Everywhere av Fleetwood Mac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Everywhere
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet Tango in the Night
B-side

«When I See You Again»

Språk engelsk
Utgjeve 28. november 1987 (USA)
24. februar 1988 (UK)
Innspelt 1985-1987
Sjanger Softrock
Lengd 3:41 (album)
5:40 (extended)
Selskap Warner Bros.
Tekstforfattar Christine McVie
Låtskrivar(ar) Christine McVie
Produsent
Britiske singlar-kronologi 
«Family Man»
(1987)
Everywhere «Isn't It Midnight»
(1988)
Amerikanske singlar-kronologi
«Little Lies»
(1987)
Everywhere «Family Man»
(1988)


«Everywhere» er ein singel av det britisk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac frå albumet Tango in the Night, skriven av Christine McVie som òg syng solovokal på songen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Everywhere» vart gjeven ut på singel i Storbritannia den 24. februar 1988 og nådde fjerdeplassen der. I USA vart han gjeve ut tidlegare, den 28. november 1987 og nådde 14. plassen på Billboard Hot 100-lista og førsteplassen av adult contemporary-lista, der han låg i tre veker.[1] Singelen nådde òg 45. plassen i Australia.

Etter at songen vart nytta i ein reklame for det britiske mobilselskapet 3,[2] gjekk songen inn att på UK Singles Chart og nådde då 15. plassen i mars 2013. Som følgje av denne nye suskessen, vart songen med på samleplata Now That's What I Call Music! 84 i mars 2013[3] i tillegg til samlealbumet The Hits Album 8 i juli 1988. Singelen har seld til sølvplate i Storbritannia for digitale sal i overkant av 200 000.

Ein 12-tommars singel vart òg gjeven ut med ein lengre dance-versjon og ein dub-versjon. «Everywhere» var òg den første singelen til bandet som vart gjeven ut på CD. Alle formata inneheldt B-sida «When I See You Again», frå albumet Tango in the Night. 12"-formatet inneheld ein lengre miks av «Everywhere» og CD-singelen inneheld bonusspora «Rhiannon» og «Say You Love Me» frå albumet Fleetwood Mac frå 1975.

Videoen til songen er ei framsyning av diktet The Highwayman av Alfred Noyes. Det finst to versjonar av videoen, ein med soga i blanda klipp av bandmedlemmane, og eit utan klipp av bandmedlemmane.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

12" UK single (Warner Brothers Records W8143T)
  1. «Everywhere» (extended version) – 5:40
  2. «Everywhere» (LP version) – 3:48
  3. «Everywhere» (dub) – 3:50
  4. «When I See You Again"

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1987/88) Plassering
Belgia (Flandern) [4] 1
Canadian RPM Top 100 Singlar[5] 29
Canadian RPM Adult Contemporary[6] 1
Nederland[7] 4
Irish Singles Chart [8] 2
New Zealand[9] 43
UK Singles Chart[10] 4
US Billboard Hot 100[11] 14
US Billboard Adult Contemporary[11] 1
US Billboard Album Rock Tracks[11] 22

Liste (2013) Plassering
UK Singles Chart[10] 15

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • I 1996 spelte Chaka Khan inn songen for samlealbumet Epiphany: The Best of Chaka Khan, Vol. 1
  • I 2000 sampla den engelske gruppa S Club akkompangementet for songen deira «Summertime Feeling» frå albumet Sunshine.
  • I 2004 vart ein dance-versjon gjeven ut av elektronikabandet Climax.[12]
  • I 2005 vart songen spelt inn av den australske gruppa Moustache, med songaren Melinda Jackson. Denne versjonen er ein house-versjon som nådde 19. plassen i Australia.[13]
  • Songen vart spelt inn av Vampire Weekend
  • Hot Chip spelte songen som ein del av ein medley med songen deira «Hold On» på somme av konsertane deira.
  • Electric Six spelte inn songen på coveralbumet Mimicry and Memories (2015) etter å ha spelt songen på konsertar fleire gonger.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 94. 
  2. «3 commercial on YouTube featuring Everywhere». Henta 21 April 2013. 
  3. «'Everywhere' on NOW That's What I Call Music! 84». Amazon. Henta 22 April 2013. 
  4. «ultratop.be Fleetwood Mac – «Little Lies"» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). Ultratop. Henta 12. august 2015. 
  5. «Top Singlar - Volume 47, No. 19». RPM. 27 February 1988. Henta 12. august 2015. 
  6. «Adult Contemporary - Volume 47, No. 19». RPM. 27 February 1988. Henta 12. august 2015. 
  7. «dutchcharts.nl Fleetwood Mac – «Little Lies"» (ASP). Hung Medien. MegaCharts. Henta 12. august 2015. 
  8. «Search the Charts» (enter «Fleetwood Mac» into the «Search by Artist» box, then select «Search"). Irish Recorded Music Association. Henta 3 May 2010. 
  9. «charts.org.nz Fleetwood Mac – «Little Lies"». Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 27. november 2013. Henta 12. august 2015. 
  10. 10,0 10,1 «Fleetwood Mac > Artists > Official Charts». UK Album Chart. Henta 12. august 2015. 
  11. 11,0 11,1 11,2 «Allmusic: Tango in the Night: Charts & Awards». allmusic.com. Henta 2 March 2014. 
  12. «Climax (5) - Everywhere». Discogs. Henta 12. august 2015. 
  13. [1]. Australian-charts.com. Henta 12. august 2015.
  14. «Final spor listing for Mimicry and Memories». Henta 12. august 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]