Fjell i Noreg med størst sekundærfaktor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dette er ei liste over fjell i Noreg med størst sekundærfaktor. Sekundærfaktor er eit mål på den horisontale avstanden frå ein fjelltopp til eit punkt som ligg høgare i terrenget. Samanlikna med både dei høgaste fjella i landet og fjella med størst primærfaktor ligg fjella på lista mykje meir jamnt fordelt gjennom landet. Færrast finn ein likevel i den sørlege delen av landet. Vestfold, Rogaland og Oslo er einaste fylke som ikkje er representert.

Galdhøpiggen som høgaste fjell i Noreg og Skandianvia har naturleg nok den største sekundærfaktoren. Denne er på 1570 km, som er avstanden til Tatrafjella i Polen som ligg høgare.

Namn Høgd (moh) S.F. (km) Næraste høgare fjell P.F. (m) Kommune Fylke
1 Galdhøpiggen 2469 1570 Tatrafjella i Polen 2370 Lom Oppland
2 Oksskolten 1916 185 Sarek i Sverige 1380 Hemnes Nordland
3 Jiehkkevárri 1833 140 ved Abisko i Sverige 1740 Lyngen, Tromsø Troms
4 Gaustatoppen 1883 93 Hallingskarvet 950 Tinn Telemark
5 Kvigtinden 1699 92 Oksskolten 1160 Grane, Hattfjelldal Nordland
6 Hermannsdalstinden 1029 89 Kråktindan 1029 Moskenes Nordland
7 Stangenestind 725 88 Juoksavuomgáisá 680 Tana Finnmark
8 Folarskardnuten 1933 86 Hjelledalstind 917 Hol Buskerud
9 Snøhetta 2286 83 Glittertinden 1675 Dovre Oppland
10 Hestkjøltoppen 1390 82 Borgafjällen i Sverige 980 Lierne Nord-Trøndelag
11 Čohkarášša 1139 68 Háldi 800 Porsanger Finnmark
12 Sandfloegga 1721 66 Hardangerjøkulen 540 Odda Hordaland
13 Midtre Sølen 1755 65 Storsølnkletten 1093 Rendalen Hedmark
14 Iškoras 643 64 Stuorra Suoidnoaivi 320 Karasjok Finnmark
15 Møysalen 1262 60 Skittendalstinden 1262 Sortland, Lødingen, Hadsel Nordland
16 Rásttigáisá 1067 59 Ruitogáisá 800 Lebesby, Tana Finnmark
17 Heimdalhaugen 1159 56 Bjørkvasshatten 725 Grong Nord-Trøndelag
18 Torsæterkampen 841 55 Høgfjell 420 Østre Toten Oppland
19 Rondslottet 2178 54 Storstyggesvånåtinden 1220 Folldal, Dovre Hedmark, Oppland
20 Njunis 1717 53 Abisko i Sverige 1300 Målselv Troms
21 Øyensskavlen 687 50 Holemsfjellet 600 Namdalseid Nord-Trøndelag
22 Skipskjølen 636 49 Stangenestind 400 Vadsø, Båtsfjord Finnmark
23 Øksfjordjøkulen 1204 48 Váddásgáissát 1150 Loppa Finnmark
24 Blånibba 1670 47 Snønipa 1460 Bremanger Sogn og Fjordane
25 Ørfjellet 1751 46,5 Nord-Saulo 1060 Saltdal Nordland
26 Sávzavárri 578 46 Digermulfjellet 520 Lebesby, Nordkapp Finnmark
27 Seilandstuva 1078 45 Øksfjordjøkulen 1078 Alta, Hammerfest Finnmark
27 Suliskongen 1907 45 Ryggåsberget i Sverige 1010 Fauske Nordland
29 Heilhornet 1058 44,3 Tjeldviktinden 1050 Bindal Nordland
30 Gråfjell (Norefjell) 1466 44 Borgsjåbrotet 610 Flå, Sigdal Buskerud
31 Gasskatjåhkkå 1517 43 Lináisen 800 Hamarøy, Sørfold Nordland
32 Viglen 1561 42,5 Sålekinna 730 Røros Sør-Trøndelag
33 Riehppegáisá 1337 42 Isfjellet 850 Nordreisa Troms
34 Himmeltindan 964 41 Hermannsdalstinden 964 Vestvågøy Nordland
35 Linnekleppen 325 40 Slavasshøgda 180 Marker, Rakkestad Østfold
36 Háldi 1149 39 Øksfjordjøkelen 620 Alta Finnmark
37 Kjølhaugen 1249 38 Snasahögarna 655 Meråker Nord-Trøndelag
38 Skjelåtinden 1637 37,4 Ørfjellet 970 Beiarn, Meløy Nordland
38 Flisegga 1630 37,4 Nupseggi 420 Vinje Telemark
40 Blægja 1304 36 Søstestylfjellet 963 Askvoll Sogn og Fjordane
41 Borgsjåbrotet 1485 35 Gaustatoppen 330 Nore og Uvdal, Tinn Buskerud
41 Midtiklumpen 1333 35 Hestkjøltoppen 820 Lierne Nord-Trøndelag
41 Forollhogna 1332 35 Håmmålfjell 700 Midtre Gauldal, Holtålen, Os Sør-Trøndelag, Hedmark
41 Tverrfjellet 1209 35 Sølen 545 Engerdal, Trysil Hedmark
41 Bugøynesfjellet 497 35 Falkefjellet 330 Sør-Varanger Finnmark
46 Høgeloft 1920 34 Koldedalstinden 790 Hemsedal, Lærdal Buskerud, Sogn og Fjordane
46 Arnøyhøgda 1168 34 Kvænangstinden 1168 Skjervøy Troms
46 Storfjellet 259 34 Værøy 259 Røst Nordland
46 Kunna (Frøya) 47 34 Skardaheia 47 Frøya Sør-Trøndelag
50 Kleinegga 1960 33 Pyttegga 1100 Nesset Møre og Romsdal
50 Rostafjellet 1590 33 Mattagaisi 1030 Balsfjord, Målselv Troms
50 Spåtind 1414 33 Langsua 470 Etnedal, Nordre Land Oppland
50 Helldalisen 1351 33 Gasskacohkka 1180 Steigen, Sørfold Nordland
50 Higravtinden 1146 33 Møysalen 1146 Hadsel, Vågan Nordland
50 Breitind 1017 33 Sultind 1017 Berg, Lenvik Troms
56 Storen 2403 31 Galdhøpiggen 1010 Luster, Årdal Sogn og Fjordane
56 Storkalkinn 1880 31 Grønliskarstinden 630 Sunndal Møre og Romsdal
56 Geittinden 1556 31 Bessedørtinden 1100 Hattfjelldal, Hemnes, Vefsn Nordland
56 Fongen 1441 31 Nordsylen 670 Meråker, Selbu, Tydal Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag
56 Nystølsvarden 1295 31 Skogshorn 450 Gol Buskerud
61 Gråhø 2014 30 Hestdalshøgdi 985 Lesja Oppland
61 Storsteinsfjellet 1893 30 Kåtotjåkka 1180 Narvik Nordland
61 Hånosi 1836 30 Høgeloft 450 Lærdal Sogn og Fjordane
61 Tronfjellet 1666 30 Storsølnkletten 1010 Alvdal Hedmark
61 Elgspiggen 1604 30 Sølen 780 Rendalen, Tolga Hedmark
61 Skittendalstinden 1306 30 Skjomtind 1160 Skånland Troms
61 Slottet, Fulufjellet 1047 30 Østerfjellet 255 Trysil Hedmark
68 Folgefonna 1662 29 Treshøgdi 1230 Kvinnherad, Odda Hordaland
68 Melkfjellet 1473 29 Okstindene 820 Rana Nordland
68 Urddalsknuten 1434 29 Snjoheinuten 510 Sirdal, Valle Aust-Agder, Vest-Agder
68 Trysilfjellet 1132 29 Eltdalen 590 Trysil Hedmark
68 Vanntinden 1031 29 Soltinden 1031 Karlsøy Troms
68 Lavvoaivi 640 29 Jierstivaara i Finland 210 Kautokeino Finnmark
74 Hårteigen 1690 28 Sandfloegga 480 Ullensvang Hordaland
74 Kvannefjellet 1537 28 Husnuten 630 Tokke Telemark
74 Bjørntoppen 1520 28 Alitoive i Sverige 790 Tysfjord Nordland
74 Elgåhogna 1459 28 Sålekinna 680 Engerdal Hedmark
74 Roan 1191 28 Napuren 795 Fyresdal Telemark
74 Nona 1012 28 Stortinden i Ibestad 1012 Harstad Troms
74 Geitfjellet 872 28 Andørfjellet 640 Grong Nord-Trøndelag
81 Puttegga 1999 27 Gråhø 570 Norddal, Rauma Møre og Romsdal
81 Kjeleelvtinden 1569 27 Kirkestinden 880 Bardu Troms
81 Raisduottarhaldi 1361 27 Isfjellet 500 Nordreisa, Kåfjord Troms
81 Kvænan 967 27 Stormoa 815 Torsken Troms
81 Trollvasstind 800 27 Hornstinden 800 Vega Nordland
86 Lodalskåpa 2083 26 Tverrådalskyrkja 760 Luster, Stryn Sogn og Fjordane
86 Heidalsmuen 1745 26 Russlirundhøe 970 Sel Oppland
86 Mælefjell 1413 26 Brattefjell 980 Seljord Telemark
86 Beahcegealhaldi 1326 26 Riehppegáisá 750 Kvænangen, Nordreisa Troms
86 Langlitinden 1276 26 Spanstinden 1276 Ibestad Troms
86 Store Tromsfjellet 1056 26 Frøyningsfjellet 440 Namssokgan, Røyrvik Nord-Trøndelag
86 Store Blåmann 1044 26 Tromsdalstind 1044 Tromsø Troms
86 Lifjell 776 26 Moldurda 660 Hyllestad Sogn og Fjordane
86 Orrkjølen 641 26 Skreikampen 370 Nord-Odal, Stange Hedmark
95 Stor-Finnkneet 1162 25 Vistkjerringa 730 Vefsn Nordland
95 Hálkavárri 1045 25 Ruitogáisá 610 Porsanger Finnmark
95 Breiliflaka 702 25 Oppkuven 600 Modum Buskerud
98 Snøtinden 1594 24 Skjelåtinden 882 Meløy, Rana Nordland
98 Dårtindan 1346 24 Oksfjelltuva 770 Vefsn Nordland
98 Sætertinden 1098 24 Litletinden 1020 Harstad, Tjeldsund Nordland, Troms

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Toppomania.info som har nytta følgjande kjelder:
    • Norge 1:50 000-kart
    • Kunnskapsforlagets Store Norgesatlas.
    • Norgesglasset til Statkart
    • «Vägatlas över Sverige» og Fjällkartan frå Lantmäteriet
    • «Suomi Finland» av Lantmäteristyrelsen.