Dreams av Fleetwood Mac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dreams
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet Rumours
B-side «Songbird»
Utgjeve 24. mars 1977 (USA), juni 1977 (UK)
Innspelt 1976
Sjanger Soft rock
Lengd 4:17
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Stevie Nicks
Produsent Fleetwood Mac, Richard Dashut
Fleetwood Mac-kronologi
«Don't Stop»
(1977 UK)

«Go Your Own Way»
(1976 USA)
Dreams «You Make Loving Fun»
(1977 UK)

«Don't Stop»
(1977 USA)


«Dreams» er ein song skriven av songar Stevie Nicks for gruppa Fleetwood Mac. Songen vart gjeven ut på albumet Rumours i 1977 og på singel. Singelen var den einaste singelen til gruppa som nådde toppen av salslista i USA, der han selde over ein million eksemplar og er ein av dei mest kjende songane deira.

Bakgrunn og låtskriving[endre | endre wikiteksten]

Medlemmane i Fleetwood Mac hadde alle personlege problem under innspelinga av Rumours. Trommeslagaren Mick Fleetwood gjekk gjennom ein skilsmisse. Bassisten John McVie var separert frå kona si, klaverspelaren Christine McVie. Gitaristen Lindsey Buckingham og Stevie Nicks var i ferd med å avslutte det åtte år lange forholdet sitt. «Me måtte gjennom denne innvikla fornektingsprosessen,» forklarte Buckingham til Blender, «og halde dei personlege kjenslene våre i eit hjørne av rommet, medan me prøvde å vere profesjonelle i det andre.»[1]

Nicks skreiv songane i Record Plant i Sausalito i California tidleg i 1976. «Ein dag då det ikkje var trong for meg i hovudstudioet,» fortalte songar Stevie Nicks til Blender, «tok eg eit Fender Rhodes-piano og gjekk inn i eit anna studio, som skal ha høyrt til Sly, frå Sly & the Family Stone. Det var eit svart og raudt rom, med ei grop i midten av rommet der det stod eit piano, og eit stor seng med svart fløyel og viktorianske gardiner.»[1]

«Eg sat meg ned på senga med pianoet føre meg, fann ein trommerytme og slo på den vesle kassettspelaren min og skreiv 'Dreams' på kring 10 minuttar. Eg likte med ein gong at eg skreiv noko som hadde ein danserytme i seg, fordi det var ganske uvanleg for meg.»[1]

Då Nicks spelte songen for resten av gruppa, valte dei å spele han inn dagen etter. Berre grunnsporet vart spelt inn i Sausalito. Innspelingsassistenten Cris Morris hugsar at «alt dei tok med seg vidare var trommesporet og vokalen til Stevie - gitarane og bassen vart lagt på seinare i Los Angeles.»[1]

Christine McVie skildra songen som «berre tre akkordar og ein note på venstre handa» og «keisam» då Nicks spelte ein uferdig versjon på pianoet. McVie ombestemte seg, etter at Buckingham «skapte tre seksjonar ut av identiske akkordar, og fekk den midtre delen til å høyrast heilt annleis ut. Han skapte inntrykket av det var ein raud tråd som gjekk gjennom heile songen.»[1]

«Dreams» var den andre singelen frå Rumours i USA og nådde toppen av singellista den 18. juni 1977, der han låg ei veke. På AC/Easy Listening-lista nådde «Dreams» ein 11. plass, den høgaste plasseringa til Fleetwood Mac i 1970-åra.[2] I Storbritannia nådde «Dreams» 24. plassen, som den tredje singelen frå albumet. Han låg inne på topp 40 i åtte veker. Ei framføring av songen på ein scene vart nytta som musikkvideo. Fleetwood Mac byrja først å lage musikkvideoar med eit konsept i 1979.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Corrs-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Dreams
Singel av The Corrs
frå albumet Talk on Corners
Utgjeve 4. mai 1998
Innspelt 1995
Sjanger Pop, folkrock
Lengd 4:18
Selskap 143/Lava/Atlantic
Låtskrivar(ar) Stevie Nicks
Produsent Oliver Leiber
The Corrs-kronologi
«What Can I Do»
(1998)
Dreams «So Young»
(1998)


«Dreams» er ein coverversjon spelt inn av The Corrs. «Dreams» vart opphavleg spelt inn for Legacy: A Tribute to Fleetwood Mac's Rumours, der andre artistar spelar songar frå Rumours, mellom andre «Don't Stop» av Elton John, «You Make Loving Fun» av Jewel og andre frå the Goo Goo Dolls og the Cranberries. Han vart den første store hitten til The Corrs i Storbritannia og musikkvideoen vann prisen for beste Adult Contemporary-video hos magasinet Billboard i 1998. Då songen vart ein hit, vart det andre studioalbumet til the Corrs, Talk on Corners, gjeve ut på nytt med «Dreams».

The Corrs framførte «Dreams» med Mick Fleetwood frå Fleetwood Mac på konserten sin i Royal Albert Hall på St. Patrick's Day i 1998.

Tee's remix gjorde at «Dreams» klatra til sjetteplassen i Storbritannia og låg inne på lista i 10 veker.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  • CD
  1. «Dreams» (radio edit) – 4:18
  2. «Dreams» (Tee's Radio) – 3:53
  3. «Dreams» (Tee's New Radio) (Todd's Henry St. Mix) – 3:52
  4. «Dreams» (TNT Pop extended mix) – 8:40
  5. «Dreams» (Tee's Club) – 7:39
  6. «Dreams» (Tee's in House mix) – 4:32

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1999) Plassering
Australian ARIA Singlar Chart[3] 47
Canadian Adult Contemporary[4] 10
Canadian RPM Top 100 Singlar[5] 38
Frankrike[6] 52
Tyskland[7] 73
Irish Singles Chart[8] 6
Nederland Mega Single Top 100[9] 71
UK Singles Chart[10] 6


Deep Dish med Stevie Nicks[endre | endre wikiteksten]

I 2005 song Nicks på ein ny versjon av songen av DJ og house-duoen Deep Dish. Songen finst på albumet deira George Is On, og vart ein hit på UK Singles Chart. I USA nådde versjonen 26. plassen på Hot Dance Club Play-lista. Ein redigert versjon av songen var med på albumet til Nicks, Crystal Visions – The Very Best of Stevie Nicks i 2007.

Liste (2006) Plassering
Australia Singles Chart 27
Nederland 18
Belgia 42
Irish Singles Chart 22
Finland 6
US Hot Dance Club Play 26
UK Singles Chart 14
Italia 39

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]