Fjell i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk flagg i norske fjell

Noreg er eit land med mykje fjell over store delar av landet. Dovrefjell, Hardangervidda, Jotunheimen, Rondane og Trollheimen er mellom dei best kjende norske fjellområda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historisk har nordbuar brukt fjellet som beiteområde og fôrkjelde for husdyr og jaktmarker og ferdselsveg for seg sjølve. Men den norske fjellheimen blei først «oppdaga» på 1800-talet, då romantikarar frå lenger sør i Europa og norske nasjonalistiske kunstnarar fekk auga opp for det særskilde landskapet.

Vandring og skigåing i fjellet er blitt vidspreidd blant både nordmenn og utlendingar, og Den Norske Turistforening syter for merking av stiar og turisthytter over heile landet.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Norske fjell har gjeve opphav til eit rikt utval av soger og har i nyare tid inspirert kunstnarar til å skapa særleg måleri og dikt. Dei viktigaste fjellforfattarane er A.O. Vinje og Theodor Caspari, medan ei rekkje målarar har skildra fjellheimen, til dømes Harald Sohlberg med Vinternatt i Rondane.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Bitihorn. (Foto: Kjetil Lenes)

Dei norske fjella blei hovudsakleg forma som del av den kaledonske fjellkjeda under silurtida for 440 millionar år sidan. Kollisjonen mellom urkontinenta Baltika og Laurentia førte til hevinga av dei høge fjella på Vestlandet. Under permtida for 260 millionar år sidan danna så vulkansk aktivitet i Oslofeltet lågare fjell der.

Erosjon har slipt på fjella frå dei blei danna. Han var særskild kraftig i devontida, like etter danninga av den kaledonske fjellkjeda, og under dei nylege istidene i kvartærtida.

Dei høgaste fjella i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Høgaste fjell i Noreg
Namn1 Høgd
m.o.h.
P.F.2
m
UTM-koordinatar3 Kommune4 Kart5 Kommentar
Nord Aust Sone
Galdhøpiggen 2469 2420 6833875 463568 32 Lom 1518 II
Glittertinden 2464 995 6835405 476557 32 Lom 1618 III
Storen 2405 1010 6814692 439870 32 Luster/Årdal 1517 IV Alt. namn Store Skagastølstind.
Styggedalstindane (Store, Ø) 2387 160 6815025 441488 32 Luster 1517 IV
Styggedalstindane (Store, V) 2383 25 6815080 441186 32 Luster 1517 IV
Skardstinden (Store) 2373 280 6833539 461059 32 Lom 1518 II
Vesle Galdhøpiggen 2369 150 6834337 463221 32 Lom 1518 II Alt. namn Veslepiggen.
Surtningssue 2368 710 6822350 477274 32 Lom/Vågå 1618 III Alt. namn Surtningssui.
Store Memurutinden (V) 2364 336 6826090 472246 32 Lom 1618 III
Store Memurutinden (Ø) 2363 25 6826086 472823 32 Lom 1618 III
Keilhaus topp 2355 20 6833692 464285 32 Lom 1518 II
Store Memurutinden (M) 2355 10 6826025 472726 32 Lom 1618 III
Jervvasstind 2351 120 6815042 441976 32 Luster 1517 IV Alt. namn Gjertvasstind.
Sentraltind 2348 80 6814945 440441 32 Luster 1517 IV Alt. namn Centraltind.
Storjuvtinden 2344 110 6833217 462557 32 Lom 1518 II Alt. namn Storgjuvtinden.
Knutsholstinden 2341 969 6810124 476635 32 Vågå 1617 IV
Skagastølstindane, Vetle 2340 70 6815044 439997 32 Luster 1517 IV Alt. namn Vetle Skagastølstind.
Store Hellstugutinden 2339 690 6823572 469581 32 Lom 1518 II Alt. namn Heillstugutindan, Store.
Midtre Hellstugutinden 2339 145 6824374 469416 32 Lom 1518 II Alt. namn Heillstugutindan, Midtre.
Tjønnholstinden 2331 340 6812377 481128 32 Vågå 1617 IV
Leirhøe 2330 280 6828748 471716 32 Lom 1518 II Alt. namn Leirhøi.
Steinflytinden 2318 20 6812448 481352 32 Vågå 1617 IV
Bukkehøe 2314 350 6830323 461053 32 Lom 1518 II Alt. namn Bukkehøi.
Skardstinden (Nåla) 2310 6833266 461190 32 Lom 1518 II
Tverråtindan (Store) 2309 180 6831514 462961 32 Lom 1518 II
Ymelstind 2304 40 6832911 462263 32 Lom 1518 II Alt. namn Ymmelstinden.
Tverråtindan, M 2302 95 6831422 463694 32 Lom 1518 II
Surtningssue (Sørtoppen) 2302 30 6821645 477721 32 Lom/Vågå 1618 III Alt. namn Surtningssui.
Austre Memurutinden 2301 171 6825883 473838 32 Lom 1618 III
Trollsteineggje 2300 90 6836426 476625 32 Lom 1618 III
Austre Leirungstinden 2288 290 6809823 478695 32 Vågå 1617 IV
Tverråtindan (V) 2288 15 6831516 462621 32 Lom 1518 II
Snøhetta, Stortoppen 2286 1675 6909842 513881 32 Dovre 1519 IV
Skagastølstindane, Midtre 2284 80 6815455 439729 32 Luster 1517 IV Alt. namn Midtre Skagastølstind.
Memurutindan, V-1 2280 70 6825077 471498 32 Lom 1518 II
Snøhetta, Midttoppen 2278 35 6909842 513208 32 Dovre 1519 IV
Svellnose 2272 20 6833545 464914 32 Lom 1518 II Alt. namn Svellnosi.
Søre Veotinden 2267 140 6826601 475174 32 Lom/Vågå 1618 III
Mesmogtinden 2264 770 6807853 475118 32 Vågå 1617 IV
Memurutindan, NV 2264 10 6827035 472185 32 Lom 1518 II
Snøhetta, V-1, Hettpiggen 2261 50 6909466 512993 32 Dovre 1519 IV
Austre Glittertindoksle 2260 30 6836077 477459 32 Lom 1618 III
Bakarste Storgrovhøe 2259 180 6834707 461169 32 Lom 1518 II
Besshøe 2258 850 6820515 483360 32 Vågå 1618 III Alt. namn Besshøi.
Nautgardstinden 2258 573 6830009 487231 32 Lom/Vågå 1618 III
Nestsøre Hellstugutinden 2255 114 6822883 469691 32 Lom 1518 II
Snøhetta, V-2, Vesttoppen 2253 70 6909305 512926 32 Dovre 1519 IV
Fremste Storgrovhøe 2253 60 6835409 461712 32 Lom 1518 II
Midtre Surtningssue 2251 20 6821556 478064 32 Vågå 1618 III
Vestre Glittertindoksle 2251 10 6836590 475432 32 Lom 1618 III
Vestre Leirungstinden 2250 200 6809217 477678 32 Vågå 1617 IV
Skarvflyløyfttinden 2250 40 6810643 479289 32 Vågå 1617 IV
Portpiggen (Galdhøpiggen, N) 2250 13 6834147 463336 32 Lom 1518 II
Memurutindan, V-3 2243 90 6824360 471432 32 Lom 1518 II
Store Veotinden 2240 70 6827053 475127 32 Lom 1618 III
Galdhøe 2238 91 6836048 464394 32 Lom 1518 II Alt. namn Galdhøi.
Memurutindan, V-2 2238 25 6824516 471348 32 Lom 1518 II
Semeltinden 2236 437 6820129 468387 32 Lom 1518 II
Visbretinden 2234 370 6822019 464659 32 Lom 1518 II
Søraustre Styggehøbreatinden 2232 100 6826069 476421 32 Vågå 1618 III
Memurutindan, V-4 2230 80 6823712 472126 32 Lom 1618 III
Høgdebrotet 2226 80 6813283 482362 32 Vågå 1617 IV
Kjelhøi 2223 30 6837247 464861 32 Lom 1518 II Alt. namn Kjelhøe, Galdhøe, N.
Storebjørn 2222 810 6824155 454147 32 Lom 1518 II
Skagastølsnebbet 2222 25 6815568 439705 32 Luster 1517 IV
Surtningssue, N 2222 15 6823067 477821 32 Vågå 1618 III
Sørvestre Styggehøbreatinden 2220 30 6825947 476141 32 Vågå 1618 III
Mesmogtinden, N 2220 10 6807982 475126 32 Vågå 1617 IV
Vestre Skardstinden 2219 15 6833620 460523 32 Lom 1518 II Alt. namn Vestre Skardstind; Skardstinden, Vestre.
Nørdre Hellstugutinden 2218 70 6825524 469221 32 Lom 1518 II Alt. namn Heillstugutindan, Nordre.
Styggehøe, Store 2213 220 6828825 464814 32 Lom 1518 II Alt. namn Styggehøi, Store.
Store Bukkeholstinden 2213 160 6827500 463231 32 Lom 1518 II
Søre Skarvflytinden 2210 60 6811106 479181 32 Vågå 1617 IV
Storgrovtinden 2210 15 6834466 461122 32 Lom 1518 II
Storstyggesvånåtinden 2209 540 6905834 509767 32 Dovre/Lesja 1419 I
Vestre Kalvehøgde 2208 530 6806594 479741 32 Vang/Vågå 1617 IV
Smørstabbtinden, Store 2208 200 6826777 453218 32 Lom 1518 II
Tverråtindan, NV for 2207 25 6832490 462374 32 Lom 1518 II 400-450m sør for Ymelstind.
Langedalstinden 2206 100 6807509 474540 32 Vang/Vågå 1617 IV
Vesle Knutsholstinden 2205 75 6809467 477246 32 Vågå 1617 IV
Austanbottstindane, Store 2202 480 6811468 435733 32 Luster/Årdal 1517 IV Alt. namn Austanbotnstindane.
Nørdre Trollsteinhøe 2201 347 6840983 477912 32 Lom 1618 III Alt. namn Store Trollhøin.
Styggehøe, Østre 2200 15 6829478 465324 32 Lom 1518 II Alt. namn Styggehøi, Østre.

Merknader

  1. Namnet er det som blir brukt av Statens Kartverk, hovudsakleg dei som kan brukast som oppslagsord på Norgesglasset Arkivert 2006-11-25 ved Wayback Machine..
  2. P.F. er primærfaktoren. Desse verdiane er noko meir usikre enn høgdene.
  3. UTM-koordinatane har ein unøyaktighet på 10–20 m i begge retningar.
  4. For toppar som ligg på grensa mellom fleire kommunar er alle kommunane tatt med.
  5. Koden vister til Statens Kartverks serie Norge 1:50 000, M711.

Høgaste fjellet i kvart norske fylke[endre | endre wikiteksten]

Nr.1 Fylke Høgste punkt Type Høgd
m.o.h.
Rang2 UTM-koordinatar3 Kommune4
Sone Aust Nord
1 Østfold Slavasshøgda Ås 336 19 32V 653962 6619684 Rømskog
2 Akershus Fjellsjøkampen Ås 812 16 32V 606693 6704173 Hurdal
3 Oslo Kjerkeberget Ås 629 18 32V 589919 6667569 Oslo, Lunner (Oppland)
4 Hedmark Rondslottet Fjell 2178 3 32V 544702 6864985 Folldal, Dovre (Oppland)
5 Oppland Galdhøpiggen Fjell 2469 1 32V 463568 6833875 Lom
6 Buskerud Folarskardnuten Fjell 1933 6 32V 433833 6720333 Hol
7 Vestfold Skibergfjellet Fjell 632 17 32V 554623 6605140 Hof
8 Telemark Gaustatoppen Fjell 1883 8 32V 480359 6635226 Tinn
9 Aust-Agder Sæbyggjenuten Fjell 1507 13 32V 422096 6592297 Bykle, Tokke (Telemark)
10 Vest-Agder Urddalsknuten Fjell 1434 14 32V 394651 6559744 Sirdal, Valle (Aust-Agder)
11 Rogaland Vassdalseggi Fjell 1658 11 32V 393856 6626575 Suldal, Vinje (Telemark)
12 Hordaland Hardangerjøkulen Isbre 1863 9 32V 414896 6713414 Eidfjord, Ulvik
14 Sogn og Fjordane Storen5 Topp 2405 2 32V 439870 6814692 Luster, Årdal (Sogn og Fjordane)
15 Møre og Romsdal Puttegga Fjell 1999 4 32V 432100 6898757 Rauma, Norddal
16 Sør-Trøndelag Storskrymten Fjell 1985 5 32V 503212 6915694 Oppdal, Sunndal (Møre og Romsdal), Lesja (Oppland)
17 Nord-Trøndelag Jetnamsklumpen Fjell 1513 12 33V 462068 7223308 Røyrvik, Hattfjelldal (Nordland)
18 Nordland Oksskolten Topp 1916 7 33V 470002 7321651 Hemnes
19 Troms Jiehkkevárri Fjell 1834 10 34V 456072 7707094 Tromsø, Lyngen
20 Finnmark Øksfjordjøkelen (Ákšovunjiehkki) Isbre 1204 15 34V 540120 7786273 Loppa

Merknader

  1. Dette er det offisielle fylkesnummeret i Noreg.
  2. Rang er nummeret denne toppen har om ein sorterer alle toppane etter høgda
  3. UTM-koordinatane har ei ugrannsemd på ca. 10 m i begge retningar.
  4. For toppar som ligg på grensa mellom fleire kommunar er alle kommunane medtekne.
  5. Storen er òg kjend som Store Skagastølstind.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fjell i Noreg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]