Eurovision Song Contest 1974

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurovision Song Contest 1974
Dato
Vertskap
Stad
The Dome
Det britiske flagget Brighton i Storbritannia
Programleiar(ar)
Katie Boyle
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Debuterte
Flag of Greece (1822-1978).svg Hellas
Kart
Røysting
Vinnar
Flagget til Sverige «Waterloo»
Eurovision Song Contest
1973 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 1975
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen

Eurovision Song Contest 1974 (ESC 1974) var den 19. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i The Dome i Brighton i Storbritannia. Finalen fann stad sundag 6. april. Sverige vann konkurransen med songen «Waterloo», framført av ABBAengelsk.

Luxembourg, som vann året før, nekta å arrangere konkurransen for andre året på rad. Avstemminga vart organisert slik at kvart land hadde ti jurymedlemmer, der kvar jurymedlem gav eitt poeng til den songen dei likte best. Sverige vann konkurransen etter å ha motteke 24 poeng, noko som tilsvarer 15 prosent av stemmene.

Frankrike hadde tenkt å delta i konkurransen med songen «La vie à vingt-cinq ans» av Dani, men etter at Frankrikes president, Georges Pompidou, døydde ei veke før finalen og vart gravlagt same dag som konkurransen, såg ein det som upassande å delta. Hellas deltok i konkurransen for fyrste gong dette året. Malta hadde vald Enzo Guzman og songen «Peace in the World» som sitt bidrag, men av ukjende grunnar valde landet å ikkje delta.

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

Finale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
1. Flag of Finland.svg Finland Carita Holmström «Keep Me Warm» Engelsk 13 4
2. Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Olivia Newton-John «Long Live Love» Engelsk 4 14
3. Flag of Spain.svg Spania Peret «Canta y sé feliz» Spansk 9 10
4. Flag of Norway.svg Noreg Anne-Karine Strøm & Bendik Singers «The First Day of Love» Engelsk 14 3
5. Flag of Greece (1822-1978).svg Hellas Marinella «Κρασί, θάλασσα και τ' αγόρι μου»
(«Krasi, Thalasa Ke T' Agori Mu»)
Gresk 11 7
6. Flag of Israel.svg Israel Kaveret «נתתי לה חיי» («Natati La Khayay») Hebraisk 7 11
7. Flag of SFR Yugoslavia.svg Jugoslavia Korni Grupa «Моја генерaција»
(«Moja generacija»)
Serbokroatisk 12 6
8. Flag of Sweden.svg Sverige ABBA «Waterloo» Engelsk 1 24
9. Flag of Luxembourg.svg Luxembourg Ireen Sheer «Bye Bye I Love You» Engelsk, fransk 4 14
10. Flag of Monaco.svg Monaco Romuald Figuier «Celui qui reste et celui qui s'en va» Fransk 4 14
11. Flag of Belgium (civil).svg Belgia Jacques Hustin «Fleur de liberté» Fransk 9 10
12. Flag of the Netherlands.svg Nederland Mouth & MacNeal «I See A Star» Engelsk 3 15
13. Flag of Ireland.svg Irland Tina Reynolds «Cross Your Heart» Engelsk 7 11
14. Flag of Germany.svg Vest-Tyskland Cindy & Bert «Die Sommermelodie» Tysk 14 3
15. Flag of Switzerland.svg Sveits Piera Martell «Mein Ruf nach dir» Tysk 14 3
16. Flag of Portugal.svg Portugal Paulo de Carvalho «E depois do adeus» Portugisisk 14 3
17. Flag of Italy.svg Italia Gigliola Cinquetti «Sì» Italiensk 2 18

Kjelder[endre | endre wikiteksten]