Fræna kommune
| Fræna kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1548 |
| Fylke | Møre og Romsdal |
| Adm.senter | Elnesvågen |
| Areal | 367 km² |
| Folkemengd | 9 483 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-) | Nils Johan Gjendem (Frp) |
| Målform | Nynorsk |
| Nettstad | www.frana.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Fræna kommune på Commons | |
Fræna kommune ligg i Romsdal i Møre og Romsdal fylke og grensar til Eide i nordaust, Aukra i vest og Molde i sør. Elles har kommunen grenser til Norskehavet.
Fræna har fire kyrkjer, Myrbostad kyrkje, Bud kyrkje, Hustad kyrkje og Vågøy kyrkje.
Dumperprodusenten Moxy ligg i Fræna.
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Fræna ligg på Romsdalshalvøya, ytst i Romsdal og nord for Romsdalsfjorden. Kommunen femner den vestlege delen av halvøya frå landet kring Frænfjorden i sør til Hustadvika i nord, og ei rekkje mindre øyar i tillegg , derimellom Bjørnsundøyane. Nært kysten er det svære myrlendte område. Lenger inn i landet stig terrenget og når toppar mellom 600-1000 moh. Det høgste punktet i kommunen er Kvannfjellet på 900 moh.
Busetnaden i Fræna er spreidd, men med samlingar i og kring kommunesenteret Elnesvågen, og i Bud, som ligg vest i kommunen.
Folketalsutvikling [endre]
Folketalsutvikling for noverande Fræna kommune frå 1900:
| 1900[2] | 1.12.1920[3] | 1.12.1930[4] | 3.12.1946[4] | 1.1.1951[5][6][7] | 1.1.1961[5][6][7] | 1.1.1971[5] | 1.1.1981[5] | 1.1.1991[5] | 1.1.2001[5] | 1.1.2010[5] |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 5608 | 6456 | 6633 | 7074 | 7006 | 7228 | 7487 | 8858 | 8886 | 9040 | 9336 |
Kjende Frænafolk (freningar) [endre]
- Anton Aure, (1884–1924), boksamlar og bibliograf
- Rolf Groven, biletkunstnar.
- Birger Hatlebakk, (1912–1997), industrimann.
- Edvard Hoem, (1949– ), forfattar.
- Ola Kvernberg fiolinist og jazzmusikar.
- Jim Svenøy, friidrettsutøvar.
Kjelder [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ Kjelde: SSB
- ↑ "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Fræna 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 6,0 6,1 Folkemengd i Bud 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 7,0 7,1 Folkemengd i Hustad 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Bakgrunnsstoff [endre]
| Kommunar i Møre og Romsdal | ||
|---|---|---|
| Sunnmøre | Giske · Haram · Hareid · Herøy · Norddal · Sande · Skodje · Stordal · Stranda · Sula · Sykkylven · Ulstein · Vanylven · Volda · Ørskog · Ørsta · Ålesund | |
| Romsdal | Aukra · Fræna · Midsund · Molde · Nesset · Rauma · Sandøy · Vestnes | |
| Nordmøre | Aure · Averøy · Eide · Gjemnes · Halsa · Kristiansund · Rindal · Smøla · Sunndal · Surnadal · Tingvoll | |