The Bootleg Series Vol. 6: Bob Dylan Live 1964, Concert at Philharmonic Hall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Bootleg Series Vol. 6: Bob Dylan Live 1964, Concert at Philharmonic Hall
Konsertalbum av Bob Dylan
Utgjeve 30. mars 2004
Innspelt 31. oktober 1964
Sjanger Folk, Folkrock
Lengd 1:44:12
Selskap Columbia
Produsent Jeff Rosen
Steve Berkowitz
Kritikk
Bob Dylan-kronologi
The Bootleg Series Vol. 5
(2002)
The Bootleg Series Vol. 6: Bob Dylan Live 1964, Concert at Philharmonic Hall The Bootleg Series Vol. 7
(2005)

The Bootleg Series Vol. 6: Bob Dylan Live 1964, Concert at Philharmonic Hall er ei komplett innspeling av Halloween-konserten til Bob Dylan den 31. oktober 1964 i Philharmonic Hall i New York. Konserten vart gjeven ut på plate i 2004.

Setlista er dominert av protestsongane til Dylan, som «The Times They Are a-Changin'», «A Hard Rain’s a-Gonna Fall» og «The Lonesome Death of Hattie Carroll». Joan Baez, som var ein viktig støttespelar for Dylan dei første åra i karrieren hans, song duett med Dylan på tre songar, samt at ho song ein song aleine. Dylan spelte desse songane i lag med tidlege utgåve av tre songar som seinare kom med på Bringing It All Back Home. Nye songar som «It’s Alright Ma (I’m Only Bleeding)» og «Mr. Tambourine Man» synte at Dylan var på veg i ei ny retning som bar mindre preg av samfunnsmessig og aktuelle emne.

Albumet gjekk inn på 28. plass på albumlista i USA og nådde 33. plass i Storbritannia og 12. plass i Noreg.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan, bortsett frå den tradisjonelle «Silver Dagger». 

Disk 1
# Tittel Lengd
1. «The Times They Are a-Changin'»   03:29
2. «Spanish Harlem Incident»   03:07
3. «Talkin' John Birch Paranoid Blues»   04:06
4. «To Ramona»   06:01
5. «Who Killed Davey Moore?»   04:46
6. «Gates of Eden»   08:32
7. «If You Gotta Go, Go Now (Or Else You Got to Stay All Night)»   04:06
8. «It's Alright, Ma (I'm Only Bleeding)»   11:26
9. «I Don't Believe You (She Acts Like We Never Have Met)»   04:01
10. «Mr. Tambourine Man»   06:33
Disk 2
# Tittel Lengd
11. «A Hard Rain's a-Gonna Fall»   07:44
12. «Talkin' World War III Blues»   05:52
13. «Don't Think Twice, It's All Right»   04:34
14. «The Lonesome Death of Hattie Carroll»   06:57
15. «Mama, You Been on My Mind» (med Joan Baez) 03:35
16. «Silver Dagger» (med Joan Baez) 03:47
17. «With God on Our Side» (med Joan Baez) 06:17
18. «It Ain't Me, Babe» (med Joan Baez) 05:11
19. «All I Really Want to Do»   04:01

Medverkande[endre | endre wikiteksten]