Da vidna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Da vidna» (kviterussisk Да вiдна; norsk omsetjing 'til daggry') er ein song frå 2020 som vert framført av den kviterussiske duoen VAL. Songen vann den kviterussiske songtevlinga Natsionalnij Otbor 28. februar 2020 og skulle ha vore det kviterussiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Songen vart gjeven ut 27. januar 2020 og er komponert av musikerparet Valjeryja Hrybusava og Vladislav Pasjkjevitsj som utgjer duoen VAL.[3] Dei har skrive songen saman med Nykyta Najdjenov. Songen var eitt av 95 bidrag som vart sende inn til den kviterussiske songtevlinga Natsionalnij Otbor i regi av statskringkastaren BRTK.[4] Vinnaren av Natsionalnij Otbor får representere Kviterussland i Eurovision Song Contest.

I januar 2020 kunngjorde BRTC at «Da vidna» var ein av dei tolv songane som var plukka ut til finalen i Natsionalnij Otbor 28. februar 2020. I finalen var songen nummer to hos både juryen og tv-sjåarane, men vann samanlagt med 20 poeng.[1] Med sigeren vart «Da vidna» det kviterussiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020, og den skulle ha delteke i den fyrste semifinalen tysdag 12. mai 2020. Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydt til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[5] Songen fekk dimed aldri deltake i Eurovision Song Contest.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Natsionalniy Otbor 2020: VAL sing for Belarus at Eurovision» (på engelsk). 28. februar 2020. Henta 1. mars 2020. 
  2. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  3. «‎Da Vidna - Single by VAL» (på engelsk). Henta 1. mars 2020. 
  4. «Belarus announces artists and song titles for national selection». eurovision.tv. 27. januar 2020. Henta 1. mars 2020. 
  5. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.