Urbanisering i Afrika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå ein marknad i Lagos.
Foto: Zouzou Wizman

Urbanisering i Afrika tek for seg utviklinga av byar i Afrika frå førhistorisk tid til våre dagar.

kolonimaktene for alvor byrja å sjå seg om etter koloniar i Afrika på slutten av 1800-talet var det ikkje fordi dei ville ha kontroll over store avanserte sivilisasjonar. Koloniherrane såg på den europeiske sivilisasjonen som overlegen alle andre og ofte kunne dei knapt sjå føre seg at områda dei tok over skulle kunna vera siviliserte i det heile. Det var difor vanskeleg for dei å knyta noko sivilisert til afrikanarane, heller ikkje dei politiske og sosiale systema som ein urban kultur inneber. Dei eurosentriske brillene har gjort at ein lenge har sett for seg at dei fleste teikn på sivilisasjon i Afrika har oppstått frå påverknad utanfrå.

Ein reknar ein med at om lag 95 % av innbyggjarane i Afrika sør for Sahara var knytt til primærnæringane jordbruk, jakt, kvegnomadisme og fiske rundt 1900,[1] altså budde truleg mindre enn 5 % i byar. I 1950 (byrjinga av frigjeringsperioden) viste statistikk at denne delen av befolkninga hadde auka til 14,7 % og i 2000 til 37,2 %. Ein reknar med at talet stig til 45,3 % i 2015, altså med 3,76 %-3,35 % per år.[2] Lagos i Nigeria, som i 1963 hadde 665 000 innbyggjarar[3] og 8,7 millionar i 2000 — var i 2014 den 9. største byen i verda med eit estimert folketal på 21 millionar i storbyregionen.[4] Byveksten er altså enorm i storparten av Afrika, og særleg sør for Sahara.

Førkolonial tid[endre | endre wikiteksten]

Nildalen[endre | endre wikiteksten]

Dei tidlegast kjende byane i Afrika oppstod i området rundt Nildalen. Den mest kjende av desse er Alexandria i Egypt. Historia åt det egyptiske riket har vorte grundig studert, og teknologien, historia og deira politiske system er godt kjend og dokumentert.

Men Afrika sør for Sahara hadde òg mange byar. Ein av dei første og viktige var Meroe i dagens Sudan som var hovudstad i Kushriket. Byen blomstra mellom det 14. og 4. hundreåret fvt. Meroe og andre kusjittiske byar gjorde framsteg innan stein- og jarnteknologi, byggeteknikk og vatningsteknikk.

Aksum, som var hovudstad i Aksumriket i dagens Etiopia, blomstra frå 1. hundreåret til rundt 900-talet. Byen hadde eit stort handelsnettverk med det romerske Middelhavet, Sør-Arabia og India, og handla i elfenbein, edle metall, klede og krydder. Steinarbeid frå Aksum finst i dag og vitnar om framsteg innan steinbrotsdrift, terrassebygging, byggeteknikk og vatningsteknikk.

Vest-Afrika[endre | endre wikiteksten]

Mellom 700-talet og 1600-talet slo det seg fram byar gjennom den trans-sahariske handelen i den vest-afrikanske savanna. Nokon av dei meir framståande var Kumbi Saleh, Timbuktu, Jenne og Gao. Arabiske lærde som til dømes Ibn Khaldun har vore ei veldig viktig kjelde for historiske vitnemål frå dette området og denne tida. Gullgraving, jarnteknologi, keramisk teknologi og tekstilproduksjon var viktige teknologiar. I Kumbi Saleh, hovudstad og kommersielt sentrum i Ghanariket (ikkje dagens Ghana) vart det utvikla eit omfattande økonomisk system som inkluderte skattlegging.

I dei vest-afrikanske skogsområda utvikla det seg byar hjå joruba- og hausa-folket, og i Ashantiriket og Beninriket. I tillegg til å vera kommersielle og politiske senter var dei også åndelege senter.

Sentral-Afrika[endre | endre wikiteksten]

I den sentrale, ekvatorialske delen av Afrika kunne ein finna byar i det som i dag er Kongo, DR Kongo, Angola, Zambia, Rwanda og Burundi.

Viktige byar[endre | endre wikiteksten]

Kysten av Aust-Afrika[endre | endre wikiteksten]

På kysten av Aust-Afrika oppstod swahilikulturen, eit bantutalande folk som etterkvart tok til seg islam.

Viktige byar[endre | endre wikiteksten]

Teknologiske framsteg inkluderte mynt-, kopar-, bygge-, båt- og bomullstekstil-teknologi. Byane hadde mykje handelskontakt med Asia, Arabia og kvarandre.

Sørlege Afrika[endre | endre wikiteksten]

Stor-Zimbabwe («Great Zimbabwe») er ein av dei mest kjende førkoloniale byane i Afrika. «Den store innhegninga» (engelsk «Great Enclosure») som ein framleis finn rester av i Zimbabwe er rekna for å vera den største førhistoriske konstruksjonen i Afrika. Ein reknar med at khoi-khoi-folket var opphavet til Stor-Zimbabwe.

Kolonial tid[endre | endre wikiteksten]

Med utgangspunkt i Berlin-konferansen i 1884/1885 vart Afrika delt på ein tildels tilfeldig måte nesten som om det var ei kake. I 1914 var berre Etiopia og Liberia att som uavhengige område, resten av kontinentet var under britisk, fransk, portugisisk, tysk, belgisk, italiensk eller spansk kontroll. Det var desse europeiske maktene sine interesser som låg til grunn for delinga. Kontinentet var nesten ikkje urbanisert og kolonimaktene hadde ikkje byrja å ta skikkeleg kontroll over, eller investere noko særleg i «kakestykka» sine.[5] Nord-Nigeria hadde til dømes i 1900 eit budsjett på 100 000 GBP og ein militærstyrke på 2000 hausa-soldatar og 120 britiske offiserar. Med dette skulle dei styra eit enormt område med ein folkesetnad på om lag 10 millionar menneske.[6]

Den økonomiske og administrative politikken hadde størst effekt på byveksten. Cash crops (til dømes bomull, mais, tobakk, sukker, kaffi, te, palmeolje og peanøtter[7]) og mineral, som var dei viktige eksportprodukta, måtte førast ut til hamnebyane for eksport. Til dette trong ein transport (jarnbane), og for å byggje infrastruktur og styre kolonien trong ein administrasjon og personell. Sentraladministrasjonen vart ofte lagt til hamnebyane, men det vart ikkje oppretta noko nett av små og mellomstore byar.[8]

Johannesburg sett frå Carlton Center
Foto: Zakysant, 2004

Nye byar vart lagt til eksisterande busetjing eller på heilt ny plass. Heilt nye byar vart oppretta særleg i koparbeltet for å huse arbeidarane i gruvene. Døme på dette er Johannesburg og Kimberley i Sør-Afrika, Ndola og Kitwe i Zambia og Lubumbashi i DR Congo.[9]

Nokon eksisterande byar vart brukte, og andre vart tilsidesett. Ved transportårene voks byane, medan byar som vart tilsidesett av transport, og ikkje fekk noko administrasjon forsvann så å seie. Dette hende til dømes med Kukawa og Dahomey.[10]

Det var i transport- og administrasjonsbyane ein kom i kontakt med myndigheitene og handel, og det var såleis i desse byane det vart investert, slik at det vart bruk for arbeidskraft. Den økonomiske politikken med eksport av råvarer for å finansiere kolonistaten og utvikle Afrika, bestemte såleis kva byar som skulle vekse. Til trass for denne utviklinga var ¾ av dei store viktige byane i dag etablerte før kolonitida.[10]

Samtidig vart kolonimaktene oppmerksam på problema som byveksten førte med seg. Den rural-urbane migrasjonen drog arbeidskraft frå landsbygda som produserte dei viktige eksportråvarene. Afrikanarane budde oftast trongt og under dårlege sanitære forhold og vart knytt til (og smitta med) sjukdomar som til dømes malaria. Løysinga til kolonimaktene var ikkje å forbetre afrikanarane sine forhold, men heller å skilja europearar, asiatar og afrikanarar frå kvarandre og innføre bybegrensande lover. I Sør-Afrika kulminerte dette i den offisielle apartheidpolitikken frå 1950. Dette var politikk som var særleg utbreidd i settlerbyar som til dømes Harare, Lusaka og Nairobi.[10]

Den økonomiske kollapsen i 1930-åra førte til låge prisar på Afrikas eksportvarer og dermed også økonomisk nedgang og arbeidsløyse. Før hadde arbeidskrafta i gruveindustrien vore for det meste mellombels eller sesongbasert, ofte var det også tvangsarbeidskraft. Arbeidarane budde såleis i gruvebyane skilde frå heim og familie på landsbygda.[11]

Frå 1920-åra i belgisk Kongo og frå 1940-åra i Sør-Afrika og Sør- og Nord-Rhodesia ville så selskapa ha meir stabil arbeidskraft. Myndigheitene skifta då politikk for å leggje til rette for dette. Etterkvart flytta så arbeidarane sine familiar også til byen. Politikken gjekk for det meste ut på å styrke statens kontroll over land og byvekst, og leggje til rette for europeiske tenestemenn.[3]

Ein kan sjå kor stor effekt apartheid og liknande politikk kunne ha på byveksten ved å samanlikne vekstraten i det sørlege Afrika og resten av Afrika i 1950-åra. Samtidig ser ein også at denne politikken ikkje fungerte eller ikkje vart gjennomført i dei andre koloniane: Medan bybefolkninga i det sørlege Afrika voks med om lag 3,3 %, voks bybefolkninga i heile Afrika med om lag 4,6 % (sjå figur 1).

Etterkvart som økonomien voks, voks byane. I 1940- og 50-åra byrja kolonimaktene å styrka «utviklingspolitikken» som hadde fått ein knekk på grunn av depresjonen i 1930-åra. Det vart utvikla sosiale tilbod, spesielt grunnskular, men også vidaregåande skular, og på slutten av koloniperioden også universitet i nokon av koloniane. Infrastruktur som hamner, elektrisitetsnett og vegnett vart også bygd ut.[12] Dette innebar auka administrasjon, auka eksport — og aukande byvekst som auka endå meir inn i den postkoloniale perioden.

Figur 1
Land/region 1950–1955 1955–1960 1960–1965 1965–1970 1970–1975 1975–1980 1980–1985 1985–1990 1990–1995 1995–2000 2000–2005
Afrika 4,50 4,63 4,85 4,68 4,37 4,45 4,38 4,26 4,16 3,91 3,76
Aust-Afrika 5,57 5,77 6,08 6,07 6,28 6,56 5,36 5,56 5,31 5,10 4,70
Det sørlege Afrika 3,21 3,32 3,00 3,03 2,82 2,64 2,73 2,63 3,50 3,15 2,13
Sør-Afrika 3,14 3,23 2,88 2,90 2,66 2,46 2,49 2,29 3,41 3,13 2,09
Gjennomsnittleg årleg urbaniseringsvekst som %. Frå: World Urbanization Prospects: The 2001 Revision, SN 2002. Aust-Afrika er teke med fordi det er denne regionen som har hatt størst byvekst etter 1950. Alle tal er estimerte, og særleg tala for 2000–2005 er difor usikre.

Postkolonial tid[endre | endre wikiteksten]

Den store frigjeringsbylgja i Afrika kom i 1960-åra. Uansett korleis dei var blitt uavhengige, så var dei nye statane prega av trua på planøkonomi. Staten skulle vera aktiv i utviklinga av landet, ikkje berre i utvikling av infrastruktur og sosiale tenester, men også innan utvikling av industri og arbeidsplassar. Industribygga åt mange semistatlege selskap står i dag att som «kvite elefantar», og vitnar om dei store investeringane som vart gjort i byane i byrjinga av den postkoloniale perioden.[3]

Av mange grunnar vart det sett likskapsteikn mellom sentralisering og ei sterk statsmakt. Årsakene til denne trua på sentralisering kunne vera ynske om å fremja nasjonalkjensle, noko som også førte til opprettinga av heilt nye hovudstadar (blir nemnd seinare); mangel på kvalifiserte tenestemenn, nokon måtte ta over for kolonimaktene sine tenestemenn, men utviklingsprosjektet til kolonimaktene hadde nokon plassar ikkje komme så langt at det var nokon til å ta over; frykta for at lokale styresmakter kunne snu seg mot sentraladministrasjonen.[3]

Sentraliseringa førte til at næringsliv hadde endå større grunn til å søke til dei allereie store hovudstadane fordi det var her makta heldt til. Den førte også til enorm investering i byområde som til dømes i Nigeria der 80 % av investeringar som ikkje gjekk til jordbruk gjekk til byområde.[3]

Også i den postkoloniale perioden vart det oppretta nye byar, men ikkje med same grunnlag som i kolonitida. I påvente av stor industriell vekst vart hamnebyen Tema bygd i Ghana. Seinare vart det bygd nye hovudstadar med inspirasjon frå den planlagde hovudstaden Brasilia i Brasil. Slike utbyggingar fann stad i Malawi (Lilongwe), Elfenbeinskysten (Yamoussoukro) og Nigeria (Abuja).[10] Meininga var å få ein «frisk start», byane skulle vera byrjinga på den gylne framtida som var blitt lova av frigjeringspolitikarane.

Ettersom ingen av dei nye hovudstadane har vakse til å romme meir enn om lag ein halv million innbyggjarar har dei nok ikkje hatt noko særleg effekt på veksten i dei andre byane. Tema kan kanskje seiast å ha blitt ein suksess då det er den viktigaste hamna i Ghana i dag, og utgjer saman med Accra det største metropolske området.[13]

Samtidig som byregulerande lover vart forsterka i Sør-Afrika med apartheid som offisiell politikk vart slike lover svekka i dei nye frigjorde statane. Dette førte til auka rural-urban migrasjon i dei frigjorde statane,[3] og ein stabilt fallande urbaniseringsvekst frå 1950 til 1990 i Sør-Afrika. Frå figur 1 kan ein sjå at etter opphevinga av apartheid i 1990 stig byveksten frå 2,29 % til 3,41 %, medan den held fram å søkkja i resten av Afrika. Innflyttingskontroll-lovene («influx-control») som vart oppheva i 1986, var ein del av denne utviklinga. Byen Bloemfontein voks såleis 51 % mellom 1988 og 1996.[14]

I Sør-Afrika var altså bybegrensande lover aktive heilt fram til 1986/90, medan dei meir eller mindre vart avvikla eller var utan effekt i resten av det frie Afrika. Restane etter desse lovene kunne likevel ha innverknad på korleis byveksten tok form, ved at dei gjorde det vanskeleg å få tak i lovleg land, noko som førte til ulovleg okkupasjon av land.

Ein grunn til at folk vil flytta frå landsbygda til byen er at dei trur dei vil få det betre der. Ei samanlikning mellom HDI-rangering og urbanisering i Afrika kan vise at det moglegvis er grunn til å ha ei slik tru. Dei 5 afrikanske landa som i 2001 rangerte høgast på «Human Development Index» var også nokre av dei mest urbaniserte, sjå figur 2.

I nokon statar har ein gjeve innbyggjarane på landsbygda endå større grunn til å migrere til byen ved å settje ned matvareprisane i byane, gjerne etter påtrykk frå fagforeiningar. Dette har ført til mindre inntekter på landsbygda og dermed større migrasjon til byane.[3][11]

Til slutt bør det nemnast at krig og økonomisk vanstyre har ført til utarming av landsbygda og tidvis stor rural-urban migrasjon. På slutten av 1980-åra var det berre 18 afrikanske land som ikkje hadde opplevd militærkupp.[3]

Figur 2
Land HDI-verdi % urban befolkning
Libya 0,783 88,0
Tunis 0,740 66,2
Algerie 0,704 57,7
Sør-Afrika 0,684 57,7
Ekvatorial-Guinea 0,664 49,3
Figur 2: Tal henta frå UNDP, 2003: «Human Development Index» som er SN sin indeks for menneskleg utvikling, og FNs World Urbanization Prospects, the 2001 Revision. HDI-verdien er kalkulert ut frå kvart land sitt utdanningsnivå, forventa levealder og brutto innanlands nasjonalprodukt. Landa er rangert etter HDI-verdi.

Oppsummering[endre | endre wikiteksten]

Urbaniseringstakten i Afrika er på veg ned, men det er også takten på folketilveksten, mykje på grunn av HIV/AIDS.[15] Dei store byane i Afrika vil truleg fortsette å bli større. I 1994 var det venta at Lagos skulle bli verdas 3. største by i 2015 med 24,4 millionar innbyggjarar,[16] medan i 2001 var dette justert til verdas 11. største by med 16 millionar innbyggjarar.[2] Det viser kor usikre dei fleste av tala er, og kor uføreseieleg den afrikanske befolkningsutviklinga er.

Det er tydleg at den afrikanske urbaniseringa som i resten av verda har blitt styrt av økonomi. Kolonimaktene la hamnebyane, jarnbanen, gruvebyane og administrasjonen til økonomisk strategiske stader. Byane har både i kolonial og postkolonial tid vore økonomisk prioriterte. Folk søkte til desse sentera for nasjonalistisk byrgskap, arbeid, administrasjon, utdanning og helsetilbod. Det store unntaket er Sør-Afrika som med sin strenge innfyttingskontroll («influx-control») og apartheidpolitikk til ein viss grad klarte å kontrollere byveksten. Likevel er dette eit av dei mest urbaniserte landa i Afrika og har i dag låg byvekst.

Likevel har nok den økonomiske politikken som har vore styrande for kvar byar skulle etablerast, kvar administrasjon skulle leggjast og kvar ressursar skulle investerast, vore sterkt politisk planlagt: først kolonialistisk planlegging som la vekt på velvære og økonomisk gevinst til europearane (og tildels kolonien), og etterpå nasjonalistisk planøkonomi som ofte sklei over i vanstyre og militærdiktatur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aase, 2003:1
  2. 2,0 2,1 UN, 2002
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 Rakodi, 1997
  4. John Campbell. «This Is Africa's New Biggest City: Lagos, Nigeria, Population 21 Million», The Atlantic (Jul 10, 2012)
  5. Hernæs, 2003a
  6. Hernæs, 2003a:10
  7. Dorsey, 1998
  8. Aase, 2003:3
  9. Stock, 1995:210
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 Stock, 1995
  11. 11,0 11,1 Aase, 2003
  12. Hernæs, 2003
  13. The World Bank Group, 2001; UN, 2003b
  14. The Ministry of the Flemish Government, 2001
  15. UN, 2003a
  16. Todaro, 1997
  1. Areal, Augusto Cesar Baptista 2003: The City of Brasilia. General Information about Brasilia. [1]
  2. Aryeete-Attoh, S. 1997: Urban Geography of Sub-saharan Africa, in Aryeete-Attoh, S.: Geography of Sub-Saharan Africa, Prentice Hall, 1997, page 182-186.
  3. Dorsey, L. 1998: History 485/885. Africa Since 1800. University of Nebraska. [2] Arkivert 2004-06-22 ved Wayback Machine.
  4. Hernæs, Per 2003a: Kolonistyret i Afrika – del I. NTNU, Trondheim.
  5. Hernæs, Per 2003b: Kolonistyret i Afrika – del II. NTNU, Trondheim.
  6. Koreisha, Sergio: Brasilia and the Central West by Sergio Koreisha. [3]
  7. Rakodi, Carole 1997: The Urban Challenge in Africa: Growth and Management of Its Large Cities. New York United Nations University, Tokyo. [4]
  8. Stock, Robert. 1995: Africa South of the Sahara – A Geographical Interpretation. The Guilford Press, New York.
  9. The Intelligencer, 2003: Terrible risk to ignore urban slums. Belleville. [5][daud lenkje]
  10. The Ministry of the Flemish Government, Department of Education 2001: South Africa: Spatial transformation in the post-apartheid era. A website course in social economic and political geography, and international educational project. [6] Arkivert 2004-09-07 ved Wayback Machine.
  11. The World Bank Group 2001: Upgrading of Low Income Settlements Country Assessment Report: Ghana. [7]
  12. Todaro, Michael P. 1997: Urbanization, Unemployment, and Migration in Africa: Theory and Policy. [8]
  13. UNDP 2003: Human Development Indicators 2003. [9] Arkivert 2004-06-03 ved Wayback Machine.
  14. United Nations (UN), Population Devision 2003a: World Population Prospects, the 2002 Revision. Highlights. New York. [10]
  15. United Nations (UN), Population Devision 2002: World Urbanization Prospects, the 2001 Revision. New York. [11]
  16. United Nations (UN), Statistics Division 2003b: Population of capital cities and cities of 100,000 and more inhabitants. New York. [12]
  17. Aase, Asbjørn 2003: Urbanisering og byliv i Afrika. NTNU, Trondheim.