Vade-, måse- og alkefuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

(Omdirigert frå Charadriiformes)
Gå til: navigering, søk
Vade-, måse- og alkefuglar

SvarthalespoveLimosa limosa
Svarthalespove
Limosa limosa

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Huxley,, 1867
Familiar
  • sjå teksten

Vade-, måse- og alkefuglar (Charadriiformes) er ein mangfaldig biologisk orden av små til mellomstore fugleartar. Gruppa inneheld ca. 350 artar og har medlemmer i alle delar av verda. Dei er mest talrike i nærleiken av vatn og et virvellause dyr eller andre smådyr, men somme er pelagiske, andre lever i ørkenar og nokre få finst i tjukke skogen.

Oversyn av familiar i rekkjefølgja til Clementslista: [1]

Triel, Burhinus oedicnemus
Antarktisslirenebb, Chionis albus
Kronvipe, Vanellus coronatus
Gulpesnipe, Pluvianellus socialis
Amerikasvarttjeld, Haematopus bachmani
Ibisnebb, Ibidorhyncha struthersii
Stylteløpar, Himantopus himantopus
Raudflikbladhøne, Jacana jacana
Symjesnipe, Phalaropus lobatus
Mjølkebrakksvale, Glareola lactea
Slettevandrar, Pedionomus torquatus
Riksesnipe, Rostratula benghalensis
Ni artar er spreidd i den tempererte sona verda rundt, føretrekkjer tørre eller halvtørre område. Av desse er arten triel eurasisk og ein tilfeldig vitjar i Noreg.
To artar knytt til Antarktis: antarktisslirenebb på fastlandet og på øyar i subantarktisk del av Sør-Atlanteren, maskeslirenebb er ein subarktisk øyart med leveområde i sørlege del av Det indiske havet.
66 artar av loar og viper lever verda rundt helst nær vatn. Av desse er vipe og sandlo vanlege i Noreg.
Gulpesnipa lever lengst sør i Sør-Amerika, liknar steinvendar i utsjånad og oppførsel.
Krabbeetaren liknar loar, men har lange bein. Leveområdet er rundt Det indiske havet, rundt Raudehavet og Persiabukta sør til og med Madagaskar.
Samlar 11 artar langs alle kystar i verda med unntak av tropisk Afrika og Søraust-Asia. Den eurasiske tjeld er vanleg i Noreg.
Ibisnebb er ein art som lever langs elvebredder på høglandet i Asia og i Himalaya.
Familien med ni artar av avosettar og stylteløparar finst spreidd på alle kontinent unntatt Antarktisk. Karakteristisk er lange bein. Stylteløper er ein sjeldan gjest i Noreg, avosett var tidlegare tilveldig hekkefugl på Jæren.
Dei åtte artane er spreidd i temperert sone over heile verda. Dei har lange tær og kan gå på flytande vegetasjon.
Den mest talrike familien på artar i ordenen med nær 90 artar spreidd verda rundt.
Krokodillevaktar, 8 artar ørkenløparar og 8 artar brakksvaler i tempererte område av Europa, Afrika, Asia og Australia.
Slettevandrar er endemisk til Australia som liknar på vaktel i utsjånad.
Fire artar i to slekter i Sør-Amerika, liknar ryper, vaktlar og sandhøns, men har lengre venger.
Tre artar med habitat i våtmark: rikssnipe i Afrika, India og Søraust-asia, australrikssnipe er ein sjeldan, trua art i Australia, og dvergrikssnipe i Sør-Amerika.
Over 50 artar spreidd verda rundt. Ni hekkefuglar i Noreg inklusive Svalbard, i tillegg er ca. 6 – 7 gjesteartar.
44 artar over heile verda, jaktar med stupdukk.
Det finst tre saksenebbartar, afrikasaksenebb, indeasaksenebb og amerikasaksenebb, høvesvis i Afrika, Sør-Asia og Amerika. Fiskar flygande med undernebb i vassflata.
Sju artar i arktiske og antarktiske strøk, fire av dei finst i Noreg eller ved kysten: storjo, polarjo, tyvjo og fjelljo. Dei andre artane er kaneljo, sørjo, og sørhavsjo, alle på den sørlege halvkule. Gode flygarar, har ofte fleire fargevariantar, morfar.
23 artar av særs gode symjarar og dukkarar, lever i kjølige nordlege farvatn. Seks artar i Noreg.


[endre] Kjelde