kom tilbake i 2016, men har stått over Eurovision Song Contest sidan 2017 på grunn av den vanskelege økonomiske situasjonen i BHRT.[4] Kringkastaren skyldar EBU over 3 millioner euro og vart i 2017 utestengd frå å deltake i EBUs tevlingar og distribusjonsnettverk for nyheiter og idrett.[5] Kringkastaren jobbar med å tilbakebetale gjelda, med ein mogleg retur til Eurovision Song Contest tidlegast i 2020.[6]

Bosnia-Hercegovina har aldri vunne Eurovision Song Contest, men den beste plasseringa til landet kom i 2006, då gruppa Hari Mata Hari kom på tredjeplass med songen «Lejla». Det dårlegaste resultatet kom i Oslo i 1996, då Bosnia-Hercegovina ble nummer 22 av 23. I 2016 gjekk ikkje Bosnia-Hercegovina vidare til finalen, då dei vart nummer 11 i sin semifinale.[7]

ÅrArtistSongSpråkFinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
1993Fazla«Sva bol svijeta»Bosnisk2716522
1994Alma og Dejan«Ostani kraj mene»Bosnisk3915Ingen semifinalar
1995Davorin Popović«Dvadeset prvi vijek»Bosnisk1419
1996Amila Glamočak«Za našu ljubav»Bosnisk13222922
1997Alma Čardžić«Goodbye»Bosnisk1822Ingen semifinalar
1998Deltok ikkje
1999Dino og Béatrice«Putnici»Bosnisk og fransk867
2000Deltok ikkje
2001Nino Pršeš«Hano»Bosnisk og engelsk2914
2002Maja Tatić«Na jastuku za dvoje»Serbisk og engelsk3313
2003Mija Martina«Ne brini»Kroatisk og engelsk2716
2004Deen«In the Disco»Engelsk9191337
2005Feminnem«Call Me»Engelsk7914Direktekvalifisert
2006Hari Mata Hari«Lejla»Bosnisk22932672
2007Marija Šestić«Rijeka bez imena»Serbisk10611Direktekvalifisert
2008Laka«Pokušaj»Bosnisk11010729
2009Regina«Bistra voda»Bosnisk10691253
2010Vukašin Brajić«Thunder and Lightning»Engelsk5117598
2011Dino Merlin«Love in Rewind»Engelsk og bosnisk12561095
2012Maya Sar«Korake ti znam»Bosnisk5518776
Deltok ikkje 20132015
2016Dalal og Deen med Ana Rucner og Jala«Ljubav je»BosniskIkkje kvalifisert10411
  • Resultata frå semifinalane i 1993 og 1996 er ikkje offisielt godkjend av Den europeiske kringkastingsunionen, og var berre med på å avgjere kva for land som fekk delta i Eurovision Song Contest.

Røystehistorikk

[endre | endre wikiteksten]

Bosnia-Hercegovina har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
01 Kroatia115
02 Tyrkia95
03 Serbia76
04 Slovenia61
05 Frankrike59
Bosnia-Hercegovina har fått flest poeng frå
#LandPoeng
01 Kroatia144
02 Tyrkia129
03 Slovenia100
04 Austerrike74
Sverige

Semifinalane

[endre | endre wikiteksten]

Bosnia-Hercegovina har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
01 Makedonia71
02 Kroatia61
03 Slovenia49
04 Montenegro38
Tyrkia
Bosnia-Hercegovina har fått flest poeng frå
#LandPoeng
01 Sverige53
02 Slovenia51
03 Kroatia50
Makedonia
05 Tyrkia46
  1. Kohn, Marek (1. mai 1993). «Arts: Would you risk your life for Eurovision?: Bosnia-Herzegovina's entry for Eurovision brings the chill of war to bubblegum pop». The Independent.
  2. «Eurovision 1994 Bosnia-Herzegovina (framføring fra finalen)». EBU/RTÉ via YouTube. 21. juli 2010. Henta 4. desember 2016.
  3. Paul Jordan (8. februar 2012). «Make Love not War at Eurovision». ESC Insight. Henta 4. desember 2016.
  4. Sanjay (Sergio) Jiandani (17. november 2014). «Bosnia & Herzegovina: BHRT will not return to Eurovision in 2015». esctoday.com. Henta 30. november 2016.
  5. «Bosnia & Herzegovina: BHRT Barred From Competing in Eurovision Contests - Eurovoix». Eurovoix (på engelsk). 25. mai 2018. Henta 27. mai 2018.
  6. Granger, Anthony (29. desember 2018). «Bosnia & Herzegovina: Eurovision Participation Dependent on Resolving Funding Issues at BHRT». Eurovoix (på engelsk). Henta 29. desember 2018.
  7. «Bosnia & Herzegovina – Eurovision Song Contest». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 30. november 2016.