Per Arne Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Per Arne Olsen
Per Arne Olsen 2D 3 2E jpg DF0000301292 (crop).jpg
Per Arne Olsen
Foto: Bård Gudim/FrPMedia
Fødd 21. februar 1961
Tønsberg
Per Arne Olsen på Commons

Per Arne Lodding Olsen (fødd 21. februar 1961 i Tønsberg, Vestfold) er ein norsk tidlegare politikar frå Framstegspartiet. Han vart valt inn på Stortinget frå Vestfold fylke i 2009, er andre nestleiar i partiet og har vore ordførar i Tønsberg kommune frå 2003 til 2009.

Frå august 2016 er han fylkesmann i Vestfold.[1]

Stortinget var Olsen medlem av helse- og omsorgskomiteen og av valkomiteen.

Olsen overtok som andre nestformann i sentralstyret i partiet etter John Alvheim. Han var varamedlem i Kringkastingsrådet frå 1998 til 2009 og medlem i styret for Folketrygdfondet frå 1992 til 2009.

Per Arne Olsen har mellom anna jobba som kontorsjef ved hovudkontoret til Framstegspartiet i Oslo og som generalsekretær i Framstegspartiet sin Ungdom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fylkesmann Per Arne Olsen. Fylkesmannen i Vestfold (2016-09-15). Vitja 2018-01-26.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]