Kornband

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kornband til tørk.

Kornband, eller nek, er ein bunt med korn som er bunden saman på midten. I tidlegare tider vart kornet skore med sigd i skuronna og når ein hadde ein høveleg stor bunt vart han bunden saman med halmstrå som vart lagt rundt midten på bandet og knytt.

Kornskur med kornband i bakgrunnen. Kornet vert treska med slegel (òg kalla sliul).

Kornbanda vart så sette på staur, eller skola opp mot kvarandre, for å tørkast. Når dei var tørre vart dei kjøyrt inn og lagra på kornlåven. I ei tid då kornet vart handsama mange gongar var det praktisk at kornet var bunta saman til høveleg store kornband. Kornbanda kunne ikkje vera tjukkare enn at halmen kunne knutast rundt dei. At dei ikkje var så tjukke førte òg til at dei tørka snøggare.

Dei fyrste sjølvbindarane nytta metaltråd til å binda kornbanda saman med, men det førte til probem når halmen vart nytta til for eller strø, ved at krøtera kunne eta i seg bitar av ståltråden. At ei ku åt i seg «kvasst» kunne bety eit økonomisk tap om ho måtte avlivast. Problemet vart løyst ved at det vart utvikla bindeapparat som nytta sisalgarn.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Julenek[endre | endre wikiteksten]

Gammalt norsk julekort med fugle- eller julenek av havre. (Frå Nasjonalbiblioteket)
Julenek (julkärve) med dompapar på ein julemarknadSkansen i Stockholm i 2013.

I Norden har det lenge vore vanleg å setja et kornband med havreaks, eit fugle- eller julenek, utanfor huset i jula, ofte på ei stong. Julenek er eit vanleg motiv på tradisjonelle julekort.

Opphavet til skikken med å setja opp kornnek eller kornband til jul er usikkert. Den første gongen slike nek er nemnde skriftleg er i 1753, då Erik Pontoppidan skildra skikken på Vestlandet: «Jule-Aften gaaer den Norske Bondes Hosspitalitæt saavidt, at han end ogsaa byder Fuglene til Giest, settende et utærsket Korn-Neeg uden for Lade-Døren paa en Stang, hvorved Spurrer og andre smaa Fugle holde seg ret lystige.»[1] Fordi prestar på 1700-talet skal ha fordømt skikken som heidensk, har nokre gjetta på at juleneket opphavleg var eit førkristent vinteroffer.[2] Andre forskarar har tolka julenek som eit vern mot vonde makter, som eit offer til ein vegetasjonsguddom, eit hjelpemiddel til å halda liv i ei heidensk kornand eller som ei magisk bestikking for å hindra at fuglar skulle øydeleggja avlinga for neste år.[2] Skikken kan også ha hatt utspring i at både mennesker, dyr og fugler skulle få litt ekstra til jul.[2] Han kan minna litt om svensk julstång, avkvkista tre som blei sette opp utandørs til jul.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Olav Bø: Vår norske jul side 56
  2. 2,0 2,1 2,2 snl.no om julenek