Hopp til innhald

Land i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
██ Land som debuterte i 1950-åra. ██ Land som debuterte i 1960-åra ██ Land som debuterte i 1970-åra ██ Land som debuterte i 1980-åra ██ Land som debuterte i 1990-åra ██ Land som debuterte i 2000-åra 1: Deltok som ein del av Jugoslavia frå 1961 til 1991
2: Deltok som ein del av Jugoslavia frå 1961 til 1991 og seinare Serbia og Montenegro frå 2004 til 2005
██ Land som har delteke i tevlinga ██ Land som kan delta i tevlinga ██ Land som skulle delta i tevlinga

Land i Eurovision Song Contest gjev oversyn over land som har delteke i Eurovision Song Contest. 51 land har delteke i Eurovision Song Contest sidan tevlinga starta i 1956. Av desse har 25 vunne tevlinga. Eurovision Song Contest, organisert av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), vert arrangert årleg.

Tevlinga er open for alle aktive kringkastingsmedlemmar i EBU. For å vere aktivt medlem må kringkastaren vere i Det europeiske kringkastingsområde eller i eit av medlemslanda til Europarådet. Kven som kan delteke er ikkje bestemt av den geografiske plasseringa innanfor kontinentet Europa, til tross for «Euro» i «Eurovision» – han har heller ikkje ein direkte samband med Den europeiske unionen (EU). Fleire land som geografisk ligg utanfor grensene til Europa har delteke: Israel som ligg i Midtausten, Kypros og Armenia som ligg i Vest-Asia og Marokko som ligg i Nord-Afrika. I tillegg har fleire transkontinentale land, som berre har ein del av territoriet sitt i Europa, delteke: Tyrkia, Russland, Georgia og Aserbajdsjan. To av landa som tidlegare har søkt om å få delteke: Libanon som ligg i Vest-Asia og Tunisia som ligg i Nord-Afrika, ligg òg utanfor Europa. Qatar som ligg i Vest-Asia har òg vist sin interesse for å delteke. I 2015 fekk Australia i Oseania delteke i tevlinga på grunn av 60-årsjubiléet, trass i at landet ligg utanfor Det europeiske kringkastingsområde, ikkje er medlem av Europarådet og ikkje er aktivt meldem i Den europeiske kringkastingsunionen.[1]

Talet på land som har delteke kvart år har vakse jamnt og trutt, frå sju i 1956 til over 20 i slutten av 1980-åra. Ettersom talet deltakarar har auka, har det mellom anna vorte arrangert kvalifiseringar. I 1993 vart Kvalifikacija za Millstreet arrangert i Slovenia. Då tevla sju austeuropeiske land om dei tre siste plassane i finalen i Irland. Etter 1993 vart det bestemt at dei seks landa med dårlegast poengsum ikkje fekk delteke i tevlinga året etter. I 1996 vart det introdusert eit nytt system. Lydopptak av alle dei 29 deltakarane vart sendt til dei nasjonale juriane. Dei 22 songane som fekk høgast plassering av juriane fekk delteke i Eurovision Song Contest. Vertslandet Noreg var direkte kvalifisert til finalen. Frå 1997 til 2001 vart det nytta eit system som gjorde at det landa med lågast gjennomsnittleg poengsum over dei fem føregåande åra ikkje fekk delteke. Kvart land kunne ikkje verte halden utanfor tevlinga i meir enn eitt år, før dei fekk vere med att.

Mellom 2001 og 2003 vart systemet frå 1994 og 1995 nytta. I 2004 vart det arrangert ein semifinale. Dei ti landa høgast poengsum frå året før kvalifisert seg for finalen, saman med «Dei fire store»: dei største økonomiske bidragsytarane til EBU. Alle dei andre landa deltok i semifinalen. Ti land kvalifiserte seg frå semifinalen, og det vart då 24 land i finalen. I 2008 vart det arrangert to semifinalar der alle landa, utanom vertslandet og «Dei fire store», deltok.

Nokre land, som Tyskland og Storbritannia, har delteke om lag kvart år, i motsetnad til Marokko, som berre har delteke ei gong. To land, Tunisia og Libanon, har forsøkt å delteke, men trekte seg før finalen. Liechtenstein, som ikkje er medlem i EBU, forsøkte å delteke i 1969, 1976 og 2011 uten å lukkast. I 2010 fekk dei lov å delteke, men deltok ikkje grunna finansielle problem.

Deltakarar

[endre | endre wikiteksten]
DebutårLandDeltakingarVinnarKringkastar
1956 Belgia5511956–i dag: Vlaamse Radio- en Televisieomroeporganisatie (VRT, nederlandsk)
1956–1960: Institut national belge de radiodiffusion (I.N.R., fransk)
1960–1977: Radio-Télévision belge (R.T.B., fransk)
1977–2010: Radio-Télévision belge de la Communauté française (RTBF, fransk)
2010–i dag: Radio-Télévision belge de la Communauté française (RTBF.be, fransk)
1956 Frankrike5651956–1964: Radiodiffusion-Télévision Française (RTF, fransk)
1965–1974: Office de Radiodiffusion Télévision Française (ORTF, fransk)
1975–1981: TF1 (fransk)
1983–1992: Antenne 2 (fransk)
1993–1998: France 2 (fransk)
1999–i dag: France 3 (fransk)
1956 Vest-Tyskland (1956–1990)
Tyskland (1991–i dag)
5721956–i dag: Norddeutscher Rundfunk (NDR, tysk)
1956–i dag: Arbeitsgemeinschaft der öffentlich-rechtlichen Rundfunkanstalten der Bundesrepublik Deutschland (ARD, tysk)
1956 Italia3921956–i dag: RAI Radiotelevisione Italiana (RAI, italiensk)
1956 Luxembourg3751956–1972: Télé-Luxembourg (fransk)
1972–1982: RTL Télé Luxembourg (fransk)
1982–1991: RTL Télévision (fransk)
1991–1995: RTL TV (fransk)
1995–i dag: RTL9 (fransk)
1956 Nederland5441956–1969: Netherlands Television Service (NTS, nederlandsk)
1970–2009: Nederlandse Omroep Stichting (NOS, nederlandsk)
2010–2013: Televisie Radio Omroep Stichting (TROS, nederlandsk)
2014: AvroTros (nederlandsk)
1956 Sveits5421956–i dag: SRG SSR (tysk, fransk, italiensk og retoromansk)
1957 Austerrike4611957–1958: Österreichisches Rundspruchwesen (tysk)
1958–i dag: Österreichischer Rundfunk (ORF, tysk)
1957 Danmark4231957–1959: Statsradiofonien (dansk)
1959–1996: Danmarks Radio (DR, dansk)
1996–i dag: DR (dansk)
1957 Storbritannia5651957–i dag: British Broadcasting Corporation (BBC, engelsk)
1958 Sverige5351958–1979: Sveriges Radio (SR, svensk)
1980–i dag: SVT (svensk)
1959 Monaco2411959–1963: Télé Monte Carlo (fransk)
1963–1993: TMC (fransk)
1993–2001: Monte-Carlo TMC (fransk)
2001–2004: TMC (fransk)
2004–2009: TMC Monte-Carlo (fransk)
2009–i dag: TMC (fransk)
1960 Noreg5231960–i dag: Norsk rikskringkasting (NRK, norsk)
1961 Finland4711961–i dag: Yleisradio (Yle, finsk)
1961 Spania (1961–1976)
Spania (1977–1981)
Spania (1982–i dag)
5321961–i dag: Corporación de Radio y Televisión Española (RTVE, spansk)
1961 Jugoslavia (1961-1991)
Fil:EuroSerbia-Montenegro.svg Jugoslavia (1992)
2511961–1992: Jugoslavenska radiotelevizija (JRT, serbokroatisk og slovensk)
1964 Portugal4501964–1976: Emissora Nacional de Radiodifusão (portugisisk)
1976–2004: Radiodifusão Portuguesa/Radiotelevisão Portuguesa (portugisisk)
2004–i dag: Rádio e Televisão de Portugal (RTP, portugisisk)
1965 Irland4771965–i dag: Raidió Teilifís Éireann (RTÉ, engelsk)
1971 Malta2601971–1975: Malta Television Service (engelsk)
1975–1993: Xandir Malta (XM, engelsk)
1993–i dag: Public Broadcasting Services (PBS, engelsk)
1973 Israel3631973–i dag: Rashùt Ha-Shidúr (IBA, hebraisk)
1974 Hellas (1974)
Hellas
3411974–2013: Ellinikí Radiofonía Tileórasi (ERT, gresk)
2014–i dag: Néa Ellinikí Radiofonía, Ínternet kai Tileórasi (NERÍT, gresk)
1975 Tyrkia3411975–i dag: Türkiye Radyo ve Televizyon Kurumu (TRT, tyrkisk)
1980 Marokko0101980–i dag: SNRT (arabisk)
1981 Kypros3101981–i dag: Radiofonikó Ídrima Kýprou (RÍK, gresk)
1986 Island2601986–i dag: Ríkisútvarpið (RÚV, islandsk)
1993 Bosnia-Hercegovina (1993–1997)
Bosnia-Hercegovina (1998–i dag)
1801993–1995: Radiotelevizija Bosne i Hercegovine (RTV BiH)
1995–2000: Bosanskohercegovačka televizija (BHT, bosnisk)
2000–2004: Javni radiotelevizijski servis Bosne i Hercegovine (PBS HiB, bosnisk)
2004–i dag: Bosanskohercegovačka radiotelevizija (BHRT, bosnisk)
1993 Kroatia2101993–i dag: Hrvatska radiotelevizija (HRT, kroatisk)
1993 Slovenia1901993–i dag: Radiotelevizija Slovenija (RTV SLO, slovensk)
1994 Estland1911994–2007: Eesti Televisioon (ETV, estisk)
2007–i dag: Eesti Rahvusringhääling (ERR, estisk)
1994 Ungarn1101994–2010: Magyar Televízió (MTV, ungarsk)
2011–i dag: Médiaszolgáltatás-támogató és Vagyonkezelő Alap (MTVA, ungarsk)
1994 Romania1501994–i dag: Societatea Românǎ de Televiziune (TVR, rumensk)
1994 Polen1601994–i dag: Telewizja Polska (TVP, polsk)
1994 Litauen1401994: Lietuvos nacionalinis radijas ir televizija (LRT, litauisk)
1994 Slovakia0701994–2010: Slovenská televízia (STV, slovakisk)
2011–i dag: Rozhlas a televízia Slovenska (RTVS, slovakisk)
1994 Russland1711993–1997: RTR (russisk)
1997–1998: RTR1 (russisk)
1998–2002: RTR (russisk)
2002–2010: Russia (russisk)
2010–i dag: Rossiya 1 (russisk)
1995–2002: Obsjtsjestvennoje Rossijskoe Televidenie (ORT, russisk)
2002–i dag: Pervyj Kanal (russisk)
1998 Makedonia1301998–i dag: Makedonska radio televizija (MRT, makedonsk)
2000 Latvia1412000–i dag: Latvijas Televīzija (LTV, latvisk)
2003 Ukraina1112003–i dag: Natsionalna Telekompaniya Ukrayiny (NTU, ukrainsk)
2004 Kviterussland1002004–i dag: Nayjanalhaja dziarzjaunaia teleradyjokampanija Respubliki Belarus (NDTRK RB, kviterussisk og russisk)
2004 Albania1002004–i dag: Radio Televizioni Shqiptar (RTSH, albansk)
2004 Andorra0602004–i dag: Ràdio i Televisió d'Andorra (RTVA, katalansk)
2004Fil:EuroSerbia-Montenegro.svg Serbia og Montenegro (2004–2005, røysta i 2006)0202004–i dag: Udruženje javnih radija i televizija (UJRT, serbisk)
2005 Bulgaria0902005–i dag: Bŭlgarska natsionalna televiziya (BNT, bulgarsk)
2005 Moldova0902005–i dag: TeleRadio-Moldova (TRM, moldovsk)
2006 Armenia0702006–i dag: Hayastani Hanrayin herrustaynkerut’yun (AMPTV, armensk)
2007 Georgia0602007–i dag: Sakartvelos sazogadoebrivi mauts'q'ebeli (SSM, georgisk)
2007 Tsjekkia0302007–i dag: Česká televize (ČT, tsjekkisk)
2007 Montenegro0502007–i dag: Radio televizija Crne Gore (RTCG, montenegrinsk)
2007 Serbia (2007–2010)
Serbia (2011–i dag)
0712007–i dag: Radio-televizija Srbije (RTS, serbisk)
2008 Aserbajdsjan0612008–i dag: İctimai Televiziya və Radio Yayımları Şirkəti (İTV, aserbajdsjansk)
2008 San Marino (2008–2011)
San Marino (2012–i dag)
0402008–i dag: Radiotelevisione della Repubblica di San Marino (SMRTV, italiensk)
2015 Australia0002015: Special Broadcasting Service (SBS, engelsk)


Land som ikkje har delteke

[endre | endre wikiteksten]

Land som trekte seg

[endre | endre wikiteksten]
LandNotar
LibanonLibanon skulle debutere i 2005, men trekte seg fordi dei måtte vise bidraget til Israel. Landet fekk ein straff på tre års utestenging frå tevlinga fordi dei ikkje deltok, sjølv om dei meldte seg på.
TunisiaTunisia skulle debutere i 1977 og starte som nummer fire i finalen, men trekte seg ein kort stund før tevlinga utan nokon forklaring.

Land som har vist interesse

[endre | endre wikiteksten]
LandNotar
AlgerieAlgerie vil delteke, men det finst motstand i landet mot å stille opp så lenge Israel er med.
KasakhstanKasakhstan er ikkje medlem i EBU og kan difor ikkje delteke. Den nasjonale krinkastaren sendte tevlinga i 2010.
KosovoKosovo prøvde å debutere i 2009, etter sjølvstende frå Serbia, men fordi den nasjonale kringkastaren ikkje var medlem i EBU vart det stopp for planane. Sjølv om fleire land har erkjend sjølvstende til Kosovo, er det ikkje sjølvstende erkjendt internasjonalt av mellom anna Dei sameinte nasjonane (SN) og EU, noko som gjer det vanskelegare for Kosovo å verte medlem i EBU.
LiechtensteinLiechtenstein prøvde å debutere i 1969, men fekk ikkje lov å delteke fordi dei ikkje hadde nokon nasjonal kringkastar som var medlem i EBU. Dei hadde valt ut artist og song, sjølv om dei ikkje hadde meldt seg på. Landet prøvde også å debutere i 1976, men dei hadde enno ikkje nokon nasjonal kringkastar som var medlem i EBU, men Sveits tilbød seg å delteke med same flagg som Liechtenstein. Landet hadde valt song og artist, men fekk ikkje lov av arrangørene i Nederland til å delteke. Dei fekk lov å debutere i 2010, men deltok ikkje grunna finansielle problem. Då landet prøvde å debutere i 2011 fekk dei ikkje lov til å delteke.
PalestinaPalestina er ikkje medlem i EBU og får difor ikkje delteke. Landet har vist interesse av å delteke.
QatarQatar er inaktivt medlem i EBU. Landet har vist interesse for å delteke, ettersom landet sendte ein ikkje-tevlingsdelegasjon til tevlinga i 2009.
SovjetunionenSovjetunionen har aldri delteke i tevlinga, men ville debutere i 1987. Etter at Sovjetunionen vart oppløyst, har ti av dei tidlegare sovjetiske republikkane delteke i tevlinga: Russland, Estland, Litauen, Latvia, Ukraina, Kviterussland, Moldova, Armenia, Georgia og Aserbajdsjan. Fem av landa har òg vunne tevlinga.
WalesWales har ynskt å delta i tevlinga, og dei har arrangert ein nasjonal finale sidan 1969. Landet har derimot delteke saman med England, Skottland og Nord-Irland under namnet Storbritannia sidan 1957.

Land som ikkje har vist interesse, men kan delteke

[endre | endre wikiteksten]
LandNotar
Egypt
JordanJordan har sendt tevlinga ved nokon tilfellar, men sensurerar bort bidrget til Israel, noko som ikkje er lov om ein skal delteke i tevlinga.
Libya
VatikanstatenVatikanstaten har ikkje interesse av å delteke fordi den nasjonale kringkastaren berre sender religiøse sendingar på latin.