Dukkarfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dukkarfamilien


Ringnebbdukkar (Podilymbus podiceps)
Ringnebbdukkar (Podilymbus podiceps)

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Podicipediformes
Familie: Podicipedidae

Bonaparte1831

Artar i Noreg

Dukkarfamilien (Podicipedidae) er den einaste familien i ordenen dukkarfuglar, Podicipediformes, det er vidt spreidde fuglar som dukkar i ferskvatn. Somme artar vitjar sjøen under migrasjon og overvintring. Her finst 6 slekter med til saman 19 nolevande artar. Fem av desse artane er utbreidd i Noreg og i Europa.

Dukkarar er små til middels store, dei har hudlappar som gjer dei vel skikka til å symje og dukke. Føtene er festa langt tilbake på kroppen, så fuglane har vanskar med å gå. Om dei spring over korte distansar, fell dei ofte over ende.

Dukkarane har smale venger, og nokre arter er motvillige til å fly, faktisk er to søramerikanske artar heilt ute av stand til å fly. Dei reagerer på fare ved å skjule seg under vatn i staden for fly, og er jamvel meir skeptisk enn ender. Dei nolevande artane varierer i storleik frå dei minste på ca. 120 gram og ca. 23,5 cm til den største på 1,7 kg og 71 cm i kroppslengd.

Fuglar av somme nordamerikanske og eurasiske artar må migrere over store delar av leveområdet sitt, og dei artane som overvintrar på havet kan ein sjå regelmessig i flukt. Sjølv den litle ferskvassfuglen ringnebbdukkar med leveområde i Nord-Amerika har oppstått som ein transatlantisk vandrar til Europa i meir enn 30 einskilde høve.

Nebba varierer frå korte og tjukke til lange og spisse. Føtene er alltid store, med breie hudlappar på tærne og symjehud mellom dei tre framtærne. Baktåa har òg ein liten flik. Nyare undersøkingar har synt at desse hudlappane har funksjonslikskap med propellblad.

Dukkarane har ei uvanleg fjørdrakt. Ho er tett og vasstett, undersida av fjøra ligg rettvinkla til huda i enden og vrir seg ut mot spissen. Ved å trykke fjøra mot kroppen, kan dukkarane justere oppdrifta. Ofte sym dei lågt i vatnet berre med hovudet og nakken over vassoverflata.

Utanom hekkesesongen, har dukkarane ei drakt som går frå mørkebrunt, grått og til kvitt. Dei fleste artane har ei hekkedrakt med pynt og fargar, ofte med utvikla toppar på hovudet og dei syner fram ritual. Ungfuglar, spesielt av podiceps-artar, er ofte stripete og held fram med denne drakta ei tid jamvel etter å ha nådd full storleik.

Når foreldra steller fjøra, kan dei ete eigne fjør for så å fôre ungane med desse. Det er ikkje klart kva som er funksjonen åt denne framferda, somme trur det kan hjelpe til å danne pelletar og å motverke at dei vert råka av mageparasittar.

Slekter og artar[endre | endre wikiteksten]

Pygmédukkar (Tachybaptus dominicus) i paringsfjørdrakt.
Kvitøyredukkarar (Rollandia rolland )
Horndukkar (Podiceps auritus)
Gulnebbdukkar, Aechmophorus clarkii.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dukkarfamilien

Kjelder[endre | endre wikiteksten]