Molodjozjnaja-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 67°40′S 45°50′E
Molodjozjnaja-stasjonen
stasjon
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Enderby Land
 - koordinatar 67°40′S 45°50′E
Administrert under Antarktistraktaten
Molodjozjnaja-stasjonen is located in Antarktis
Molodjozjnaja-stasjonen (Antarktis)

Molodjozjnaja (russisk Молодёжная) var ein sovjetisk stasjon i Aust-Antarktis.

Molodjozjnaja-stasjonen ligg i Thala Hills, 500-600 meter inn frå kysten på sørsida av Alasheyev Bight i Kosmonauthavet, 42 meter over havet. Området kring stasjonen er dstort sett dekt av klipperike ryggar skild av snødekte søkk og innsjøar. Sjøen nr stasjonen er dekt av pakkis det meste av året, opp til 100 km ut frå kysten om vinteren. Vegen til toppen av den massive austantarktiske innlandsisen (Dome A) byrjar 1,5-2,0 km frå kysten. Kheisbreen ligg i 15 km aust for stasjonen og Campbellbreen er omtrent like langt unna mot sørvest.[1]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Middeltemperaturen varierer frå −19 °C i dei kaldaste månadane (juli-august) til kring 0 °C i januar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Han vart opna i februar 1962 og vart nytta til å sende opp meteorologiske sonderakettar. Mellom 25. mai 1969 og 26. desember 1990 vart 1104 M-100-rakettar skotne opp frå Molodjozjnaja-stasjonen.[2] Den 28. februar 1979 vart MMR06-modellen skoten opp frå Molodjozjnaja.[3] Midlane for meteorologisk forsking gjekk nedover i 1980-åra og utsendingane av M-100 tok brått slutt i 1990, og stasjoenn vart lagt ned.

Det har sidan 2006 vore snakk om å opne stasjonen opp att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]