Hærfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hærfugl

Status i verda: LC Livskraftig

Upupa epops ceylonensis
Upupa epops ceylonensis

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Aves
Orden: Coraciiformes
Familie: Upupidae
Slekt: Upupa
Art: U. epops
Vitskapleg namn
Upupa epops

Hærfugl (Upupa epops) er ein fugl i familien hærfuglar som held til i store delar av Europa, Asia og Nord-Afrika. Fuglen har ein karakteristisk og kraftig farga fjørdrakt i svart, kvitt og oransje, og ein fjørkam på hovudet som vert reist opp når fuglen er opphissa. Elles ligg fjørkammen som ein bakovervend fjørspiss. Også læta er markant og når vidt.

Hærfugl med oppreist fjørkam.

Taksonomi og utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Hærfuglen er nær i slekt med sporvefuglar og høyrer til i slekta Upupa og familien Upupidae. I dag vert familien oftast plassert i ordenen råkefuglar (Coraciiformes), men iblant vert han sett i den eigne ordenen Upupiformes. Hærfuglen vert i sin tur delt opp i ei rekkje underarter. Nokre taksonomar har gitt nokre av underartane artstatus.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Hærfuglen held til i store delar av Europa, Asia og Nord-Afrika.[1] Verdspopulasjonen er dels trekkfuglar, dels standfuglar etter kor langt mot nord dei hekkar. Dei europeiske fuglane dreg sørover i august-oktober for å overvintre i Afrika, og kjem attende i april-mai..[2]

Førekomst i Noreg og Sverige[endre | endre wikiteksten]

Fuglen hekkar ikkje i Norge. Eksemplar av arten har vore observert enkeltvis i heile landet, særleg haust og vår.

Hærfugl etablerte seg som hekkefugl i Sverige i første halvdelen av 1800-talet, men forsvann att rundt 1920. Seinare fann nokre fleire hekkingar stad, særleg på Öland, som er det området ein oftast ser fuglen i Sverige. I 2010 blei fuglen offisielt rekna som utdøydd i Sverige.

Underartar i taksonomisk orden[endre | endre wikiteksten]

Denne opprekninga er i samsvar med Clements et al., 2008[3]

Madagaskarhærfugl (Upupa marginata), som er endemiskMadagaskar, vert iblant rekna som underart til hærfuglen.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hærfuglen er 28 cm lang og veg 55-80 gram. Vengespennet er 44-48 cm. [4]

Læte av hærfugl.

Fjørdrakta er noko mellom klart oransje og bleikt beige i fargen, med svarte og kvite render på vengane, ryggen og stjerten. På hovudet har fuglen ei fjørkrone eller fjørkam, med svarte toppar. Kammen kan reisast rett opp, men ligg oftast nedfelt og ser då meir ut som ein nakketufs. Fuglen går på marka som ein stare. I flukt verkar fuglen litt sommarfuglaktig i rørslemåten.

Læta er eit trestava «opp-opp-opp».

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Hærfugl på matjakt i ei eng.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Egg

Hærfuglen byggjer reir i trehol, blant steinblokker eller i steinmurar.[4] Reiret ligg gjerne 1,5 meter over marka. Hoa legg 5-8 grå eller gule 26 mm lange egg. Desse rugar ho i 16-18 dagar. Ungane er flygeklare etter 26-29 dagar.[4]

Biotop og føde[endre | endre wikiteksten]

Fuglen held til i opne kulturlandskap. Han livnærer seg av blant anna store insekt, mark og små øgler[4] i beitemarkar og liknande plassar og plukkar gjerne i dyrelort etter føde.

Hærfugl i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Den oppsiktsvekkjande utsjånaden og høge lætet har gjort at hærfuglen har fått ein framtredande plass i ulike kulturar. Han er freda i ei rekkje land.[1] Fuglen kan vera til gagn ved å eta larvar av skadedyr.[5] I 2008 blei hærfuglen vald til nasjonalfugl for Israel, som ligg langs trekkruta hans.[6] Han er også statsfugl for Panjab i India.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Hærfugl, herfugl
Namn på andre språk
Svensk Härfågel
Dansk Hærfugl
Engelsk Hoopoe
Tysk Wiedehopf, Hoppevogel, Puvogel, Krammetsvogel, Langwiede, Hupatz, Wehdwinde
Fransk Huppe fasciée
Spansk Abubilla
Russisk Udod (Удод)

Det er læta som har gitt fuglen det vitskaplege namnet «Upupa». Dette vart brukt allereie av Aristoteles.[7] Også det engelske namnet hoopoe er lydhermande.[8] </ref>

Det nordiske namnet hærfugl kan kome av det svenske oäringsfågel, som speglar attende på uår og dårlege avlingar. Hærfuglen har vore sett på som eit varsel om krig og svolt då læta på svensk har vore tolka som: «Upp! Upp! Upp! Ut! Ut!».[7][9]

Hærfugl i tru og litteratur[endre | endre wikiteksten]

Arabisk kalligrafi forma som ein hærfugl.

Hærfuglen har ein framtredande plass i mytologi og folketru.[7] Dei var rekna som heilage i Det gamle Egypt, der dei blei framstilt på veggmåleri i graver og tempel. Dei hadde ein liknande status i Den minoiske sivilisasjonenKreta.[10]

Fuglen er med i gresk mytologi, der Terevs blir forvandla til ein hærfugl, og er ein viktig figur i skodespelet 'Fuglane' av Aristofanes.

Hærfugl er nemnd i Mosebøkene som ulovleg å eta.[6] Koranen fortel at kong Salomo hadde med ein hærfugl på reisene sine ettersom han kunne finna underjordiske vasskjelder.[11] I det episke diktet Fuglenes forsamling frå Persia er ein hærfugl vis ordstyrar for fuglane som ønskjer seg ein leiar. Hærfuglen blir ridedyr og følgjesven for hovudpersonen i den eventyrlege boka Harun og historienes hav av Salman Rushdie.

I eit eventyr i Tusen og en natt blir det fortald at ein kan få nokon til å fortelja om løyndommane sine om ein legg eit hærfuglhjarte under hovudet deira medan dei søv.[11] I Sveits trudde ein at ein kunne lækja snue ved å drikka oske av hærfugl blanda med vin.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kristin, A (2001). «Family Upupidae (Hoopoes)». I Josep, del Hoyo; Andrew, Elliott; Sargatal, Jordi. Handbook of the Birds of the World. Volume 6, Mousebirds to Hornbills. Barcelona: Lynx Edicions. ss. 396–411. ISBN 84-87334-30-X.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. Nordens fåglar, 1991, sid. 301-303. ISBN 91-1-913142-9. 
  3. Clements et al. (2008) Clements Checklist version nov. 2008 (exceldokument), www.birds.cornell.edu, läst 2010-02-09
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Christopher Perrins under medverkan av David Attenborough: Fågelliv i Europa, Bonnier Fakta, Stockholm 1986, Juhani Vuorinen (övers.), sid. 146. ISBN 91-34-50909-7. 
  5. Battisti, A; Bernardi, M. and Ghiraldo, C. (2000). «Predation by the hoopoe (Upupa epops) on pupae of Thaumetopoea pityocampa and the likely influence on other natural enemies». Biocontrol 45 (3): 311–323. doi:10.1023/A:1009992321465.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  6. 6,0 6,1 «Israel names biblically banned Hoopoe national bird» (May 29, 2008), reuters.com
  7. 7,0 7,1 7,2 Månadens P2-fågel: december 2004, Härfågel, Upupa epops
  8. hoopoe (n.), Online Etymology Dictionary
  9. U-äring: o-ärings-fógel i Johan Ernst Rietz, Svenskt dialektlexikon (1862–1867)
  10. Fry, Hilary C. (2003). Christopher Perrins. ed. Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. pp. 382. ISBN 1-55297-777-3.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  11. 11,0 11,1 11,2 Carl-Herman Tillhagen (1978) Fåglar i folktron, LTs förlag, Stockholm, ISBN 91-36-01184-3. Oppgjeve av Svensk Wikpedia.
  • hærfugl (20.03.2013) i Store norske leksikon.
  • Lars Larsson, Birds of the World, 2001, CD-rom

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hærfugl