I Know I'm Not Wrong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Know I'm Not Wrong
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet Tusk
Utgjeve 19. september 1979
Innspelt 1978–1979
Sjanger Rock, psykedelisk rock, bluesrock
Lengd 3.02
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Lindsey Buckingham
Produsent Fleetwood Mac, Richard Dashut, Ken Caillat

«I Know I'm Not Wrong» er ein song av Fleetwood Mac frå albumet Tusk i 1979. Han vart spelt inn som den siste songen på side tre av albumet den 19. september 1979, skriven av Lindsey Buckingham. Det enkle arrangement på songen var inspirert av punkrock og new wave.

Ein heilt annleis versjon av songen vart gjeven ut på 2004-utgåva av Tusk. I lag med denne versjonen vart det gjeve ut tre andre, tidlege demoversjonar av songen på denne plata. Den eine var ein instrumental, medan dei to andre, «Song #1 (I Know I'm Not Wrong)» og «Song # 1 (I Know I'm Not Wrong) (alternate)» var begge tidlege opptak. Alle instrumenta på desse demoversjonane vart framførte av Buckingham sjølv.

«I Know I'm Not Wrong» vart øvd inn for Tusk-turneen, men aldri framført. Fleetwood Mac framførte songen på Unleashed-turneen i 2009 og On With the Show-turneen i 2014.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]