Skotsk geologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit tidleg geologisk kart over Skottland
Hovudinndelinga av Skottland

Geologisk kan Skottland delast i tre regionar:

Dei eldste bergartene i Skottland er dei eldste i Europa og blant dei eldste bergartene i verda. Grunnfjellet vart danna for opptil 3000 millionar år sidan. Bergartene består av gneis som finst vest for Moine-forkastinga på fastlandet, i Ytre Hebridane og på øyane Coll og Tiree.

Seinare i prekambrium og i kambriumtida vart tjukke lag av sand, kalk, slam og lava avsett i det skotske høglandet (Dalradian-seriane). I ordoviciumtida vart grunnmarine skifrar avsett langs kanten av Iapetushavet. Skifrane finst i Midland Valley, mellom anna i Ballantrae-komplekset nær Girvan. I silurtida føregjekk forkastingsaktivitet då Skottland fekk sine noverande landformer. Forkastinga er Highland-forkastinga, Great Glen-forkastinga, Southern Uplands-forkastinga og Iapetus-suturen. Skottland vart heva under kollisjonen mellom det baltiske skjoldet og Avalonia. Hovuddelen av fjella består av gråvakke som er erosjonsmateriale frå fjella. Vulkansk aktivitet føregjekk på det meste av Skottland, og granitt finnast mellom anna i Cairngorms.

I devontida var Skottland del av Old Red-kontinentet. Området vart heva og erodert slik at sediment vart transportert ut i innsjøar som til dømes Orcadiansjøen. Opptil 11 000 meter tjukke sandsteinslag finst i Moray Firth-bassenget, på Orknøyane og langs sørlege grensa til Highland-grenseforkastinga. Vulkanske bergarter finst i Cheviot Hills, Ochil Hills, Sidlaw Hills, deler av Pentland Hills og Scurdie NessAngus-kysten.I karbontida vart det danna kol, karbonat og svartskifer. Vulkanske bergarter finst i klippene Arthur's Seat og Salisbury Crags i Edinburgh og dei nærliggande Bathgate Hills. Raud sandstein frå permtida er funne i sørvestlege delen av Skottland på øya Arran og på Moray-kysten. Sanden vart vindavsett i ørkenområde.

Sandstein frå triastida finne sin nær Dumfries, Elgin og Isle of Arran. Sanden vart avsett av flaumelvar. I juratida vart Skottland heva mens bassenga sokk inn. Sediment finst på kysten av Sutherland nær Golspie og på Raasay og Eigg. Tjukke sedimentlag i Nordsjøen gav grunnlag for dagens petroleumsverksemd. Tjukke karbonatlag vart danna i krittida, som lokalt finst på vestkysten som Loch Aline i Morvern.

I byrjinga av tertiærtida vart det danna vulkanske øyar vest for Skottland, som Isle of Sky og Small Isles i Indre Hebridane, St. Kilda i Ytre Hebridane, Arran og Ailsa Craig i Firth of Clyde, og ved Ardnamurchan.

I kvartærtida var Skottland dekt av is i lange periodar. Landskapet vart erodert og fekk U-dalar. Etter siste istida for 12 000 år sidan vart det danna torv, innsjøar og strandlinjer.

Det skotske høglandet[endre | endre wikiteksten]

Denne nordvestlege delen av Skottland er eit fjellandskap som vesentleg består av eldre bergartar frå kambrium og prekambrium, som vart heva under den kaledonske fjellkjedefoldinga. Dette underlaget har vulkanske intrusjonar av yngre alder, som dannar fjellmassiv som Cairngorms og Sky Cuillins.

Det skotske høglandet, ligg nord og vest for Highland-forkastinga, som går frå Arran til Stonehaven. Det fell omtrent saman med Highland.

Denne nordvestlege delen av Skottland er eit fjellandskap som vesentleg består av eldre bergarter frå kambrium og prekambrium, som vart heva under den kaledonske fjellkjedefoldinga. Dette underlaget har vulkanske intrusjoner av yngre alder, som dannar fjellmassiv som Cairngorms og Sky Cuillins.

Fjella er gjennomskoren av Great Glen-forkastinga. Dei høgaste områda på Dei britiske øyane finst her, slik som Ben Nevis med høgaste toppen på 1344 moh.

Dei skotske øyane[endre | endre wikiteksten]

Utanfor nordvestkysten av Skottland ligg over 790 øyar delt i fire hovudgrupper: Shetland, Orknøyane og Hebridane, som er vidare inndelt i Indre Hebridane og Ytre Hebridane. Dei skotske øyane er eit fjellandskap som består av bergartar frå kambrium og prekambrium, som vart heva under den seinare kaledonske fjellkjedefoldinga.

Shetlandsøyane er den nordlege utposten av den kaledonske fjellkjedefoldinga der det finst blottlagte metamorfe bergarter frå Lewisian, Dalriadan og Moine-tida med tilsvarande historiar som ekvivalentane sine på det skotske fastlandet. Tilsvarande er det òg Old Red-sandstein avsettingar og granitt intrusjoner. Den mest unike blottlegginga er ein ultrabasisk ofiolitt peridotitt og gabbroUnst og Fetlar, som er restar etter Iapetus-havbotn. Mykje av økonomien til Shetland er avhengig av dei oljeførende sedimenta i havområda utanfor. Hebridane består av tertiære vulkanske granitt- og gabbro-bergarter, som er sterkt forvitra. Desse øyane representerer restar etter ein gammal, utslukka ringvulkan som sto på eit havbotnsplatå omtrent 40 m under havnivå.

Dei skotske låglanda[endre | endre wikiteksten]

Dei skotske låglanda er ein riftdal som består av paleozoiske bergartar.

Southern Uplands[endre | endre wikiteksten]

Dei sørlege høglanda er eit fjellområde som består av gråvakke frå silurtida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]