Harald I av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harald Hårfagre
Flateyjarbok Haraldr Halfdan.jpg
Harald får kongerike frå far sin.
Konge av Noreg
Regjeringstid om lag 872–933
Fødd om lag 850
Død 933 ( 83 år)
Gift med Ragnhild Eriksdotter
Åsa Håkonsdotter
Born Mange, mellom anna

Harald I Hårfagre (om lag 850933), på norrønt Haraldr hinn hárfagri, er rekna som grunnleggjaren og den første kongen av Noreg. Kongar som ætta frå han vart rekna til Hårfagreætta. Det er mange soger knytt til Harald Hårfagre, og fakta kring kongen er usikre.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Alle norrøne kjelder reknar Halvdan Svarte som far til Harald Hårfagre. Deretter sprikar kjeldene om stad- og slektstilknyttingane. Nokre opplysingar kan ha vore laga ut frå politiske motiv fleire hundre år etter at han levde.

Vidare fortel Are Frode (også gjengjeve av Snorre) at Halvdan Svarte budde på Ringerike eller Hadeland, og at farsslekta kom frå Ynglingeætta. Fagrskinna nemner ikkje noko samband til Ynglingeætta. Diktet Nóregs konungatal, som truleg har Sæmund Frode som kjelde, slår fast at forfedrane til Harald hadde styrt Sogn.[1]

Kjeldene oppgjev ulike mødrer. Dei som oftast er oppgjevne som mor hans er Ragnhild Sigurdsdotter og Ragnhild Haraldsdotter. Fagrskinna og Heimskringla seier at Halvdan Svarte var gift med Ragnhild Haraldsdotter og Ragnhild Sigurdsdotter. Eit seinare tillegg til Fagrskinna seier at Halvdan si andre kone var Helga Dagsdotter frå Hadeland. I Landnamabok er Tora ført som Halvdan si første kone, og ikkje Ragnhild. Snorre meinte at Ragnhild Sigurdsdotter var dotter av Sighurd Hjort, medan forfattaren av Fagrskinna meinte det var Sigurd Orm-i-auet.</ref> Historikaren Ólafía Einarsdóttir har hevda at forteljinga om at Ragnhild Sigurdsdotter var mor hans var laga fordi kong Håkon Håkonson av utanrikspolitiske grunnar ønska å kopla den norske kongeslekta til den danske skjoldungeætta.[2] Harald Hårfagre si mor skal då vera Ragnhild Haraldsdotter, dotter av kong Harald Gullskjegg i Sogn.

Kongerike[endre | endre wikiteksten]

Harald arva fleire spreidde smårike etter far sin, Halvdan Svarte, som døydde i 860. Igjen spriker sogene om kvar maktbasen hans var: Fagrskinna, den eldste kongesoga me har, oppgjev Vestlandet og Sogn til utgangspunkt, medan Heimskringla gjer det same med Austlandet og Vestfold. Egilssoga fortel at han kom frå «aust i Vika» (truleg Østfold).[3]

To kjende sogemotiv frå Heimskringla er knytt til erobringa hans av nytt land. Den første er draumen til dronning Ragnhild, der Ragnhild drøymer at ho er opphavet til eit tre som breier seg over heile Noreg. Det andre er forteljinga om korleis kongsdottera Gyda Eiriksdotter ikkje ville vera frille med Harald før han herska over eit storrike slik som Gorm av Danmark og Eirik av Sveariket. Harald skal ha vore samd i dette og svore ein eid om at han ikkje ville «skjere eller kjemme håret» før han herska over heile Noreg.[4] For det stygge, ustelte håret han etter kvart fekk, fekk han tilnamnet «Luva». Då han omsider hadde vunne landet, tok Rangvald Mørejarl og klipte han, og gav han namnet «Hårfagre» av di håret hans var tjukt og vakkert.

I 866 erobra han det første av fleire smårike, og i slaget ved Hafrsfjord i Rogaland fylke vann han om lag 872 ein avgjerande siger over fleire småkongar. Han var blitt konge over nesten heile landet, men farar truga utanfrå. Fleire av motstandarane hans hadde flykta og slått seg ned på Island, Færøyane, Orknøyane, Shetlandsøyane, Hebridane og sjølve Skottland, og drog på krigstokt både til Noreg og andre land i Europa. Etter ei tid med dette drog Harald Hårfagre til dei britiske øyane og reinska dei for uvennlege nordmenn, som flykta til Island. Frå då av høyrde til desse øyane Noreg.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Harald Hårfagre hadde mange søner, som alle hadde like stor rett på trona, og kjempa mykje innbyrdes om kven som skulle få henne. Sjølv ville Harald at favorittsonen, Eirik Blodøks, skulle bli konge etter han. Det blei han, men ikkje for lang tid.

Harald Hårfagre skal ha vore far til personane lista opp under. I ettertid var det viktig å kunna visa til slektskap med han. Det er såleis ikkje visst at han i røynda var far til alle.

Med Gyda Eiriksdotter:

Med Åsa Håkonsdotter:

Med Ragnhild Eiriksdotter:

Med Svanhild Øysteinsdotter:

Med Åshild Ringsdotter:

Med Snøfrid Svåsedotter:

Med Tora Mosterstong

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ólafía Einarsdóttir: Harald Dovrefoster fra Sogn, Historisk Tidsskrift nr 2, 1971.
  2. Ólafía Einarsdóttir: «Harald Dovrefoster fra Sogn», Historisk Tidsskrift nr 2, 1971.
  3. Egilssoga, omsett av Leiv Heggstad, revidert av Magne Heggstad, 1965, side 13.
  4. Soga om Harald Hårfagre, Snorres kongesoger 1, omsett av Steinar Schøtt og Hallvard Magerøy, Det norske Samlaget, 1979 (andre utg. 1994), s. 50-51.