You're the Inspiration

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
You're the Inspiration
Singel av Chicago
frå albumet Chicago 17
B-side «Once in a Lifetime»
Utgjeve 29. oktober 1984
Innspelt 1983-1984
Sjanger Poprock, softrock
Lengd 3:50
Selskap Full Moon/Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Peter Cetera, David Foster
Produsent David Foster
Chicago-kronologi
«Hard Habit to Break»
(1984)
You're the Inspiration «Along Comes a Woman»
(1985)


«You're the Inspiration» er ein song skriven av Peter Cetera og David Foster for gruppa Chicago og spelt inn for albumet deira Chicago 17 (1984), med Cetera på solovokal. Det var den tredje singelen frå albumet deira og nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista i januar 1985 og klatra til topps på adult contemporary-lista same månaden.[1] Peter Cetera spelte inn songen på ny i 1997 for soloalbumet You're the Inspiration: A Collection.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Peter Cetera sa i 2004 at «You're the Inspiration» starta som ein song for Kenny Rogers. «David Foster ringde meg og sa ‘Eg er i studio med Kenny Rogers, og han spør om du kan skrive ein song til han. Og eg sa ‘Flott!. Eg er på veg til Italia no. Eg ringer deg om to veker når eg kjem att.’ Og han seier, ‘Nei, nei, nein han meiner, akkurat no.’ Og eg sa ‘Greit, kom over her no og så ser me kva me kan finne på.’ Så midt i pakkinga kom David heim til meg og i løpet av tre timar kom me opp med akkordstrukturen for “You’re the Inspiration,” som ikkje hadde fått namn enno. Då eg var i Italia fekk eg inspirasjon til å skrive teksten og då eg kom attende arbeidde eg med melodien og presenterte songen for Kenny. Han ønskte ikkje eller hadde ikkje tid til songen. Bra for meg!»[2] Han endra så noko av teksten og spelte inn songen med Chicago for Chicago 17.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

I videoen kan ein sjå bandet som spelar innimellom par i forskjellige aldrar som klemmer kvarandre.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984/1985) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 3
U.S. Billboard Adult Contemporary 1
Nederland 32[3]
New Zealand 30[4]
Sverige 6[5]
UK Singles Chart 14

Peter Cetera med Az Yet[endre | endre wikiteksten]

You're the Inspiration
Singel av Peter Cetera med Az Yet
frå albumet You're the Inspiration: A Collection
Utgjeve 25. august 1997
Innspelt 1996
Sjanger Poprock, R&B, Adult contemporary
Lengd 4:07
Selskap Platina Entertainment
Låtskrivar(ar) Peter Cetera, David Foster
Produsent Babyface
Peter Cetera med Az Yet-kronologi
«Hard to Say I'm Sorry»
(1997)
You're the Inspiration «Keep on Pushin'»
(2007)


Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1997) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 77
U.S. Billboard Adult Contemporary 29
Dutch Top 40 72[6]

Andre innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 55. 
  2. VideoYouTube
  3. «You're the Inspiration». Dutchcharts. 1985. Henta 30. januar 2015. 
  4. «You're the Inspiration». Charts. 1985. Henta 30. januar 2015. 
  5. «You're the Inspiration». Charts. 1985. Henta 30. januar 2015. 
  6. «You're the Inspiration». Dutchcharts. 1997. Henta 30. januar 2015. 
  7. «Gåva till dig» (på svensk). Svensk mediedatabas. 2009. Henta 30. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]