Michelle av The Beatles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Michelle»
Singel av The Beatles
frå albumet Rubber Soul
Utgjeve 1966
Innspelt Abbey Road Studios
17. juni, 12. oktober - 11. november 1965
Sjanger Folkrock, jazz
Lengd 2:40
Selskap Parlophone Records
Låtskrivar(ar) Lennon/McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
«Day Tripper»
(1966)
«Michelle» «Paperback Writer»
(1966)
«Michelle»
Singel av Overlanders
Utgjeve 1966
Sjanger Folkrock, jazz

«Michelle» er ein ballade av The Beatles, hovudsakleg skrive av Paul McCartney. Songen vart gjeve ut på Rubber Soul i 1965. Songen skil seg ut frå dei fleste andre Beatles-songar ved at delar av teksten er på fransk.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

«Michelle» spring ut frå den franske Left Bank-kulturen i tida då McCartney budde i Liverpool. McCartney var i denne tida på ein fest med kunststudentar då ein student med bukkeskjegg og stripete t-skjorte song ein fransk song. McCartney skreiv ein parodi på songen for å underhalde venene sine med fransk-liknande liksom-ord i staden for verkelege ord. Songen vart stadig teke fram på festar fram til 1965 då John Lennon førslo at McCartney gjorde ein skikkeleg song av han som kunne nyttast på Rubber Soul.[1]

McCartney valde å halde seg til den franske stilen og bad Jan Vaughan, ein fransk lærar og kona til ein gammal ven, om å gje han eit fransk namn og ei setning som rimte.[1] Vaughan kom med «Michelle, ma belle» og etter eit par dagar spurte McCartney ho om ho kunne setje om setninga «these are words that go together well» — sont des mots qui vont très bien ensemble.[1] Då McCartney spelte songen for Lennon førelo Lennon mellompartiet med «I love you». Lennon var inspirert av ein song han hadde høyrt kvelden før, Nina Simone si innspeling av «I Put a Spell on You», som nyttar same frase, men med trykk på siste ordet, «I love you».[1][2]

Utgjevng[endre | endre wikiteksten]

«Michelle» vann Grammy Award for Song of the Year i 1967.[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen var ein stor hitt i 1966 med Overlanders,[4] som spelte inn songen etter at Beatles sjølv ikkje ville gje han ut på singel i Storbritannia og USA. Begge versjonar vart derimot gjeve ut i enkelte land, som Noreg der begge to gjekk heilt til topps. The Beatles si utgåve erstatta Overlanders si utgåve på toppen av lista tidleg i 1966 og låg på førseplassen i heile ni veker.[a 1] Den same songen låg altså til saman ti veker samanhengande på toppen av VG-lista.

«Michelle» vart òg gjeve ut av David and Jonathan, som fekk ein liten hit med songen i 1966.[5]

Songen er òg spelt av Ben Harper i reggae-stil og av the Four Tops, Tommy Emmanuel og Booker T. & the MGs.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Steve Turner ({{{utgjeve}}}) A Hard Day's Write: The Stories Behind Every Beatles Song, s. 94 – Harper Paperbacks, New York. ISBN 0-06-084409-4.
  2. David Sheff (2000) All We Are Saying: The Last Major Interview with John Lennon and Yoko Ono, s. 137 – St. Martin's Press, New York. ISBN 0-312-25464-4.
  3. 1966 Grammy Awards. Vitja 13. oktober 2008.
  4. Bill Harry (2000) The Beatles Encyclopedia: Revised and Updated, s. 768-769 – Virgin Publishing, London. ISBN 0-7535-0481-2.
  5. David and Jonathan. Allmusic.com. Vitja 13. oktober 2008.

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]