Shot of Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shot of Love
Studioalbum av Bob Dylan
Utgjeve 10. august 1981
Innspelt Mars til mai 1981
Sjanger Gospelrock
Lengd 40:15
Selskap Columbia
Produsent Chuck Plotkin, Bob Dylan
med Bumps Blackwell på «Shot of Love»"
Kritikk

Shot of Love er det 21. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records i august 1981.

Det vert generelt rekna for å vere det siste av dei opent religiøse, kristne albuma til Dylan. Det var òg det første sidan han vart gjenfødd som fokuserte på verdslege tema, frå enkle kjærleikssongar til ein ode til den avdøde komikaren Lenny Bruce. Arrangementa har meir røter i rock'n'roll, og til mindre grad i gospel enn dei to føregåande albuma til Dylan.

Då albumet kom ut fekk det blanda kritikk. Paul Nelson i Rolling Stone var særleg hard mot albumet, men peikte ut det siste sporet, «Every Grain Of Sand», som strålande. Albumet nådde sjetteplass i Storbritannia, men i USA selde Dylan stadig dårlegare. Albumet nådde 33. plass og låg ei kort stund på albumlista.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan. 

# Tittel Lengd
1. «Shot of Love»   4:18
2. «Heart of Mine»   4:29
3. «Property of Jesus»   4:33
4. «Lenny Bruce»   4:32
5. «Watered-Down Love»   4:10
6. «Dead Man, Dead Man»   3:58
7. «In the Summertime»   3:34
8. «Trouble»   4:32
9. «Every Grain of Sand»   6:12

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]