Estisk kultur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Folkedansgruppa «Kirilind» i estiske nasjonaldrakter

Estisk kultur utgjer ei blanding av ei gammal nasjonalarv, som det estiske språket, og strøymingar frå nordiske og europeiske kulturelle aspekt. På grunn av historia og geografien til landet, har estisk kultur vorte påverka av tradisjonar frå dei omliggande områda av forskjellige finske, baltiske og tyske folk, samt den kulturelle utviklinga i Sverige og Russland, som begge i periodar styrte landet. Tradisjonelt har Estland vore plassert midt i rivaliseringa mellom det vestlege og det austlege Europa, noko som har kome til syne i dei kristne tradisjonane med både ei vestleg protestantisk kyrkje og ei austleg ortodoks kyrkje.

Estisk kultur er prega av gamle og nye påverkingar frå aust og vest. Her ein McDonald's i Tallinn.

Kulturtradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Feiringar[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste estiske høgtidene er jaaniõhtu, ei jonsokfeiring med bålbrenning og festing, og jõulud, jul, som blir feira på europeisk vis med adventkalender, juletre og tradisjonskost. Ein feirar også kadripäev (karimesse) den 25. november og den estiske nasjonalddedagen 24. februar, til minne om den estiske sjølvstendeerklæringa i 1918.

Mat[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonell estisk mat er bondekost som rugbrød, poteter, mjølkeprodukt, fisk og skaldyr og svinekjøt. Av særskilde estiske retter kan nemnast verivorst (blodpølse), surkål, søtmat som kissel og dravleproduktet kohuke, og brødbrygget kvass. Rugbrød har ei særskild stilling i estisk kultur. Ein kan byrja eit måltid med å ønskja jätku leiba, at brødet må vara, og ein gammal tradisjon var å ta opp brød som fall på golvet og kyssa det.

Kunst[endre | endre wikiteksten]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå estisk musikk.

Estisk musikk er kjenneteikna av ein folkemusikktradisjon nærskyld med gammal finsk folkemusikk, kunstmusikk med impulsar frå kulturelt samkvem med Tyskland og Russland og ein sterk folkeleg korsongtradisjon.

Teater[endre | endre wikiteksten]

Dei første teatera i Estland var tyske stadsteater på slutten av 1700-talet, grunnlagt av mellom andre den tyske dramatikaren August von Kotzebue. Det var denne tyske teaterkulturen som var medverkande til utviklinga av estisk teater på estisk språk etter 1870. Vanemuine-rørsla spelte i 1870 ein komedie på estisk skriven av Lydia Koidula, og dei sette i stand fleire teateroppsetjingar dei neste åra. Det vart bygd eit nytt teater i Tartu, og her etablerte Karl Menning ein regitradisjon basert på realisme og ensemblespel. Teaterlivet stagnerte i Estland i revolusjonstida, men utvikla seg frå 1920-åra til eit symbolistisk og stilisert teater. I sovjettida spelte teateret ei viktig rolle for skjult samfunnskritikk, mellom anna ved Dramateateret i Tallinn. Ein av dei sentrale regissørane i denne perioden var Milek Mikkivers. Då Estland igjen vart ein sjølvstendig nasjon var teaterinteressa i sterk tilbakegang, men ho har teke seg opp att dei siste åra, særleg for amatørteater.[1]

Film[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt har det statlege selskapet Tallinnfilm stått for det meste av filmproduksjonen i Estland, men etter sjølvstendet frå Sovjetunionen har fleire sjølvstendige selskap, som Freyja Film, kome til. Normalt vert det spelt inn to til fem spelefilmar i året, men størst distribusjon er det animasjonsfilm som har fått. Dei første animasjonsfilmane vart laga ved Tallinnfilm i 1957 av dokkefilmskaparen Elbert Tuganov. I 1971 vart verksemda utvida med ei teiknefilmavdeling ved Rein Raamat. Teiknefilmane til Raamt og Priit Pärn slo igjennom internasjonalt i 1980-åra, og det same gjorde dokkefilmane til Riho Unt og Hardi Volmer. Av filmar som fekk stor merksemd var Frokost i det grønne av Pärn og Krig av Unt og Volmers, begge frå 1988.[2]

Dans[endre | endre wikiteksten]

Estisk folkedans i ring

Dans i Estland har hovudsakleg vore basert på den gamle og rike folkedanstradisjonen, og lite innan scenisk dans som ballett. Scenedans slo først gjennom då dei første profesjonelle teatra i Tallinn og Tartu opna på andre halvdel av 1800-talet. Det første moderne dansestudioet vart opna i 1926 av Gerd Neggo, som var elev av Rudolf van Laban. Laban hadde dansa ballett i Estland. Det første ensemblet ved nasjonaloperaen i Estland var elevar frå skulen til Y. Litvinova frå den tidlegare keisarlege russiske balletten.

Dei første åra vart det framført klassiske ballettverk, og i 1944 hadde den første nasjonale balletten, Kratt med musikk av E. Tubin, premiere. I sovjettida fann mange estiske dansarar arbeidsplass i sovjetiske dansekompani. Ein av dei viktigaste estiske koreografane etter andre verdskrigen var Mai-Esther Murdmaa, som studerte ved dansehøgskulen i Moskva. Det første verket hennar var Ballett Symfoni til musikk av Tamberg i 1964. Ho har òg koreografert i utlandet og er framleis ein viktig koreograf i Estland.[3]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå estisk litteratur.

Estisk litteratur går langt tilbake i tid. Den eldre folkediktinga har røter tilbake til 500 f.Kr., medan ei ny folkedikting oppstod på 1700-talet. Estland har ei av dei største samlingane av folkedikting i verda, trass i det låge folketalet. Ei storstilt innsamling av folkedikinga starta på 1800-talet, eit arbeid som framleis pågår. Friedrich Reinhold Kreutzwald skreiv på 1800-talet Kalevipoeg basert på folkediktinga, og dette verket har fått status som nasjonalepos og innleidde nasjonalromantikken i landet.

Fil:Marie Under.jpg
Den estiske lyrikaren Marie Under

Den første diktaren i Estland var Kristjan Jaak Peterson, som nytta seg av fleire motiv og formgrep frå folkediktinga. Andre diktarar på 1800-talet var Johann Voldemar Jannsen og Carl Robert Jakobson, og seinare Anna Haava og Lydia Koidula.

Realistisk prosa slo igjennom mot slutten av 1800-talet, mellom andre med Eduard Vilde. Han skildra ofte samfunnsforholda på 1800-talet. Under revolusjonen i 1905 oppstod forfattargruppa Noor-Eesti («Det unge Estland») som la vekt på dei estiske sidene ved litteraturen. I gruppa finn ein mellom andre lyrikaren Gustav Suits og forfattaren Friedebert Tuglas. I sjølvstendetida blømde litteraturen i Estland, og eit høgdepunkt i estisk prosakunst er danningsromanen Sannhet og rett av Anton Hansen Tammsaare, som vart gjeven ut i fem bind frå 1926 til 1933. Andre forfattar frå denne tida var Karl August Hindrey og lyrikaren Marie Under.

Ein del forfattarar i sovjettida gjekk over til kommunismen, men fleire flykta òg frå landet, hovudsakleg til Sverige. Her starta lyrikaren Bernard Kangro eit estisk forlag i Lund, Eesti Kirjanike Kooperativ. I Estland var litteraturen i denne tida prega av dogmatisk sosialistisk realisme. Av desse forfattarane og lyrikarane finn ein Jaan Kross, Ain Kaalep og Ellen Niit. Frå 1960-åra kom nye diktarar til, som Uku Masing, Artur Alliksaar, Betti Alver, Lilli Promet og Aimée Beekman.[4]

Måle- og skulpturkunst[endre | endre wikiteksten]

Sjølvportrett av Johann Köler frå 1859.

Før 1850 var det meste av kunsten i Estland påverka av Tyskland, Sverige og Russland. Bilethoggaren Bernt Notke arbeidde i Tallinn på 1400-talet. Hoffmålaren Michel Sittow var fødd i Tallinn i 1469, og måleria hans finst i dag i fleire store museum i Europa. Bilethoggaren Arent Passer laga fleire viktige renessanseskulpturar i Tallinn på slutten av 1500-talet.

På slutten av 1800-talet utvikla kunsten seg med romantikken. Målaren Johann Köler var ein føregangsmann og måla mellom anna absidemåleriet i Karlskyrkja i Tallinn. Bilethoggaren August Weizenberg laga skulpturar av det estiske nasjonaleposet Kalevipoeg, medan Amandus Adamson laga Rusalka-statuen i Tallinn.

På 1900-talet vart det oppretta fleire kunstskular. Kunstnarar med nasjonal eigenart var mellom andre Ants Laikmaa, Kristjan Raud og Nikolai Triik. Raud illustrerte mellom anna Kalevipoeg i 1935, medan Laikmaa og Triik var dyktige portrettmålarar. Då Estland vart sjølvstendig i 1918, var påverknaden frå tysk ekspresjonisme og kubisme sterk. I 1919 vart det oppretta ein kunstskule i Pallas, som hadde stor innverknad på estisk kunst, og dei fleste leiande estiske kunstnarane vart utdanna her. I sovjettida, og særleg under Stalin, vart den kunstnariske fridomen sterkt avgrensa. I 1950-åra vart det stort sett laga kunst som hylla det nye regimet, men i 1960-åra frigjorde den estiske kunsten seg frå det russiske kunstidealet. Seinare kunstnarar har mellom anna vore Tonis Vint og Jüri Arrak frå kunstargruppa ANK 64, og seinare har Raoul Kurvits fått internasjonal merksemd med performance-kunst.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]