It Ain't Me Babe
| «It Ain't Me Babe» song av Bob Dylan frå albumet Another Side of Bob Dylan |
||
| Utgjeve | 1964 | |
| Sjanger | Folk | |
| Lengd | 3:34 | |
| Selskap | Columbia Records | |
| Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
|---|---|---|
| Produsent | Tom Wilson | |
«It Ain't Me Babe» er ein song av Bob Dylan, gjeven ut på albumet hans Another Side of Bob Dylan i 1964.
Opningslinja («Go away from my window...») er visstnok inspirert av musikologen/visesongaren John Jacob Niles-songen «Go 'Way From My Window». Dylan har omtalt Niles som ei av inspirasjonskjeldene sine. Då Bob Dylan spelte dei første elektriske konsertane sine i Forest Hills Tennis Stadium, Carnegie Hall, The Hollywood Bowl og Monterey i 1965 spelte han «It Ain't Me, Babe» med eit elektrisk arrangement.
Innhaldsliste |
Andre utgåver [endre]
|
Go 'way from my window, Bob Dylan
|
Dylan og Johnny Cash var store beundrarar av kvarandre og Cash spelte inn denne songen i lag med kona June Carter. Songen vart gjeven ut på albumet Orange Blossom Special i 1965 og vart ein hit. Same året hadde The Turtles ein hit med songen i 1965. Han nådde åttandeplassen i USA og kom ut på album deira med same namn.
«It Ain't Me Babe» var ein av mange Dylan-songar spelt inn av Joan Baez. Nancy Sinatra spelte songen på albumet hennar Boots i 1966.
Andre utgåver [endre]
- Peter, Paul and Mary på albumet Flowers og Stones (1990).
- Silvertide, for filmmusikken til Lady in the Water.
- Dave Melillo på hyllestalbumet Listen To Bob Dylan (2005).
- New Found Glory (Johnny Cash-utgåva) på From the Screen to Your Stereo Pt. 2.
- Jesse Cook, på Frontiers (2007)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «It Ain't Me Babe» frå Wikipedia på engelsk, den 19. oktober 2009.