Can't Go Back av Fleetwood Mac
Utsjånad
Can't Go Back Singel av Fleetwood Mac frå albumet Mirage | ||
B-side |
«That's Alright» | |
---|---|---|
Utgjeve | April 1983 | |
Innspelt | 1982 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 2:42 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Låtskrivar(ar) | Lindsey Buckingham | |
Produsent | Lindsey Buckingham Fleetwood Mac Ken Caillat Richard Dashut | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
«Oh Diane» (1982 UK) «Love in Store» (1982 USA) |
Can't Go Back | «Big Love» (1987)
|
«Can't Go Back» er ein song av den britisk-amerikanske rockegruppa Fleetwood Mac. Han vart skriven og framført av gitaristen Lindsey Buckingham for albumet Mirage i 1982.
I Storbritannia vart songen gjeven ut som oppfølgjaren til singelen «Oh Diane» og vart den fjerde singelen som kom ut frå Mirage, i april 1983. Han vart gjeven ut på 7" og 12", og 12"-versjonen inneheldt «Tusk» og «Over and Over» frå albumet Tusk i 1979 og «Rhiannon» frå albumet Fleetwood Mac i 1975. Han gjorde det godt på UK Singles Chart og nådde 83. plassen.[1]
Trass i at han vart gjeven ut som singel, er ikkje «Can't Go Back» gjeven ut på nokre samlealbum.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Mick Fleetwood - trommer, kastanjettar, bjøller, maracas
- John McVie - bassgitar
- Christine McVie - klaverinstrument
- Lindsey Buckingham - gitarar, vokal, klaverinstrument
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Can't Go Back (Fleetwood Mac song)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- The Great Rock Discography, 6th Edition, Martin C. Strong. ISBN 1-84195-312-1.
- Chartstats.com