Highway 61 Revisited

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Highway 61 Revisited
Studioalbum av Bob Dylan
Sjanger Rock, folkrock, bluesrock
Lengd 51:26
Selskap Columbia
Produsent Bob Johnston (bortsett frå «Like a Rolling Stone» - Tom Wilson)
Kritikk
Bob Dylan-kronologi
Bringing It All Back Home
(1965)
Highway 61 Revisited Blonde on Blonde
(1966)

Highway 61 Revisited er det sjette studioalbumet til Bob Dylan og kom ut i august 1965 på Columbia Records. Det er det første Dylanalbumet som berre består av elektriske musikk, etter at berre halve Bringing It All Back Home hadde vore elektrisk og den andre halvdelen akustisk. Albumet vert ofte sagt å dokumentere «den sinte, unge mannen»-perioden i karrieren til Dylan, og kom innimellom dei meir leikne albuma på denne tida. Mange av songane på Highway 61 Revisited er anklagande i ein primitiv, høglytt stil.

På albumet finn ein kjende songar som «Like a Rolling Stone», «Desolation Row», «Highway 61 Revisited» og «Ballad of a Thin Man», og vert av mange rekna for å vere det beste og viktigaste albumet hans. Dylan sjølv har sagt, «eg vil aldri klare å lage eit betre album enn det... Highway 61 er berre altfor bra. Det er mykje på det albumet som sjølv eg kunne lytta til».[1]

Albumet nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard-lista og fjerdeplassen i Storbritannia, medan «Like a Rolling Stone» nådde andreplassen i USA og fjerdeplassen i Storbritannia. Denne songen vart òg kåra til den beste på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. I tillegg til finn ein «Desolation Row» og songen «Highway 61 Revisited» på denne lista, på respektive 185. og 364. plass. Albumet sjølv vart rangert på 4. plass av magasinet på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Highway 61[endre | endre wikiteksten]

Då Dylan skreiv albumet gjekk Highway 61, stundom kalla «Bluesvegen» eller «the Blues Highway» frå New Orleans gjennom Memphis og frå Iowa gjennom Duluth (fødestaden til Dylan) til den kanadiske grensa. Songen er ofte nemnd i bluessongar, mellom anna Mississippi Fred McDowell sin «61 Highway» og James «Son» Thomas sin «Highway 61». Bessie Smith døydde i ei bilulukke på denne vegen, og det var her Robert Johnson i følgje segna skal ha seld sjela si til djevelen ved krysset mellom Highway 61 og Highway 49 (som i seg sjølv er emne i ein Howlin' Wolf-song); Elvis Presley voks opp langs vegen og Martin Luther King, Jr. vart seinare myrda på eit motell like ved vegen.

«Mykje stor, grunnleggande amerikansk kultur kom langs denne vegen og opp elva like ved», fortalde Robert Shelton BBC ein gong. «Og som tenåring reiste Dylan denne vegen på radio. Highway 61 vart, trur eg, eit symbol for han for fridom, eit symbol for rørsle, eit symbol for sjølvstende og ein sjanse til å kome seg bort frå eit liv han ikkje ønskte i Hibbing

Då «Like a Rolling Stone» var ferdig i midten av juni 1965 vart resten av albumet produsert med ein annan produsent, Bob Johnston, i løpet av fire dagar, kort tid etter den legendariske konserten til Dylan på Newport Folk Festival i 1965. Under desse innspelingane spelte Dylan òg inn singelen «Positively 4th Street», som ikkje er med på albumet.

Newport Folk Festival[endre | endre wikiteksten]

Før Dylan spelte songane eller var ferdig med å skrive dei, spelte han ein historisk konsert på Newport Folk Festival. Her spelte han to sett. Det første var eit akustisk sett ein laurdag ettermiddag på ei arbeidsgruppe for låtskrivarar. Men konserten vart korta ned då han aleine trekte til seg for mykje merksemd.[2]

Det andre settet spelte Dylan elektrisk, og vart møtt med både jubel og buing frå publikum. Dylan forlet scenen etter berre tre songar. Soga har ofte vorte fortalt slik at folk bua fordi Dylan spelte elektrisk gitar og musikk, medan dei hadde venta seg akustiske folkeviser. Andre fortel derimot at publikum bua fordi lyden var særs dårleg og at Dylan berre spelte tre songar.[2] Dylan kom derimot tilbake på scenen og spelte to akustiske nummer, «It's All Over Now, Baby Blue» og «Mr. Tambourine Man», som begge vart godt mottekne.[1]

Uansett kva årsaka til buinga var, førte den nye stilen til Dylan til heftig debatt i visemiljøet.[3] I følgje rockejournalisten Andy Gill var dei «gamle visesongarane framleis for opptekne med å syngje 'The Times They Are A-Changin'' til å skjøne kor mykje tidene faktisk hadde endra seg.».[1]

Innspelinga[endre | endre wikiteksten]

I 1964 og 1965 hadde Dylan skrive ei bok, Tarantula, som ikkje vart gjeven ut før i 1971. Eit stykke frå boka vart opphavet til ein song. Som Dylan fortalte i 1966, «eg oppdaga at eg sat og skreiv på denne songen, denne soga, dette lange stykket om spy på om lag tjue sider, og ut av dette tok eg 'Like A Rolling Stone'...Etter å ha skrive den var eg ikkje lenger interessert i å skrive ein roman, eller eit teaterstykke»[4]

Det originale tjue sider lange manuskriptet har av biografen Clinton Heylin vorte skildra som «ein haug med ord som var dårleg sett saman og kva retning det tok var ikkje godt å sei»[5] Dylan skreiv det ned til ti sider. Dylan: «Det hadde ikkje noko namn, berre ei rytmisk sak på papiret som omhandla eit solid hat, rett mot eit punkt som var ærleg»[1]

Då Dylan følte stykket var klart til innspeling, samla han og Tom Wilson eit band. På sologitar fekk Dylan inn ein gammal bekjent, Michael Bloomfield, som han hadde møtt eit par gonger tidlegare, og som han hadde jamma med i Chicago i april 1963. I 1965 var han sologitarist i Paul Butterfield Blues Band, eit kritikarrost amerikansk bluesrockband. Dylan kontakta Bloomfield og inviterte han til Woodstock i New York. «Eg hadde ikkje ein gong ein gitarkasse», fortel Bloomfield, «eg hadde berre Telecasteren min. Og Bob henta meg på busstasjonen og køyrte meg heim til dette huset der han budde ... han lærte meg desse songane, 'Like A Rolling Stone,' og alle songane frå and alle songane frå Highway 61 Revisited, og han sa, 'Eg ville ikkje at du skal spele B. B. King-liknande gitar, ikkje noko av det standard blues-greiene, eg vil at du skal spele noko anna.' Så me testa litt forskjellig og eg fann til slutt fram til noko han likte ... han spelte i rare durar (som meir høvde for keyboard) som han alltid gjer, berre på dei svarte tangentane på pianoet.»[6]

Fleire dagar seinare, den 15. juni, gjekk Dylan i studio i Columbia's Studio A i New York. I tillegg til Bloomfield, hadde Dylan og Wilson fått med seg pianisten Frank Owens, bassisten Russ Savakus og trommeslagar Bobby Gregg. Med var òg Al Kooper, ein ung gitarist invitert av Wilson for å sjå og lære, men som ønskte å spele gitar på innspelinga. Sidan Bloomfield var flinkare, trekte Kooper seg tilbake til kontrollrommet.

Dylan og bandet hans spelte inn tre songar, den nye songen «Phantom Engineer» (seinare innspelt på ny og gjeve ut som «It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry»), ein song han hadde att frå Bringing It All Back Home-innspelinga kalla «Sitting on a Barbed Wire Fence» og «Like a Rolling Stone». Det vart gjort fleire mislukka forsøk på «Phantom Engineer» og «Sitting on a Barbed Wire Fence» før Dylan gav i veg med «Like a Rolling Stone».

Etter fleire mislukka forsøk ville Dylan nytte både piano og orgel på «Like a Rolling Stone». Kooper laug og sa han hadde eit «flott orgelparti» og Dylan inviterte han inn på orgelet.

Wilson var klar over at Kooper ikkje hadde særleg erfaring med elektrisk orgel, men let han likevel få sleppe til. I følgje Kooper sjølv i Martin Scorsese-dokumentaren No Direction Home: Bob Dylan, «følte han seg gjennom akkordendringane som ein liten gut som leiter etter lysbrytaren i mørket». Kooper var så usikker at han medvite spelte ein åttandedelsnote bak takten for å sikre at han ikkje spelte feil akkordar. Etter at dei hadde spelt gjennom songen, gjekk dei alle inn i kontrollrommet for å høyre gjennom opptaket. Halvvegs gjennom opptaket spurte Wilson Dylan om orgelsporet og Dylan bad han skru opp volumet. Dylan likte det han høyrte og hadde no fått ideen den gospel-inspirerte orgelintroduksjonen.

Alle opptaka frå den 15. juni vart vraka, men danna grunnlaget for resten av innspelinga. Dylan og bandet hans kom tilbake til Studio A dagen etter, og heile dagen vart meir eller mindre via til «Like a Rolling Stone» og Kooper spelte igjen orgelparten sin. Det fjerde opptaket vart til slutt vald som den endelege albumutgåva, men Dylan og bandet spelte inn elleve opptak før dei gjorde ei utveljing.

Sjølv om han vart spelt inn for singelutgjeving, valde Dylan å ta han med på albumet. Dylan hadde ikkje fleire songar og valde å reise til den nye heimen sin i Byrdcliffe, nord i New York ein månads tid for å skrive nye songar.

Fire dagar etter Newport Folk Festival, den 29. juli 1965, gjekk Dylan i Studio A og heldt fram arbeidet med det neste albumet. Han hadde med seg det same bandet som førre gong (pianisten Paul Griffin var òg med), men av ukjende årsaker kom ikkje Tom Wilson tilbake. Han vart i staden erstatta av Columbia-produsenten Bob Johnston, som hadde ønska å jobbe med Dylan.

Den første dagen omhandla tre songar. Etter å ha eksperimentert med forskjellige toneartar og tempo, vart dei ferdige med «Tombstone Blues», «It Takes a Lot to Laugh» og «Positively 4th Street». Sistnemnte vart berre gjeven ut som singel.

Dagen etter vart det òg spelt inn tre songar. «From a Buick 6» vart gjort ferdig for albumet, men det meste av dagen gjekk med til «Can You Please Crawl Out Your Window?». Dylan var ikkje nøgd med resultatet og la songen på hylla til seinare. Han vart spelt inn på nytt fleire månader seinare. Eit «alternativ» opptak frå denne dagen, med klokkespel, vart ved eit uhell gjeve ut som singel med namnet «Positively 4th Street».[7]

Dei neste to dagane brukte Dylan mykje tid på å skrive ned akkordar for dei gjenverande seks songane som ikkje var spelt inn enno i lag med Harvey Brooks som tok over på bass for Russ Savakus. Innspelinga av albumet heldt fram i Studio A den 2. august, denne gongen med Sam Lay på trommer den første tida og Gregg seinare.[8][9] «Highway 61 Revisited» er derfor den einaste songen på albumet som Lay spelar på.[10] «Highway 61 Revisited», «Just Like Tom Thumb's Blues», «Queen Jane Approximately» og «Ballad of a Thin Man» vart alle spelt inn og vald ut for albumet.[11][12][13]

Den siste innspelingsdagen var 4. august i Studio A. Det meste av innspelinga var via til å gjere «Desolation Row» ferdig og det vart prøvd ut forskjellige variantar og arrangement. Han vart til slutt spelt inn med berre to akustiske gitarar. I følgje Johnston og Kooper vart gitaristen Charlie McCoy flydd inn frå Nashville for å spele med Dylan på songen. Dei spelte inn sju opptak og det sjette og sjuande opptaket vart spleist i lag for den endelege utgåva på albumet.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Fleire år seinare skreiv Dave Marsh at Highway 61 Revisited var eit av dei beste albuma til Dylan og eit av dei største i rockehistoria. Lesarundersøkingar i seinare år har ofte plassert albumet høgt oppe. I 1995 vart albumet kalla det femte største gjennom tidene i magasinet Mojo. I 1998 kåra lesarane i Q albumet til det 57. største gjennom tidene, og ei tilsvarande undersøking av TV-kanalen VH1 plasserte albumet på 22. plass i 2001. På lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene kom Highway 61 Revisited på 4. plass. Ei tilsvarande liste frå magasinet over dei 500 største songane gjennom tidene, var tre songar frå albumet på lista, «Highway 61 Revisited» på 364. plass, «Desolation Row» på 185. plass og «Like a Rolling Stone» på førsteplass.

Clinton Heylin skreiv at det var «eit album som samla alt 'Like A Rolling Stone' (og Bringing It All Back Home) tilbydde ... ei blanding av alle typar amerikansk popmusikk frå 'Gypsy Davey' til the Philly Sound.»[14]

Albumet hadde stor innverknad på andre musikarar på denne tida og oppnådde større kommersiell suksess enn tidlegare då singlane «Like a Rolling Stone» og «Positively 4th Street» førte han ut til eit større publikum. Kontroversen som Newport førte med seg følgde Dylan ut 1965, men han hadde ingen intensjonar om å vende attende til folkevisene.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Like a Rolling Stone»   6:09
2. «Tombstone Blues»   5:58
3. «It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry»   4:09
4. «From a Buick 6»   3:19
5. «Ballad of a Thin Man»   5:58
Side to
# Tittel Lengd
6. «Queen Jane Approximately»   5:31
7. «Highway 61 Revisited»   3:30
8. «Just Like Tom Thumb's Blues»   5:31
9. «Desolation Row»   11:21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Andy Gill, Classic Bob Dylan 1962-69: My Back Pages. Carlton, 1998, s.79-91. ISBN 1-98568-481-1.
  2. 2,0 2,1 Q Dylan Special Collector's Edition. Emap, Oktober 2000, S.45-48.
  3. Robert Shelton, No Direction Home. Da Capo Press, 2003, s.305-314. ISBN 0-306-81287-8.
  4. Quoted in Heylin, Clinton (2003). Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 198. HarperCollins. ISBN 0-06-052569-X.
  5. Heylin (2003), s. 198.
  6. Larry Sloman On The Road With Bob Dylan of 1978. s. 286-297 (2002)
  7. Searching For A Gem
  8. Heylin, C. (2009). Revolution in the Air. s. 259. 
  9. Irwin, C. (2008). Bob Dylan Highway 61 Revisited. s. 178. ISBN 978-0823083985. 
  10. Gill, A. (1998). Don't Think Twice It's All Right. s. 88. ISBN 9781560251859. 
  11. Polizzotti, M. (2006). Highway 61 Revisited. s. 145. ISBN 978-0-8264-1775-6. 
  12. Irwin, C. (2008). Bob Dylan Highway 61 Revisited. ss. 163-190. ISBN 978-0823083985. 
  13. Heylin, C. (1995). Bob Dylan: The Recording Sessions 1960-1994. s. 40. ISBN 0-312-15067-9. 
  14. Heylin (2003), s. 221.