Albumet A Hard Day’s Night

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
A Hard Day’s Night
Studioalbum av The Beatles
Utgjeve 10. juli 1964
Innspelt Abbey Road og Pathé Marconi Studios
29. januar - 3. juni 1964
Sjanger
Lengd 30:30
Selskap Parlophone
PMC 1230 (mono)
PCS 3058 (stereo)
CDP 7 46437 2 (reissue)
Produsent George Martin
Kritikk
The Beatles-kronologi
With The Beatles
(1963)
A Hard Day’s Night Beatles for Sale
(1964)

A Hard Day’s Night er det tredje albumet til The Beatles, gjeve ut 10. juli 1964 som filmmusikken til den første filmen deira med same namn. Albumet kom ut 26. juni 1964 i USA med litt anna innhald.

Albumet er det første til The Beatles der alle songane er originale, og det einaste albumet der alle songane er skrivne av Lennon/McCartney. Albumet inneheld nokre av dei mest kjende songane deira, som tittelsongen (med den særeigne opningsakkorden ein umiddelbart kjenner att) og «Can’t Buy Me Love» som begge vart store hittar på begge sider av Atlanteren. Albumet og filmen viser det klassiske bilete av The Beatles sidan det vart gjeve ut på høgda av Beatlemania.

Side ein av LPen inneheld songar som vart nytta i filmen, medan side to inneheld songar som vart skrive for, men som ikkje var med, i filmen. Dette er òg det første Beatles-albumet som vart spelt inn med firesporsopptakar, som gav gode stereomiksar.

I 2000 plasserte musikkmagasinet Q albumet på femteplass over dei 100 største britiske albuma gjennom tidene.[1] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte albumet på 388. plass over dei 500 største albuma gjennom tidene.[2]

26. februar 1987 vart A Hard Day's Night offisielt gjeve ut på CD i mono. Albumet er enno ikkje gjeve ut i stereo på CD, men fleire av songane finst i stereo på samleplater.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lennon/McCartney

Side ein
# Tittel Lengd
1. «A Hard Day’s Night»   2:34
2. «I Should Have Known Better»   2:46
3. «If I Fell»   2:24
4. «I’m Happy Just to Dance with You»   2:33
5. «And I Love Her»   2:33
6. «Tell Me Why»   2:12
7. «Can’t Buy Me Love»   2:14
Side to
# Tittel Lengd
8. «Any Time at All»   2:13
9. «I’ll Cry Instead»   1:49
10. «Things We Said Today»   2:40
11. «When I Get Home»   2:20
12. «You Can’t Do That»   2:39
13. «I'll Be Back»   2:20

Amerikansk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Den amerikanske utgåva av albumet vart gjeve ut 26. juni 194 av United Artists Records og inneheld sju songar frå filmen, «A Hard Day’s Night», «Tell Me Why», «I’m Happy Just to Dance With You», «I Should Have Known Better», «If I Fell», «And I Love Her» og «Can’t Buy Me Love». Her finst òg «I’ll Cry Instead», som vart skrive for filmen, men i siste liten ikkje nytta likevel. Den amerikanske utgåva inneheld òg fire easy listening-aktige instrumentale versjonar av Lennon/McCartney-songar av George Martin: «I Should Have Known Better», «And I Love Her», «Ringo’s Theme (This Boy)» og «A Hard Day’s Night». Albumet gjekk til topps på Billboard si albumliste, der han låg i heile 14 veker, det lengste dette året.[3]

Den amerikanske utgåva er enno ikkje gjeve ut på CD offisielt.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The 100 Greatest British Albums Ever. Q. Vitja 4. oktober 2008.
  2. The 500 Greatest Albums of All Time. Rolling Stone. Vitja 4. oktober 2008.
  3. Joel Whitburn, Top Pop Albums 1955-2001 (Menomonee Falls, WI: Record Research, 2001), 1178.