Tempest av Bob Dylan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tempest
Studioalbum av Bob Dylan
Utgjeve 10. september 2012
Innspelt januar–mars 2012 iGroove Masters Studios i Santa Monica i California
Sjanger Rock, folkrock
Lengd 68:31
Selskap Columbia
Produsent Bob Dylan
Kritikk
Bob Dylan-kronologi
Christmas in the Heart
(2009)
Tempest

Tempest er det 35. studioalbumet til den amerikanske songaren og låtskrivaren Bob Dylan, og kom ut 10. september 2012 på Columbia Records.[5][6]

Rolling Stone rapporterte at den fjorten minuttar lange «Tempest» handlar om RMS «Titanic» og inneheld referansar til James Cameron-filmen Titanic (1997). Songen «Roll on John» er ein hyllest til John Lennon, med referansar til somme av songane hans som The Beatles sine «Come Together» og «A Day in the Life».[7]

Albumtittelen førte opphavleg til rykte om at det kom til å bli det siste albumet til Dylan sidan det har same tittel som det siste skodespelet til Shakespeare, The Tempest. Dylan avkrefta seinare seinare ryktet.[8]

Albumet fekk generelt særs bra kritikk då det kom ut og Rolling Stone gav det full pott og kalla det «musikalsk variert og fult av skruballar» og «det mørkaste albumet i katalogen til Dylan.»[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan, utanom der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «Duquesne Whistle» (Dylan, Robert Hunter) 5:43
2. «Soon After Midnight»   3:27
3. «Narrow Way»   7:28
4. «Long and Wasted Years»   3:46
5. «Pay in Blood»   5:09
6. «Scarlet Town»   7:17
7. «Early Roman Kings»   5:16
8. «Tin Angel»   9:05
9. «Tempest»   13:54
10. «Roll on John»   7:25

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Bob Dylan – gitar, tangentinstrument, piano, vokal
  • Tony Garnier – bass
  • George G. Receli – trommer
  • Donnie Herron – steel gitar, banjo, fiolin, mandolin
  • Charlie Sexton – gitar
  • Stu Kimball – gitar
  • David Hidalgo – gitar, trekkspel, fiolin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.vg.no/musikk/artikkel.php?artid=10060567 VG
  2. Brunner, Ron (September 5, 2012), Tempest (2012), Entertainment Weekly, http://www.ew.com/ew/article/0,,20627118,00.html, henta September 7, 2012 
  3. Gamboa, Glenn (September 7, 2012). «Bob Dylan's 'Tempest' review». Newsday. http://www.newsday.com/entertainment/music/bob-dylan-s-tempest-review-1.3967213. Henta September 7, 2012. 
  4. Christgau, Robert (September 11, 2012). «Bob Dylan: Tempest (Columbia)». MSN Entertainment. http://social.entertainment.msn.com/music/blogs/expert-witness-blog.aspx. Henta 12. september 2012. 
  5. «Tempest Press Release | The Official Bob Dylan Site». bobdylan.com. July 17, 2012. http://www.bobdylan.com/us/tempest-press-release. Henta 12. september 2012. 
  6. «Bob Dylan announces new studio album 'Tempest' | News». NME. July 17, 2012. http://www.nme.com/news/bob-dylan/64964. Henta 12. september 2012. 
  7. Greene, Andy (July 17, 2012). «First Details of Bob Dylan's Upcoming Album 'Tempest' | Music News». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/news/first-details-of-bob-dylans-upcoming-album-tempest-20120717. Henta 12. september 2012. 
  8. Gilmore, Mikal (August 1, 2012). «Bob Dylan on His Dark New Album, 'Tempest'». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/news/bob-dylan-on-his-dark-new-album-tempest-20120801. Henta 12. september 2012. 
  9. Hermes, Will (August 30, 2012). «Tempest». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/albumreviews/tempest-20120830. Henta September 3, 2012.