Modern Times av Bob Dylan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Modern Times
Studioalbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 29. august 2006
Innspelt Februar 2006
Sjanger Folkrock, blues, rockabilly, americana
Lengd 1:03:04
Selskap Columbia
Produsent Jack Frost (Bob Dylan-pseudonym)
Bob Dylan-kronologi 
Blues
(2006)
Modern Times Dylan
(2007)


Singlar frå Modern Times
  1. «Someday Baby»
    Utgjeve: 29. august 2006

Modern Times er det 32. studioalbumet til Bob Dylan, gjeve ut av Columbia Records 29. august 2006. Albumet var det tredje på rad (etter Time Out of Mind og Love and Theft) som vart særs godt motteke av kritikarane. Som dei førre albuma gjekk dette i retning blues, rockabilly og før-rock-balladar, og vart produsert av Dylan sjølv under pseudonymet «Jack Frost». Sjølv om albumet vart hylla vart det debatt omkring refrenga og arrangementa han hadde nytta frå eldre songar, utan å nemne det nokon stad. I tillegg hadde han lånt fleire tekstlinjer frå diktaren Henry Timrod frå 1800-talet.

Modern Times vart det første albumet av Dylan som gjekk til topps på salslista i USA sidan Desire frå 1976. Det var òg det første av alle albuma hans som debuterte på førsteplassen på Billboard-lista og selde 191 933 eksemplar den første veka. Med ein alder på 65 år vart Dylan då den eldste personen som hadde gått rett inn på førsteplassen på Billboard-lista.[1] Det nådde òg førsteplassen i Canada, Australia, New Zealand, Irland, Danmark, Noreg (totalt 29 veker på lista) og Sveits, og debuterte på andreplass i Tyskland, Austerrike og Sverige. Det nådde tredjeplassen i Storbritannia og hadde seld over fire millionar eksemplar dei første to månadane etter det kom ut.[2] Som med dei to førre albuma inneheld plateomslaget minimalt med info om kven som spelte på det og heller ingen tekstar. I 2012 rangerte magasinet Rolling Stone albumet på 204. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Band og produksjon[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn med turnébandet til Dylan, inkludert bassisten Tony Garnier, trommeslagaren George G. Receli, gitaristane Stu Kimball og Denny Freeman, i tillegg til multi-instrumentalisten Donnie Herron. Dylan produserte albumet under pseudonymet «Jack Frost».

Sjølv om det har blitt marknadsført som den tredje i ein konseptmessig trilogi, som byrja i 1997 med Time Out of Mind, har Dylan sjølv avvist dette. I eit intervju med Rolling Stone sa han at han «ville rekne Love and Theft meir som byrjinga på ein trilogi, om det skal bli ein trilogi.»[3]

Føreventnad[endre | endre wikiteksten]

Som legenda Dylan er og etter dei to særs kritikarroste albuma Time Out of Mind og Love and Theft, var Modern Times særs føreventa då det kom ut. Som med Love and Theft i 2001 let Sony kritikarane få lytte gjennom albumet på førehand, men dei som vart inviterte fekk ikkje løyve til å avsløre nokre detaljar om albumet før det offisielt kom ut.

Modern Times vart lekkja på nettet gjennom forskjellige BitTorrent og nettsider den 21. august 2006, etter at 30 sekundar lange lydklipp vart offisielt sleppte på den offisielle nettsida til Sony. Albumet kom først ut i somme europeiske land (inkludert Tyskland og Irland) den 25. august, i Storbritannia den 28. august og hadde premiere i USA den 28. august på XM Satellite Radio, radiokanalen der Dylan hadde programmet sitt, Theme Time Radio Hour.

Låtskrivarkontrovers[endre | endre wikiteksten]

Kort tid etter albumet kom ut skapte albumet debatt fordi plateomslaget hevda at «alle songane var skrivne av Bob Dylan». Mange av songane på albumet har nemleg røter i kjende, eldre songar. Dylan hadde skrive ny tekst til desse songane.

  • «Thunder on the Mountain» har eit andrevers som er basert på songen «Ma Rainey» av Memphis Minnie. Dylan byta om Alicia Keys og Hell's Kitchen for Ma Rainey og fødestaden hennar i Georgia. Referansen til Keys vart av Rolling Stone oppført som ein av dei ti merkelegaste hyllestene i ein song.[4] Gitarpartia og riffa minnar om Chuck Berry og melodien liknar mest på «Let It Rock[5]
  • «Rollin' and Tumblin'» er ein bluesstandard først spelt inn og kanskje skriven av bluesartisten Hambone Willie Newbern. Eit arrangement som minnar om Dylan sin, men med ein annan tekst, vart ein hit for Muddy Waters, som òg er oppført som låtskrivar på songen. Utanom førsteverset er all teksten i Dylan sin versjon original.
  • «When the Deal Goes Down» er basert på melodien til «Where the Blue of the Night (Meets the Gold of the Day)», ein signaturlåt for Bing Crosby.
  • «Someday Baby» er basert på ein gammal standard som kan sporast attende til «Worried Life Blues», spelt inn av Sleepy John Estes og gjort kjend i versjonar av Lightnin' Hopkins og Muddy Waters. Han vert stundom kalla «Trouble No More», og har ofte Muddy Waters oppført som låtskrivar.
  • Refrenget på «Workingman's Blues» inneheld linja «Meet me at the bottom, don't lag behind, bring me my boots and shoes.» Den uvanlege fraseringa verkar å ha blitt lånt frå cool jazz-songaren June Christy sin song frå 1946, «June's Blues», som har teksten «Meet me in the bottom, bring me my boots and shoes». Dylan har vist at han likar musikken til Christy og har spelt fleire av songane hennar på radioprogrammet sitt.[6] Linja finst òg som «Meet me in the bottom, bring me my running shoes», i Willie Dixon-songen «Down in the Bottom» (som igjen er ein versjon av «Rollin' and Tumblin' »), spelt inn av Howlin' Wolf. Ein liknande variant finst i Big Joe Williams-songen «Meet Me Around the Corner» («Meet me around the corner, bring me my boots and shoes»).
  • «Beyond the Horizon» er basert på songen «Red Sails in the Sunset», skriven av Jimmy Kennedy og Hugh Williams i 1935 med same melodi og grunnstruktur.
  • «Nettie Moore» har tittelen og noko av refrenget frå «Gentle Nettie Moore» av Marshall Pike og James Lord Pierpont, komponisten av «Jingle Bells», men melodien og teksten til Dylan er elles ikkje mogeleg å kjenne att, sjølv om songen deler eit rim med «Moonshiner», ein tradisjonell folkesong som Dylan spelte inn i 1963: «They say whiskey will kill ya, but I don't think it will» samanlikna med «If whiskey don't kill me, I don't know what will.»
  • «The Levee's Gonna Break» er basert på «When the Levee Breaks» av Kansas Joe McCoy og Memphis Minnie. Han er tidlegare blitt spelt av rockeartistar som Led Zeppelin. Songane har òg vore i offentleg eige sidan 2004.
  • «Ain't Talkin'» har refrenget sitt frå den meir livleg «Highway of Regret» av The Stanley Brothers. Teksten i første verset verkar å vere henta frå «As I Roved Out», ein tradisjonell irsk song.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic89/100[7]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[8]
The A.V. ClubA[9]
Entertainment WeeklyA[10]
The Guardian4/5 stars[11]
Mojo4/5 stars[12]
MSN MusicA+[13]
Pitchfork8.3/10[14]
Q4/5 stars[15]
Rolling Stone5/5 stars[16]
Uncut5/5 stars[17]

Responsen til Modern Times frå musikkritikarane var særs positiv. På Metacritic som samlar mange meldingar, har Modern Times fått 89 av 100 poeng som gjer at albumet er blant dei 100 mest hylla albuma på sida.[18] Rolling Stone gav albumet fem av fem stjerner og kritikaren Joe Levy kalla det «det tredje meisterverket på rad»,[16] medan Uncut kalla det «ein direkte og dristig oppfølgjar» til Love and Theft.[17] Robert Christgau frå Blender skildra det som «oppsiktsvekkande [og utstrålande] har han den observante roa til dei gamle meistrane som har sett nok av livet til å vere klar for kva som helst — Yeats, Matisse, Sonny Rollins».[19] Jody Rosen i nettmagasinet Slate var samd og kalla Modern Times «eit betre album enn Time Out of Mind og sjølv den majestetiske Love and Theft, som i mitt syn gjer dette til det beste Dylan-albumet sidan Blood on the Tracks».[20]

Alexis Petridis frå The Guardian likte Modern Times, men meinte at det ikkje var «eit av desse sjeldne, utvilsamt fantastiske Dylan-albuma» og gjorde narr av den overdådige rosen albumet fekk og skriv: «Det er vanskeleg å høyre musikken på Modern Times over den den uungåelege ståande ovasjonen og jubel frå mellomaldrande kritikarar som dånar av ærefrykt.»[11] Jim DeRogatis frå Chicago Sun-Times likte tekstane, men meinte musikken var slapp, og skreiv at «med unntak av sistesporet 'Ain't Talkin', ein av dei skumlaste songane han har skrive, skuffar Dylan med sin uforklarlege kjærleik for svermande balladar frå 1930- og 1940-åra».[21] Somme kritikarar som likte albumet var kritiske til musikaliteten, som Greg Kot i Chicago Tribune,[22] og Jon Pareles i The New York Times, som skreiv at «på scenen overladar ofte turnébandet til Mr. Dylan songane hans. Men på Modern Times spelar musikarane som om dei berre føler seg på veg inn i melodiane.»[23]

Den kanskje suraste meldinga kom frå Ron Rosenbaum. I New York Observer skreiv han at Modern Times «eit særs overvurdert vonbrot... Det nye albumet er kanskje det verste sidan Self Portrait, med songar som sjeldan stig over det lågaste nivået til Dylan- og alle verkar redde for å sei det.»[24]

Modern Times vart det tredje Dylan-albumet på rad som toppa kritikarlista i The Village Voice, Pazz & Jop, etter Time Out of Mind og Love and Theft.[25] Albumet toppa òg Rolling Stone si liste over dei 50 beste albuma i 2006,[26] og vart sidan rangert på åttandeplassen på magasinet si liste over dei 100 beste albuma i 2000-åra.[27] Under Grammyprisutdelinga i 2007 vann Dylan prisen for beste moderne folk/americana-album for Modern Times og beste solo rockesong for «Someday Baby».[28]

Plateomslag og versjonar[endre | endre wikiteksten]

På grunn av lengda på songane vart heile albumet gjeve ut på to LP-ar.

Biletet på omslaget er Ted Croner sitt fotografi frå 1947, Taxi, New York at Night. Biletet vart tidlegare nytta som plateomslag av bandet Luna for singelen «Hedgehog/23 Minutes in Brussels» i 1995.[29][30]

Albumet kom ut i både standard og avgrensa utgåver, og ei spesialutgåve kom med ein bonus-DVD med fire musikkvideoar av Dylan. DVD-en inneheld «Blood in My Eyes» (promovideo), «Love Sick» (konsertopptak frå Grammyprisutdelinga i 1998), «Things Have Changed» (promovideo) og «Cold Irons Bound» (video frå Masked and Anonymous).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan.

Nr.TittelLengd
1.«Thunder on the Mountain»5:55
2.«Spirit on the Water»7:41
3.«Rollin' and Tumblin'»6:02
4.«When the Deal Goes Down»5:04
5.«Someday Baby»4:56
6.«Workingman's Blues #2»6:07
7.«Beyond the Horizon»5:36
8.«Nettie Moore»6:53
9.«The Levee's Gonna Break»5:43
10.«Ain't Talkin'»8:48
Total lengd:63:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande
Teknisk personell

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2006) Plassering
Australia[31] 1
Austria[31] 2
Canada 1
Danmark[31] 1
Nederland [31] 3
Finland[31] 3
Frankrike[31] 17
Tyskland[31] 2
Irland[31] 1
Italia[31] 2
New Zealand [31] 1
Noreg[31] 1
Polen[31] 30
Portugal[31] 12
Spania[31] 5
Sverige[31] 2
Sveits[31] 1
UK[31] 3
US Billboard 200 [31] 1

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[32] Platina 70 000^
Canada (Music Canada)[33] Platina 100 000^
Tyskland (BVMI)[34] Gull 100 000^
Irland (IRMA)[35] Platina 15 000x
Sveits(IFPI Switzerland)[36] Gull 15 000x
Storbritannia (BPI)[37] Platina 300 000^
USA (RIAA)[38] Platina 1,010,000[39]^
Verda (IFPI) N/A 4 000 000[40]

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bob Dylan gets his first number one for 30 years». NME (NME.com). 
  2. «Modern Times | The Official Bob Dylan Site», www.bobdylan.com, henta 29. desember 2018 
  3. Lethem, Jonathan (7. september 2006). «The Genius of Bob Dylan». Rolling Stone. s. 6. Arkivert frå originalen 3. mai 2009. Henta 18. desember 2018. 
  4. «Ten Weirdest Shoutouts». Rolling Stone. 9. juli 2007. Arkivert frå originalen 3. august 2011. Henta 18. desember 2018. 
  5. «The Review by Ron Brown, published Sep. 21, 2006». Newreviewsite.com. 21. september 2006. Arkivert frå originalen 13. oktober 2012. Henta 18. desember 2018. 
  6. BobDylan.com page: «Theme Time Radio Hour – Seasons 1 & 2».
  7. «Reviews for Modern Times by Bob Dylan». Metacritic. Henta 6. desember 2015. 
  8. Jurek, Thom. «Modern Times – Bob Dylan». AllMusic. Henta 18. desember 2018. 
  9. Phipps, Keith (6. september 2006). «Bob Dylan: Modern Times». The A.V. Club. Henta 18. desember 2018. 
  10. Gilbert, Pat (28. august 2006). «Modern Times». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 1. september 2006. Henta 18. desember 2018. 
  11. 11,0 11,1 Petridis, Alexis (25. august 2006). «Bob Dylan, Modern Times». The Guardian. Henta 18. desember 2018. 
  12. Harris, John (October 2006). «Justified and ancient». Mojo (155): 94. 
  13. Christgau, Robert (December 2006). «Consumer Guide». MSN Music. Henta 18. desember 2018. 
  14. Petrusich, Amanda (29. august 2006). «Bob Dylan: Modern Times». Pitchfork. Henta 18. desember 2018. 
  15. Aizlewood, John (October 2006). «In The Pink». Q (243): 114. 
  16. 16,0 16,1 Levy, Joe (14. august 2006). «Modern Times». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. desember 2017. Henta 18. desember 2018. 
  17. 17,0 17,1 Hasted, Nick (September 2006). «Bob Dylan: Modern Times». Uncut (112): 72. 
  18. «Music High and Low Scores». Metacritic. Henta 18. desember 2018. 
  19. Christgau, Robert (September 2006). «Still Blowin'». Blender (51). Henta 1. juni 2016. 
  20. Rosen, Jody (30. august 2006). «Bob Dylan's Make-Out Album». Slate. Henta 18. desember 2018. 
  21. DeRogatis, Jim (27. august 2006). «Dylan bringing it all back again». Chicago Sun-Times. Henta 18. desember 2018. 
  22. Kot, Greg (27. august 2006). «Wry, warm Dylan on 'Modern Times'». Chicago Tribune. Henta 18. desember 2018. 
  23. Pareles, Jon (20. august 2006). «The Pilgrim’s Progress of Bob Dylan». The New York Times. Henta 18. desember 2018. 
  24. «Modern Times». Warehouse Eyes. Arkivert frå originalen 4. desember 2018. Henta 18. desember 2018. 
  25. «The 2006 Pazz & Jop Critics Poll». The Village Voice. 6. februar 2007. Henta 1. juni 2016. 
  26. «Rolling Stone‘s Best Albums of '06». Stereogum. 14. desember 2006. Henta 18. desember 2018. 
  27. «100 Best Albums of the 2000s: Bob Dylan, 'Modern Times'». Rolling Stone. 18. juni 2011. Arkivert frå originalen 25. mai 2012. Henta 18. desember 2018. 
  28. «GRAMMY.com». Web.archive.org. Arkivert frå originalen 6. januar 2011. Henta 18. desember 2018. 
  29. Dansby, Andrew (1. mai 2009). «Bob Dylan's album covers sometimes just as powerful as his songs». Houston Chronicle. Henta 18. desember 2018. 
  30. Goodman, Elizabeth (21. september 2006). «Bob Dylan: Secret Luna Fan?». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 6. april 2008. Henta 18. desember 2018. 
  31. 31,00 31,01 31,02 31,03 31,04 31,05 31,06 31,07 31,08 31,09 31,10 31,11 31,12 31,13 31,14 31,15 31,16 31,17 «Bob Dylan: Modern Times». aCharts. Henta 18. september 2012. 
  32. «ARIA Charts – Accreditations – 2014 Albums». Australian Recording Industry Association. 
  33. «Canadian album salstrofé – Bob Dylan – Modern Times». Music Canada. 
  34. «Gold-/Platin-Datenbank (Bob Dylan; 'Modern Times')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  35. «Irish album salstrofé – Bob Dylan – Modern Times». Irish Recorded Music Association. 
  36. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Bob Dylan; 'Modern Times')». Hung Medien. 
  37. «British album salstrofé – Bob Dylan – Modern Times». British Phonographic Industry.  Enter Modern Times in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  38. «American album salstrofé – Bob Dylan – Modern Times». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  39. https://www.villagevoice.com/2012/01/18/pazz-jops-album-results-get-soundscanned/
  40. http://bobdylan.com/albums/modern-times/


Føregangar
Hallelujah - Live
Kurt Nilsen, Espen Lind, Askil Holm & Alejandro Fuentes
Toppen av VG-lista
Bob Dylan

1 veke, veke 35–2006
Etterfylgjar
Hallelujah - Live
Kurt Nilsen, Espen Lind, Askil Holm & Alejandro Fuentes