Planet Waves

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Planet Waves
Studioalbum av Bob Dylan & The Band
Utgjeve 17. januar 1974
Innspelt 5., 6. og 9. november 1973
Village Recorder i Vest-Los Angeles i California
Sjanger Rock
Lengd 42:12
Selskap Asylum
Island (berre UK)
Columbia (1981-utgåve)
Produsent Rob Fraboni
Kritikk
Bob Dylan & The Band-kronologi
Dylan
(1973)
Planet Waves Before the Flood
(1974)

Planet Waves er det 14. studioalbumet til Bob Dylan, gjeven ut på Asylum Records (Island Records i Storbritannia) i januar 1974.

Dylan har med seg The Band på albumet, som han nettopp var i ferd med å gjennomføre ein lengre turne i lag med (som ein finn utdrag av på konsertalbumet Before the Flood.) Med ein suksessrik turne og mykje publisitet vart Planet Waves ein hit, og låg ei kort stund på toppen av den amerikanske albumlista, noko som var første gong for Dylan. I Storbritannia nådde albumet sjuandeplassen og i Noreg ein femteplass. Kritikarane var ikkje negative, som dei hadde vore med fleire av dei siste Dylan-albuma, men heller ikkje entusiastiske over den tilbakelendte roots rocken på albumet.

Albumet skulle opphavleg heite Ceremonies Of The Horsemen, ein referanse til songen «Love Minus Zero/No Limit» frå Bringing It All Back Home i 1965, og albumet vart utsett i to veker då Dylan valde å endre tittelen i siste augneblink.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 1973 flytta Robbie Robertson, sologitarist i The Band, til Malibu i California, ikkje langt frå heimen til Dylan. Dei kom i snakk og diskuterte om dei ikkje skulle legge ut på turne, slik dei hadde gjort på midten av 60-talet. Dylan hadde ikkje turnert sidan 1966, så The Band spelte med han som The Hawks. Sidan den gong hadde han spelt med The Band fleire gonger, mellom anna ein nyårskonsert i 1971/1972. Då Dylan spelte i lag med The Band i heimen til Robertson i september 1973 var han såpass nøgd med resultatet at dei heldt fram turneplanane.

Det er uklart om det låg kommersielle grep bak utgjevinga av Planet Waves før turneen starta. Dylan reiste til New York i oktober for å skrive nye songar for ei innspeling i november. Dylan hadde alt tre songar («Forever Young», «Nobody 'Cept You», og «Never Say Goodbye») og då han kom attende til Malibu frå New York, hadde han seks til.

2. november gjekk Dylan og The Band i studio i Village Recorder i Los Angeles i California. Dei sette i gang med dei tre songane Dylan først hadde skrive og gjorde ferdig «Never Say Goodbye». Mandagen spelte dei inn ferdige opptak av «You Angel You» og «Going, Going, Gone». Den 6. november spelte dei inn «Hazel», «Something There Is About You» og «Tough Mama» og to dagar seinare «On A Night Like This» og «Forever Young».

Den siste songen som vart spelt inn den 9. november var ein ny song kalla «Wedding Song», som Dylan hadde skrive i løpet av innspelingsdagane.

Sjølv om det var nok materiale til å fylle eit album, ønskte Dylan ein innspelingsdag til. Den 14. november kalla han The Band tilbake for å spele inn to songar. Den første var eit anna arrangement av «Forever Young» med Levon Helm på mandolin og Rick Danko på fele. Både denne nye utgåva og den førre utgåva vart med på albumet. Den andre songen var «Dirge».

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Planet Waves var det første «skikkelege» albumet til Dylan på tre og eit halvt år. Med den første planlagte turneen hans sidan 1966 på trappene var mediaomtalen enorm. Asylum Records planla å gje ut Planet Waves same dag som turneen starta, men då albumtittelen vart endra i siste augneblink av Dylan, måtte ein utsette utgjevinga med to veker.

Kritikarane var generelt positive, men noko avdempa. Omtalen var likevel sterk nok til at albumet vart plassert på 18. plass i Village Voice sin Pazz & Jop-kritikaravstemming for 1974.

Sjølv om det meste av Planet Waves vart spelt på turneen (inkludert ei akustisk soloutgåve av «Nobody 'Cept You»), vart songane frå Planet Waves gradvis fjerna frå setlista etter kvart som turneen varte. Mot slutten av turneen var det berre «Forever Young» som framleis vart spelt.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan. 

# Tittel Lengd
1. «On a Night Like This»   2:57
2. «Going, Going, Gone»   3:27
3. «Tough Mama»   4:17
4. «Hazel»   2:50
5. «Something There Is About You»   4:45
6. «Forever Young»   4:57
7. «Forever Young»   2:49
8. «Dirge»   5:36
9. «You Angel You»   2:54
10. «Never Say Goodbye»   2:56
11. «Wedding Song»   4:42

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]