Bare Trees

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bare Trees
Studioalbum av Fleetwood Mac
Utgjeve Mars 1972
Innspelt 1971–1972 i De Lane Lea Music Centre i Wembley i London

(utanom spor 10 spelt inn i heimen til Ms. Scarrott i Hampshire)

Sjanger Rock
Lengd 36:58
Selskap Reprise
Produsent Fleetwood Mac
Fleetwood Mac-kronologi
Future Games
(1971)
Bare Trees Penguin
(1973)


Bare Trees er det sjette studioalbumet til det britiske rockebandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 1972. Dette er det siste albumet med Danny Kirwan, som vart sparka under turneen etter albumet. Etter bandet slo igjennom i USA i midten av 1970-åra, klatra dette albumet til 70. plass på albumlista i USA og selde til gullplate i 1976. Seinare selde det over ein million eksemplar og fekk platinastatus.

Albumet inneheld den originale versjonen av «Sentimental Lady», som seinare vart spelt inn på ny av Bob Welch, som skreiv songen, akkompagnert av Mick Fleetwood, Christine McVie og Lindsey Buckingham) for soloalbumet French Kiss. «Spare Me a Little of Your Love» vart spelt fast på konsertane til bandet frå 1972 til 1977.

«Trinity» er ein song av Danny Kirwan som ikkje kom med på albumet, men sidan vart gjeven ut i 1992 i plateboksen 25 Years – The Chain. Songen hans «Sunny Side of Heaven» var ein populær instrumental i Ventures-stil.

Teksten til Kirwan-songen «Dust» var henta frå eit dikt av Rupert Brooke.[1]

«Spare Me a Little of Your Love» vart òg spelt inn av Johnny Rivers på studioalbumet hans New Lovers and Old Friends i 1975, same året som Fleetwood Mac fekk gjennombrotet sitt i USA med Fleetwood Mac.

«Thoughts on a Grey Day» er eit dikt lese av ei eldre kvinne, Mrs. Scarrott, som budde nær heimen til bandet i Sør-England.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]
Robert Christgau(B+)[3]
Rolling Stonefavourable[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Child of Mine»  Danny Kirwan 5:09
2. «The Ghost»  Bob Welch 3:58
3. «Homeward Bound»  Christine McVie 3:20
4. «Sunny Side of Heaven»  Kirwan 3:10
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Bare Trees»  Kirwan 5:02
2. «Sentimental Lady»  Welch 4:35
3. «Danny's Chant»  Kirwan 3:16
4. «Spare Me a Little of Your Love»  C. McVie 3:44
5. «Dust»  Kirwan 2:41
6. «Thoughts on a Grey Day»  Mrs Scarrott 1:46

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Fleetwood Mac

Andre medverkande

  • Mrs Scarrott som les eit dikt.

Produksjon

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Australian Kent Music Report[5] 37
US Billboard 200[6] 70

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Dust By Rupert Brooke
  2. Mason, Stewart. «Bare Trees – Fleetwood Mac». Allmusic. Arkivert frå originalen den 13. mai 2015. Henta 17. juli 2015. 
  3. Christgau, Robert (August 1972). «The Christgau Consumer Guide: Fleetwood Mac: Bare Trees». Creem. Henta 13. mai 2015.  òg ei revidert utgåve på «Fleetwood Mac: Bare Trees > Consumer Guide Album». Robert Christgau. Henta 17. juli 2015. 
  4. Scoppa, Bud (8 June 1972). «Fleetwood Mac Bare Trees > Album Review». Rolling Stone (110). Arkivert frå originalen 7 September 2008. Henta 13. mai 2015. 
  5. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  6. «Allmusic: Bare Trees : Charts & Awards: Billboard Album». allmusic.com. Henta 17. juli 2015.