Tyrkia i Eurovision Song Contest
| |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Offisielt | Tyrkia | ||||
|
|||||
| Uttakingar | |||||
| Nasjonalt | 26 | ||||
| Internt | 8 | ||||
| Deltaking | |||||
| Debutår | 1975 | ||||
| Deltakingar | 34 | ||||
| Beste resultat | |||||
| Semifinalen | 1 (2010) | ||||
| Finalen | 1 (2003) | ||||
| Verste resultat | |||||
| Semifinalen | 13 (2011) | ||||
| Finalen | Sist (1975, 1983 og 1987) | ||||
| Poeng | |||||
| Semifinalane | 790 | ||||
| Finalane | 1 996 | ||||
| Totalt | 2 786 | ||||
Tyrkia debuterte i Eurovision Song Contest i 1975 og deltok til saman 34 gongar inntil landet trekte seg frå tevlinga i 2012 på ubestemt tid. Tyrkia har vunne tevlinga éin gong, i 2003 då Sertab Erener deltok med songen «Everyway That I Can». Tyrkia har òg hamna på sisteplass tre gongar, to av dei utan poeng.[1]
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Det var Tyrkia si statlege kringkastar, TRT, som deltok i Eurovision Song Contest på vegner av Tyrkia. Tyrkia debuterte i 1975 og kom då på ein sisteplass med «Seninle bir dakika», framført av Semiha Yankı. Tyrkia hadde liten suksess i tevlinga fram til 2000, og dei einaste topp ti-plasseringane Tyrkia hadde var ein niandeplass i 1986 og ein tredjeplass i 1997. Fyrst då landet gjekk over til å syngje på engelsk i 2003, fekk landet sin fyrste siger i Eurovision Song Contest då Sertab Erener og «Everyway That I Can» slo Belgia og Russland med høvesvis to og tre poeng.[2]
Sigeren var starten på ein lang periode med høge plasseringar for Tyrkia. På heimebane i 2004 kom gruppa Athena på ein fjerdeplass. To nye fjerdeplassar følgde i 2007 og 2009, og i Oslo i 2010 kom gruppa maNga på ein andreplass. I 2011 klarte ikke Tyrkia å kvalifisere seg til finalen; dette var fyrste og einaste gongen at Tyrkia ikkje kvalifiserte seg til finalen sidan semifinaleordninga vart innført i 2004.
Tyrkia trekkjer seg
[endre | endre wikiteksten]Ved fleire anledningar har Tyrkia stått over tevlinga, fyrste gongen i 1976 og 1977. I 1979 hadde Tyrkia vald både song og artist, men landet trakk seg frå tevlinga kort tid før finalen. Årsaka var at finalen skulle haldast i Jerusalem, og dei arabiske nabolanda kravde at den tyrkiske regjeringa måtte trekkje landet frå tevlinga, på grunn av den arabiske konflikten med vertsnasjonen Israel.[3][4]
I 1994 var ikkje Tyrkia kvalifisert for finalen på grunn av den dårlege plasseringa året før, men frå 1995 deltok Tyrkia kvart einaste år fram til og med 2012.
I desember 2012 offentleggjorde TRT at dei ikkje ville deltake i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö. Den tyrkiske regjeringa grunngav avgjerda med at dei ikkje var fornøgde med dei nye røystereglane i tevlinga. Tyrkia har ikkje delteke sidan, og TRT har førebels ingen planar om å deltake i Eurovision Song Contest igjen.
Bidraga
[endre | endre wikiteksten]Røystehistorikk
[endre | endre wikiteksten]Finalane
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Semifinalane
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Kenan Doğulu i Helsingfors i 2007
Eurovision Song Contest i Tyrkia
[endre | endre wikiteksten]| År | Sted | Arena | Programleiar |
|---|---|---|---|
| 2004 | Abdi İpekçi Arena | Korhan Abay og Meltem Cumbul | |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Turkey – Eurovision Song Contest». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 2. desember 2016.
- ↑ «Eurovision Song Contest 2003». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 2. desember 2016.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1979». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 2. desember 2016.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1979». BBC. Henta 2. desember 2016.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Tyrkia i Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på bokmål, den 24. august 2020.