Jórgos Seféris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jórgos Seféris
Giorgos Seferis 1963.jpg
Fødd 13. mars 1900, İzmir
Død 20. september 1971, Aten
Jórgos Seféris på Commons

Jórgos Seféris[a] (fødd 29. februarjul./ 13. mars 1900greg. i Vourla, død 20. september 1971 i Aten), opphavleg Jórgos Stylianos Sefériadis, var ein gresk forfattar og diplomat. Han blir rekna som den viktigaste nygreske diktaren og essayisten, og som hovudinitiator til rørsla 30-åras generasjon som fullførde innføringa av modernismen i nygresk litteratur.

Byste av Jórgos Seféris.
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1963

Han vann nobelprisen i litteratur i 1963 «för hans framstående lyriska diktning, inspirerad av djup känsla för den hellenska kulturvärlden.»[1][2]

Seféris var son av Despoina Tenekidi og juristen Stylianos Sefériadis; faren skreiv dikt og omsette antikke og utanlandske ditarar. Etter at første verdskrigen braut ut flytta familien til Aten der Severis tok artium i 1917. Han studerte jus i Paris og var eit år i England for å forbetre engelskkunnskapane. I 1925 vendte han tilbake til Hellas og gjekk året etter inn i det greske diplomatiet. Den første diktsamlinga hans, Strofi, kom i 1931. Under andre verdskrigen var han i eksil saman med eksilregjeringa fram til 1944. Han publiserte ei erklæring mot det greske militærdiktaturet i 1969 og gravferda hans blei til eit demonstrasjonstog mot diktaturet.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gresk skrift Γιώργος Σεφέρης

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «for his eminent lyrical writing, inspired by a deep feeling for the Hellenic world of culture»
  2. Nobeltildelinga 1963 på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]