Fiskeørn
| Fiskeørn | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Accipitriformes | |
| Familie: | Pandionidae | |
| Slekt: | Pandion | |
| Art: | P. haliaetus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Pandion haliaetus | ||
| Fiskeørn | |
| Namn på andre språk | |
|---|---|
| Svensk | Fiskgjuse |
| Dansk | Fiskeørn |
| Engelsk | Osprey |
| Tysk | Fischadler |
| Fransk | Balbuzard pêcheur |
| Spansk | Águila pescadora, halieto |
| Russisk | Skopa (Скопа) |
Fiskeørn (Pandion haliaetus) er den einaste medlemmen i familien fiskeørnar (Pandionidae). Ho er ein mellomstor rovfugl som lever nesten berre av fisk som ho tek i vassoverflata. Fiskeørna finst på alle kontinenta på jorda unnateke Antarktis. I Sør-Amerika lever ho som trekkfugl som ikkje hekkar.
Utsjånaden gjer at fuglen er lett å identifisere. Ørna har ljos (nesten kvit) underside med tydeleg markerte mørke «knokar» ved framkanten til vengene, svart nakke og overside av vengene.
Fiskeørna er veltilpassa levesettet sitt, med yttertær som vender bakover, nasebor som kan stengjast, og kvasse klør som hjelper ho til å halde fast fanga bytte. Når byttet er fanga, blir det alltid halde med hovudet framåt, så luftmotstanden skal vera minst mogleg.
Fiskeørna blir 55–60 cm lang, med eit vengespenn på 145–170 cm. Ho veg 1200–2000 gram.